Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    7 075
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

14 074 profilvisninger

torbjornen sine prestasjoner

9,6k

Nettsamfunnsomdømme

2

Hjelpsomme svar

  1. Dette er eg langt på veg einig i. Men å ha dialog om f.eks. fiskeripolitikk eller sikkerheitspolitikk er ikkje det same som forhandlingar. Dialog gjer at den eine parten veit kvar den andre står, og kan redusere risikoen for at ein menneskeleg eller teknisk feil utløyser ein verdskrig.
  2. Hjelpte det å ikkje prate med Hitler? Av og til fører dialog fram, andre gonger ikkje. Nord-Irland er eit godt eksempel på at dialog førte fram. Eg har aldri sagt at ein skal ha dialog med Putin, men det er viktig å halde kontakten med folk i regimet eller i statsapparatet, sidan det vil kunne komme ein dag der desse blir ein del av eit nytt og forhåpentlegvis betre regime. Tyskland er i dag saman med USA og Europa våre viktigaste allierte.
  3. Eg trur ikkje ein skal tolke dette som eit signal om noko som helst, men heller som del av eit spel der ein prøver å få Vesten til å gje opp si støtte til Ukraina. Om Putin får det som han vil i Ukraina er kanskje Moldova neste land på lista over land som "må" bli russiske.
  4. Ein fredsprosess som må kunne reknast som vellukka er den i Nord-Irland. I dag sit protestantar og katolikkar saman i provinsregjeringa, og Sinn Fein har førsteministeren. Ville ein ha løyst konflikten i Nord-Irland dersom ein på førehand bestemte seg for at ein ikkje ville snakke med Sinn Fein/IRA?
  5. Det stemmer. Men det er fullt mogeleg å ha dialog med kontaktar i det russiske regimet utan å sende den norske ambassadøren for å legitimere presidentvalet.
  6. Til sjuande og sist må alle krigar og konfliktar få politiske løysingar. Ein løyser ingen problem ved å la vere å snakke saman. Mi meining er difor at det er bra om Norge kan ha dialog med alle partar i konfliktar, også om det er snakk om Russland, Israel, Iran eller HAMAS. På 90-talet spelte Norge ei viktig rolle i samtalane mellom PLO og Israel, og resultatet vart at PLO la ned våpena og gjekk inn for å jobbe for sine mål politisk i staden for ved bruk av terror. Dersom partane i Midtausten, Russland eller andre ein dag er villig til å endre seg og jobbe for fred vil det komme til nytte at Norge allereie har kontaktar i alle leirar. Men det er stor skilnad på dette og å stille opp med norsk ambassadør i Moskva under innsetjinga av Putin og dermed legitimere både presidentvalet og Russland sin groteske krig i Ukraina. Her burde nokon tenkje som så: Det er inga skam å snu!
  7. Er det gått så langt at Russland er villige til å løyse ut artikkel 5, og risikere fullskala krig med NATO?
  8. Eg har efaktura på Gebyrfri Visa hos Santander. Eg trur eg hadde epostfaktura der for mange år sidan, men kan ikkje hugse å ha gjort noko spesielt for å få efaktura anna enn å aktivere i nettbank. Eg har derimot framleis epostfaktura (og avtalegiro) hos Gudbrandsdal Energi. Der er det slik at ein bestemmer faktureringsmåte på "mine sider" hos straumleverandøren.
  9. https://www.nrk.no/urix/xi-til-macron_-_-kina-er-ingen-part-i-ukraina-krigen-1.16872805 Kan den siste atomtrusselen ha blitt oppfatta som eit spark til Kina, og kan dette evt. ha vore medverkande til at Kina i større grad snur ryggen til Russland. Eg er elles skeptisk til forsikringar frå Kina, men kryssar fingrane for at dei meiner alvor.
  10. Her har du eit poeng. Kina si støtte til Russland er kanskje ikkje så entusiastisk. For Kina er det kanskje viktigast å kunne drive handel med alle partar slik at landet kan tene pengar på krigen. Samstundes som ein støttar Russland, utnyttar ein også Russland. Det same har ein sett med Iran (som har fått betalt i form av gull) og Nord-Korea (som får betalt i form av m.a. raketteknologi). Det er dermed viktig at støtte til Russland får økonomiske konsekvensar for Kina, og at Kina får noko att for å ikkje støtte Russland.
  11. Eg er iallefall vant til at brukskontoen kjem opp automatisk som "betal fra" når eg godkjenner efakturaer. Men denne eine gongen hadde tydelegvis ASK-bankkontoen av ein eller annan grunn blitt valt utan at eg la merke til det.
×
×
  • Opprett ny...