Jump to content
Sign in to follow this  
Zeph

Høg oppløsning på bildeframvisning i videoformat?

Recommended Posts

Eg har ein del bilete og eit par videoar som eg har tenkt å setje saman til ein videosnutt og legge på litt musikk, effektar osv...

 

Programmet eg nyttar er Pinnacle Studio 10.

 

Spørsmålet mitt er om eg kan få ein høg oppløysing på filmen, og korleis eg får til dette. Forhåpentlegvis får eg tak i ein projektor med 1024x768 eller høgare oppløysing. Bileta er på 2592x1944 pixel, og eg har lyst å få med mest mogleg detaljar i denne filmen.

 

Men når eg skal lage filmen og vel Best Quality (bør eg bruke MPEG1, 2, 4 eller DivX?) blir oppløysinga 720x576 og bileta blir merkbart kornete.

 

Eg forstår ikkje kvifor dei blir kornete sidan bileta originalt er på 5 Megapixel.

 

Er det nokon her som har gjort noko liknande og kan forklare litt? Kanskje det ikkje er mogleg å få betre kvalitet.

 

Kunne jo laga ein Powerpoint-presentasjon eller noko sånt, men skulle hatt ein del effektar og moglegheiter som Pinnacle har.

Edited by zeph

Share this post


Link to post

Reknar med Studio 10 følgjer PAL-standarden (som m.a. tyder ei oppløysning på 720*576) på prosjekta, med mindre du kan spesifisere noko anna ein stad. Om det går an, veit eg ikkje, då eg ikkje kjenner til Studio 10. Om du har nokre "project settings" eller liknande, sjå der. Eventuelt les i hjelpfila, der bør det stå noko og.

 

Kvaliteten på det ferdige produktet kjem truleg an på kva codec du eksporterer med. MPEG2 er det som vert brukt til DVD, og bør dermed kunne gje god kvalitet, medan MPEG4 og DivX (som er ein variant av MPEG4) kanskje vil gje betre kvalitet i høve til storleiken på fila. Det enklaste er kanskje å eksportere som ei DVD-mappe (truleg omlag same prosedyre som å brenne til DVD, berre at ein lagrar alle filene i ei mappe på harddisken, i staden for å brenne dei på ein DVD.), då det vil vere lett å oppnå god kvalitet slik.

Share this post


Link to post

No testar eg på ein PC med 1280x1024, vil det bli forskjellig på ein TV\Projektor?

 

Eg har laga ein testversjon på 180kB. Fila er lagra som DivX med "Full Size". Eg kan velgje custom resolution, men då blir bileta strukket både her og der.

 

Bilete eg testa med ligg her: link.

 

Vil eg kunne få betre resultat enn dette?

Share this post


Link to post

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...