Gå til innhold

Gass Varmtvann.


gondron

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Dei fleste løysningane som blir solgt i Norge er tilpassa hyttemarkedet, det er ganske uvanleg med gassfyrt varmtvannsbereder i bustadhus, særleg om ein bur i eit område der det ikkje er lagt opp gassforsyning frå eit sentralt gassanlegg.

Kva er formålet med å skulle ha begge delar? Om det er straumprisen så blir nok investeringskostnaden fort større enn det er verdt, særleg når også gassprisane er aukande. Eller er formålet å ha redundans slik at du har begge alternativa dersom det skulle bli straumlaust i lengre perioder?

Største ulempane med gassfyrst varmtvannsbereder er at det kan være plasskrevjande. I tillegg til sjølve beredaren med gassbluss så må du også etablere lufting av avgass gjennom ventil eller skorstein. Sjølve brennaren og dermed også varmtvannsberederen må stå i eit rom med god lufting, det gjer at du antagelegvis ikkje kan montere den gassdrevene berederen på same rom som den elektriske varmtvannsberederen. Velger du ein veldig liten varmtvannsbereder så kan du ha utluftinga ut i rommet om rommet er stort nok og du har god nok ventilasjon til å lufte ut den fuktige lufta frå propanforbrenninga.
Skal du basere deg på vanlege propanflasker så må du også ha gasskap.
I tillegg innfører du eit nytt teknisk anlegg som kan medføre fare for både brann og karbondioksidforgifting om du vel produkt av dårleg kvalitet eller slurver med servicen.

Det er ein grunn for at gassdreven varmtvannsbereder er mest utbreidd på hytter utan innlagt straum der det er lite alternativ.

 

Eg trur nok at eg heller ville sett nærmare på moglegheita for å installere vedomn med vannkappe. Som reserveløysing er det enklare med forbrenning av fast brennsel. Ein praktisk ulempe med gassflasker er at du er avhengig av få tak i propangass på rett flaske med rett tilkopling, i vedomnen kan du i prinsippet brenne alt brennbart som du får inn i brennkammeret om du ikkje har tilgang på skikkeleg ved. Vedomnar med vannkappe kan du i tillegg seriekople opp mot vanleg elektrisk varmtvannsbereder, eventuelt luft til vann varmepumpe. På den måten kan du halde basisvarmen ved bruk av straum og bruke vedfyring i stadenfor eller i tillegg til straum når du ønsker det. Ved montering av vedomn med vannkappe kan du i tillegg få inntil 10 000 kr i støtte frå Enova. Du får ikkje slik støtte til gassfyring.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...