Gå til innhold

Ny PC - vurdering av alternativ (8700K/R7-1700)


Anbefalte innlegg

Hei. 

 

No er det for lengst på tide med ein ny stasjonær. Har vore på nippet til å kaste meg uti det heile året, men det har alltid vore noko nytt å vente på, så det har blitt med tanken. 

 

Den gamle stasjonære har likevel skranta i lengre tid, og no har den bestemt seg for å ikkje samarbeide spesielt godt lenger. Den må derfor skiftast ut, helst innan rimeleg tid. 

 

Eg har lenge følgt med på den gode "Den Perfekte PC-pakke"-tråden her på forumet, i tillegg til å prøve å følge med litt på diskusjonar rundt dei nye CPU'ane frå både AMD og Intel, men sidan eg ikkje er ein spesielt erfaren byggar, så hadde det vore veldig kjekt med litt tilbakemeldingar. Har bygd den maskina  eg har i dag, og oppdatert denne ein del undervegs. Den har stort sett gjort jobben, men etter åtte år har den no kome til sitt endepunkt. 

 

Bruk: 

- Gaming (alt frå AAA til småspel)

- Ein del (tidvis mykje) fotoredigering

- Noko videoredigering 

- Arbeid (tekst/foto/video/multitasking)

- +++

 

Har laga med to delelister, ei med eit Coffe Lake-system og eitt med Ryzen 7.

 

Tilbakemeldingar, justeringar, alternativ blir sett stor pris på? Har eg oversett noko vesentleg, bør eg sjå etter meir "bang for buck". Fungerer RAM-brikkene eller bør eg sjå på andre. Er HK overkill?

 

Eg har eit skjermkort som skal få leve vidare ei stund til og som blir med over i ny maskin. Har også nokre diskar, både HDD'ar til lagring av bilete osv + ein 500 gb SSD som eg har tenkt å bruke til spel. 

 

post-69255-0-93742100-1509358054_thumb.png

post-69255-0-52133000-1509358064_thumb.png

 

Lenke Ryzen-bygg

Lenke Coffee Lake-bygg

 

Begge bygga kjem på ca. 12.000. Vil tru det er mogleg å knipe inn litt her og der, men har også budsjett til dette. Har eit ønske om å bruke ein AiO for kjøling og ser at Kraken har blitt anbefalt fleire stadar. 

 

Set stor pris på tips og råd. 

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

 

 

 

Takk for svar. Dei aktuelle brikkene du lenkar til ser ut til å vere ei stund til ein kan få tak i. 1 til 2 mnd på ProShop. Kor stor vil forskjellen vere på dei og t.d desse med CL16?

 

Noko anna eg bør tenke på, som ein gjerne har gløymt når det er åtte år sidan sist ein bygde?

 

Og så var det dette med CPU. Finst det noko godt overslag over når ein kan få tak i 8700K igjen? Ser Komplett skriv "ubekrefta 9. november", men her kan ein vel også risikere å måtte vente ganske mykje lenger?

Lenke til kommentar

Dei aktuelle brikkene du lenkar til ser ut til å vere ei stund til ein kan få tak i. 1 til 2 mnd på ProShop. Kor stor vil forskjellen vere på dei og t.d desse med CL16?

 

Du vil ikke merke forskjell i praksis mellom de to setta :)

 

Og så var det dette med CPU. Finst det noko godt overslag over når ein kan få tak i 8700K igjen? Ser Komplett skriv "ubekrefta 9. november", men her kan ein vel også risikere å måtte vente ganske mykje lenger?

 

Ja dessverre må du vente en stund på 8700K. Om du må handle nå, så er ikke AMD Ryzen et dårlig valg det heller. Bare vær klar over at 8700K er raskere til spill - opp til der skjermkortet blir flaskehalsen vel å merke.

 

Husk legg en dott med kjølepasta midt på CPU. På størrelse med en liten ert ca. Eller du kan bruke den kjølepastaen som allerede finnes på Kraken X62 (du ser det når du åpner den). Når du skrur fast kjøleren til CPU, husk på skru fast på kryss, litt av gangen mens du holder den rett ned med ene handa. Slik at du har likt trykk, rett ned på CPU.

 

Husk også å ta på kabinettet mens du bygger noen ganger, slik at du ikke dreper hardwaren din med statisk elektrisitet :)

Lenke til kommentar

Takk igjen Betroz!

 

Tida spelar sjølvsagt inn, og er ein av grunnane til at eg er litt usikker. Har i utgangspunktet sett mest på Coffee Lake-alternativet, sidan eg trur det passar best til mitt bruk. Likevel litt "skummelt" om eg ikkje får opp ny maskin på lang tid. Laptopen eg blir sittande på no fungerer ikkje optimalt, verken til jobb eller privat bruk, så eg erlitt usikker på kor lenge tolmodet strekk til. 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...