helge_tore_hoyland Skrevet 13. mai 2006 Skrevet 13. mai 2006 Hei. Eg har nett starta på eit prosjekt der målet "kanskje" vert å innstallera eit skolelinux nettverk på ein privat skule. For å forbereda meg litt til dette har eg sett opp eit lite testnettverk heime. Her har eg installert server og tynnklientserver på ei og same maskin, med to nettverkskort og prøvd å boote opp ein tynnklient både med pxe og rom-o-matic. I begge tilfella får eg kontakt med servaren og startar opp fila pxelinux.0, men får etter ei lita stund denne meldinga(slutten av ei mykje lengre): Trying to load: pxelinux.cfg/C Trying to load: pxelinux.cfg/default Missing parameter in config file. Could not find kernel image: linux Får so ein promt slik under: boot: _ Eg har prøvd å legga eit bilete inn i /var/lib/tftpboot/ og kallt det linux. Då startar lastinga av bildet og eg får etter ei lita stund kernel-panikk. Ikkje uventa sidan det er bildet til serveren. Det får meg til å tru at eg skulle hatt eit kjernebilete her som skal heita linux som eg ikkje finn nokon stad. Har prøvd å leita litt og fann nokre filer med namn img1770k.gz i forbindelse med "syslinux". Desse pakka eg ut og la inn i "tftpboot" som linux og fekk då ein svart sjerm etter oppstart. Eg har ikkje gjort anna enn å oppgje mac-adressa til nettverkskortet og oppretta ein brukar og ei gruppe i webmin. Tynnklienten er kobla til servaren med to kablar, den eine via ein svitsj og den andre er ein kryssa-kabel direkte mellom maskinene. Bytte om på desse til eg fekk ein pxe-boot i det heile. Vonar på litt hjelp her Mvh Helge Tore Høyland
comicz Skrevet 13. mai 2006 Skrevet 13. mai 2006 Du har altså lagt inn LTSP? Det følger jo med tynnklientkjerner. Hvordan ser din dhcpd.conf ut?
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå