Til sjuande og sist må alle krigar og konfliktar få politiske løysingar. Ein løyser ingen problem ved å la vere å snakke saman. Mi meining er difor at det er bra om Norge kan ha dialog med alle partar i konfliktar, også om det er snakk om Russland, Israel, Iran eller HAMAS. På 90-talet spelte Norge ei viktig rolle i samtalane mellom PLO og Israel, og resultatet vart at PLO la ned våpena og gjekk inn for å jobbe for sine mål politisk i staden for ved bruk av terror. Dersom partane i Midtausten, Russland eller andre ein dag er villig til å endre seg og jobbe for fred vil det komme til nytte at Norge allereie har kontaktar i alle leirar.
Men det er stor skilnad på dette og å stille opp med norsk ambassadør i Moskva under innsetjinga av Putin og dermed legitimere både presidentvalet og Russland sin groteske krig i Ukraina. Her burde nokon tenkje som så: Det er inga skam å snu!