Gå til innhold

LG OLED i direkte sollys og banding


Anbefalte innlegg

Har hatt ein LG C8 sidan juni 2019 og merka i går kveld litt banding eller kva det kan kallast på eine sida. Det ser veldig ut som direkte sollys har forårsaka det. Enkelte lysare områder, blant anna eit som ser ut til å matche lampeskjermen til ein lampe som står ved ganske bra. Dvs. at sollyset har truffet TV-en direkte på nokre område og fått ein skygge av lampeskjermen på eit anna område.

Skjer uavhengig av om det er på ein inngang, i meny eller app, men kun når diodane er på, altså ikkje når det er heilt svart.

Det er først dei siste vekene at sola har truffet skjermen sidan i fjor og den kjem inn frå denne tida til ut på hausten. Dette gjorde den i 2019 og 2020 utan at eg har merka noko banding.

Kan det ha vore tilfeldig at det skjedde no eller at det har vore ei utvikling over tid. Eg veit det står at ein bør unngå direkte sollys, så er det noko eg bør ha tiltak på? Dekke til skjermen halve året?

Las noko på Reddit om at det kunne skje dersom TV-en kjørte ein auto-kalibrering med sollys på skjermen og at det kunne gå vekk av seg sjølv. Det er der framleis no morgonen etter. Vil kanskje kjøre pixel refresh når eg får anledning.

Eg har montert ruter, aksesspunkt og dekoder bak TV-en (som er veggmontert), men dei avgjev ikkje stort med varme og eg har kjent etter ved lengre tids bruk at den ikkje var varmare der boksane står. Det er litt klaring på dei. Delar av bandinga er tilfeldigvis der den eine boksen står, men det ser litt tilfeldig ut.

Nokon som har erfaring med dette?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Skjedde med min C8 noen uker etter jeg fikk den i 2019, halve TV-en hadde direkte sollys da automatisk pixel refresher slo inn. Fikk et markert skille akkurat der solen hadde vært og jeg trodde TV-en var ødelagt. 

Kjørte pixel refresh manuelt når sollyset var borte, og alt gikk tilbake til normalt. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
rulleguru skrev (10 timer siden):

Skjedde med min C8 noen uker etter jeg fikk den i 2019, halve TV-en hadde direkte sollys da automatisk pixel refresher slo inn. Fikk et markert skille akkurat der solen hadde vært og jeg trodde TV-en var ødelagt. 

Kjørte pixel refresh manuelt når sollyset var borte, og alt gikk tilbake til normalt. 

Kjørte ein refresh i dag og det ser ut til å fungere bra. Sidan det gjekk nesten to år før eg opplevde det satsar eg på at det ikkje blir eit veldig gjentakande problem.

Takk for hjelpen. :)

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...