Gå til innhold
Trenger du hjelp med internett og nettverk? Still spørsmål her ×

Sterkt varierande ping med hub


Anbefalte innlegg

Hei.

 

Har eit problem som kanskje nokre kloke hoder der ute kan hjelpe meg med. Saken er at eg i det siste har opplevd å ha opp mot 500ms ping når eg spelar unreal med kompisar. Dette forvandlar spelet frå å vere god moro til ei kilde for intens frustrasjon.

 

Eg testa så å pinge game host på vanleg måte og la merke til at pingen varierte mellom ca. 40ms og 1 sekund! 40ms kan verke som rimelig ping til denne hosten. Tok så traceroute og fant ut at dei høge ping-tidene skjedde alt ved 10.0.0.1, altså til ADSL-modemet!

 

Sakens kjerne er at eg bur i eit hybelhus med 11 hyblar. Alle er kobla til ei 2400/640 linje frå NGT gjennom ein HUB! Dette gjer at LAN'et berre er 10Mbps half duplex. Er dei sterkt varierande ping-tidene pga. HUB'en eller kan det vere ein feil i sjølve modemet vårt?

 

10Mbps skulle jo vere rikelig til ei sånn ADSL-linje, men så er det det at så lenge det er ein HUB som står der, så vil jo ein del pakkar kollidere og måtte bli sendt på nytt, så eg mistenker at dette er grunnen til at enkelte ping pakkar vert så forseinka. Men før eg kjøper ein 16 ports switch vil eg gjerne forsikre meg om at det ikkje er sjølve modemet som er problemet. At buffera der vert fyllt opp på ein eller annan måte. Eller at det rett og slett er litt defekt.

 

-vslatten

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Oi. Gløymte ein viktig bit med info.

Saken er at når eg får andre til å pinge modemet utanifrå får også dei slike rare ping-tider. Derfor er det eg er litt i tvil om at det berre er hub'en som er problemet.

 

Her er utskrift på ein tracert gjort av ein kamerat som tydeligvis også har NGT:

 

Tracing route to XXX.80-202-208.nextgentel.com [80.202.208.XXX]

over a maximum of 30 hops:

 

1 2 ms 2 ms 2 ms 10.0.0.1

2 18 ms 19 ms 19 ms 1.80-202-208.nextgentel.com [80.202.208.1]

3 351 ms 179 ms 259 ms XXX.80-202-208.nextgentel.com [80.202.208.XXX]

 

Trace complete.

 

Dette kompliserer situasjonen litt. Om det berre avr kollisjonar på LAN'et som var problemet, burde vel ting vore normale når ein pinga modemet frå ei ekstern adresse?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...