Gå til innhold

Sosialt spelcommunity i Rogaland


Anbefalte innlegg

Me er ei gruppe retta mot PC-spel som Overwatch, LoL, Battlefield 1, CSGO osv. Kvar veke har me faste tider me set oss ned for å spele, der hovudmålet er å ha det kjekt, men me har og trenarar som vil kunne hjelpe dei som vil bli betre i spela. 

 

Gruppa består for augeblikket av rundt 70 studentar ved UiS, men alle over 18 kan bli med. Det er ein stor fordel om ein kjem frå Rogaland, då me har nokre sosiale arrangement i ny og ne, som me gjerne vil ha fleire med på. Allereie i morgon er det quiz med gratis mat og drikke - samt premie - på campus. 

 

Me har eit lag i LoL-Telenorligaen, og skal få inn eit lag i Overwatch-ligaen til neste sesong. Det diskuterast også lag i fleire spel. 

 

Trening for Overwatch er tysdagar og torsdagar, LoL måndag og torsdag. Det er elles fritt fram for å spør på gruppa om nokon vil vere med på forskjellege spel, når som helst. Me bruker TeamSpeak for kommunikasjon. 

 

Dei som ønskjer å bli med kan melde seg inn her: https://www.facebook.com/groups/1546643398985691/

Endret av Br3AK
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...