Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Golf Rabbit GTi - motortrøbbel


Anbefalte innlegg

Eg kjøpte ein Golf Rabbit Gti 1983-mod for nokre månadar sidan, og bilen har sidan då og fram til for eit par veke sidan verka heilt fin.

 

Problemet går ut på at oljetrykkvarsellampa lyser når eg køyrer over lengre periodar/ikkje fullt så lange periodar med høgt turtal. Dette har eg ikkje oppdaga, då eg berre har brukt bilen til småkøyring fram til for to veker sidan. Då skulle eg til Bergen, frå Førde, og etter litt køyring byrja denne lampa å blinke, samt at du får eit ganske irriterande pip.

 

 

- Eg er ganske sikker på at vifta går

- Oljen med oljefilter skifta for ikkje så lenge sidan (mogeleg at eg har gått frå vanleg olje til halvsyntetisk, veit ikkje kva som stod på frå før)

- Kjølevesketemperaturen er konstant, nesten uansett korleis eg køyrer og uansett kor lenge. Det einaste rare er at den ligg eit stykke forbi "midten".

 

Eg har før trudd at motoren går seg varm, men eg veit ikkje heilt lenger. Dette kan vere ein innbilning, at bilmotorar har svært høg temperatur er jo ingen uvanleg sak.

 

 

Er det nokon som har anelse på kva dette kan vere? Kanskje nokon her har erfaringar med golf 1 gti, og dens problem. I så fall vert eg glad for svar.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Oljetrykkslampen er koblet til en oljetrykksmåler. Den står etter oljepumpen (som ikke blir drevet av en reim, men er koblet rett på veivakslingen) og oljefilteret.

 

Oljetrykket stiger ved økende turtall. Derfor er det unormalt at lampen kommer på ved økende turtall.

 

Jeg tror du har for lite olje i motoren. Det er det eneste ditt sympton peker imot.

 

Da lyser lampen ved høyt turtall.

 

Merker også dette i heftig svingkjøring og kraftige bakker. Da legger oljen seg i siden på motoren og hvis nivået er lavt, suger pumpen luft.

Lenke til kommentar

Jeg erfarte et lignende problem på min Golf IIfor noen år siden. Jeg byttet på olje og filtre og byttet oljetryksbrytere uten at dette hjalp. Så jeg tenkte at jeg måtte bite i det sure eplet med å ta ned bunnpanna og bytte oljepumpe. Da jeg tok ned bunnpanna, så viste det seg at noen hadde brukt pakningsstoff på pakningen. Denne legger seg som en pølse på innsiden og utsiden av pakningen når den blir skviset på plass og denne pølsa hadde løsnet på innsiden og tettet silen i oljepumpa. Løsningen var rengjøring av sil og alt var helt iorden igjen.

 

Det at oljetrykket forsvinner når motoren blir varm, er fordi oljen blir mer tynnflytende av varmen og oljepumpa klarer ikke da å "ta like godt tak i oljen og dra den igjennom pumpa"

Lenke til kommentar

Hei igjen. Takk så mykje for svar, har desverre gløymd å sjå innom her på nokre dagar.

 

 

Eg var ute og køyrde med bilen i går og gav på litt, då tykte eg oljelampa lyste enda tidlegare enn vanleg. Kan det vere at dette vert verre og verre med tida?

 

Først og fremst må eg seie at eg ikkje veit kor oljetrykksbrytar eller ledning er henne, dette skal eg sjå på i morgon. Det er få teikningar eller manualar som gjev meg mykje informasjon og sidan bilen er gammal; og lite informasjon på internett. Så eg ser meg naudsynt til å spørje dykk.

 

 

Elles har oljenivået vore vanskeleg å lese av fordi peilepinnen ikkje er orignial, men ein temperaturmålarstav (ledningen er kutta, så får ikkje vist oljetemperatur). Dette kan jo, under montering, ha ført til at peilepinnen er feil i forhold til originalpinnen. Det kan også vere at toppen/stopparen på pinnen kan ha glidd opp eller ned i ettertid og at eg derfor får vist feil oljenivå.

 

Eg trur ikkje motoren brukar så mykje olje til å vere så gammal. Eg har fylt på 4,8 liter etter skifting av oljefilter (køyrd omlag 5000 km), så dette er ikkje alt for mykje slik eg har forstått det. Dette er då feil dersom pinnen ikkje stemmer heilt.

 

Då eg oppdaga dette problemet, helte eg først på litt olje. Dette hjalp lite, så eg helte på enda meir (det er som sagt vanskeleg å sjå på pinnen). Meir eller mindre olje har ikkje, som eg har observert, endra ikkje korleis motoren reagerte på køyring over lenger tid.

 

 

Du sa noko om at: "Oljetrykkslampen er koblet til en oljetrykksmåler. Den står etter oljepumpen (som ikke blir drevet av en reim, men er koblet rett på veivakslingen) og oljefilteret."

 

Kva angår oljefilteret, så meiner eg det er litt mykje oljesvette rundt filteret. Det legg seg som ein tjukk graut gjerne, og spesielt dersom eg dreg på litt (har ikkje undersøkt dette nøye, men trur det er slik det er). Kabelen som går inn til det eg går ut ifrå er oljekjølaren er ikkje heilt tett heller.

 

Elles lek det litt frå ein tennplugg, men dette er svært lite og sannsynlegvis ikkje nemneverdig. Litt olje ligg det att etter bilen når eg har parkert, men dette trur eg er frå svettinga rundt oljefilteret/kabel til oljekjølar.

 

 

Dette vart uoversiktleg, spør om noko er uklart.

 

Eg er svært takksam for svar og hjelp.

Endret av brukernamn
Lenke til kommentar

Allright. Ser at jeg forklarte meg dårlig.

 

 

Skal prøve å forklare bedre.

 

 

Oljen sirkulerer rundt i motoren følgende vei og i denne rekkefølge:

 

Bunnpanne-oljepumpe-filter-oljetrykksmåler-og fordeles deretter videre rundt til alle punkt som trenger smørning.- Til slutt renner oljen ned i bunnpannen igjen.

 

Hvordan oljepumpen blir drevet:

 

Oljepumpen blir drevet av veivakselen inni motoren. Her er det tannhjulsoverføring. Så overføringen kan ikke slure ved høyt turtall.

 

 

Ser ut som du har fått avklart at det er nok olje på motoren. Det er bra!

Lenke til kommentar

Okei, då har eg fått litt hjelp her, takkar mykje for det. Skal følgje opp med vidare utvikling så snart eg får sjekka oljetrykket.

 

Å gjere dette sjølv trur eg ikkje eg skal prøve meg på, då eg er heller uerfaren og dessutan har eit tynt utval av verktøy (t.d. ikkje trykkmanometer). Men eg har snakka med ein kar eg kjenner som er litt meir vørd, så fort han får tid skal han sjå på det.

Endret av brukernamn
Lenke til kommentar

Har ikkje akkurat bytta, berre fylt på utan å ha visst kva som var på frå før av (kva slags blandingsforhold, merke osv.) Skal leggast ved at eg hadde særs dårleg tid då eg først oppdaga dette oljetrykkproblemet, og fylte berre på med kjøleveske og olje i håp om at eg skulle kunne køyre vidare. (var på veg til quarten :p)

Endret av brukernamn
Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

Veit ikkje om nokon kjem til å lese dette, men eg skriv det likevel.

 

Eg har prata med nokre mekanikarar og den lokale VW-butikken, og alle har eigentleg gått ut ifrå at dette er instrumentfeil og ikkje eit faktisk tilfelle av feil oljetrykk.

 

Først råda dei meg til å bytte oljebrytaren (160 kr) på filterhuset, då den kunne vere defekt. Dette hjalp ikkje, bilen peip nett som før.

 

No har eg nettopp vore nede og bestilt eit nytt kretskort (840 kr, bestillast frå Tyskland) til bilen, som sit opp under dashbordet. Veit ikkje kva kretskortet omfattar bortsett frå denne oljetrykkslampa/den irriterande lyden. Det verkar som dette er det som skal til for å ordne feilen.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Har bestilt, men vart ei litt meir "generell" bok, fant ikkje noko for berre golf mk1. Måtte ha eit lass med bilar over eit visst årstal.

 

Kan imidlertid seie at den nye oljetrykksdatabrikka ikkje gjorde så mykje som eg hadde håpa på. Kan køyre litt hardare og mykje lenger no, men den lampa lyser og hyler dersom eg trykker til for hardt.

 

Litt mindre plagsom lyd hadde den nye databrikka i alle fall :p

 

Skal få tak i eit manometer som eg skal ha liggande i bilen under ein køyretur, for å sjå kva som eigentleg skjer.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...