Gå til innhold

Archanios loggar for motivasjonen si skuld


Anbefalte innlegg

Kom endelig opp på 60kg i roing selv, og for en befrielse! Må dog bruke lav stepkasse for at det ikke skal bli for mye bøying av ben under roinga (192 høy og ikke veldig lange armer + er ganske stiv = funker dårlig) - men uansett digg med store plater på sidene. Hvor mye ender du opp med i uke 12 på rows :O ? Er vel ganske heftig?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

82,5 ser det ut til.

 

Det er på grensa til at stanga framleis er for lav med meg også, men no går det akkurat fint. Forferdelig irriterande at dei ikkje kan klare å fikse skiver med lik vekt. 10 kg blir fryktelig små, mens dei ikkje har 15. Nesten grunn til å bytte senter, men det er ikkje så mykje å velge i, og alternativet kostar ei hand, to leggar og har altfor lang bindingstid.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Onsdag 27.02 - Økt 18

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 20x5 40x10 50x5 60x5 70x5 85x5x5

Overhead press: 20x10 30x5 45x5x5

Markløft: 40x10 60x5 70x5 95x5

 

Dips: 5+5+9

 

Kommentar: Var heilt rar framme på leggane før eg starta opp i dag, men det ga seg etter litt oppvarming. Holdt på å gjere i buksa når eg løfta av stanga på det som skulle vere første arbeidssett på knebøy. Glømte 2,5 skive på eine sida og vart så overraska at eg nesten velta. Ikkje at det var store vekta som mangla, men eg vart skikkelig overraska. Ellers gikk økta fint. OHP var lettare enn venta i starten, litt tungt siste sett, men ok.

Lenke til kommentar

Fredag 1. mars - Økt 19

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 30x10 40x10 50x5 60x5 87,5x5x5

Benkpress: 20x10 30x10 40x5 60x5x5

Framoverbøyd roing: 20x10 40x5 62,5x5x6

 

Dips: 6+6+10

 

Kommentar: Ei økt som kjentes veldig lett ut i dag.Går litt rundt og syns egentlig at beine er litt tunge før trening, men så snart eg får litt blodomløp og kroppen kjem igang så er det ingenting i veien. Sjelden eg klarar å kome så djupt på bøyen som eg gjorde i dag. Håper det er terping som gir resultat. Siste settet brukte eg god tid i botn, pauser på 3-5 sekund og fokuserte på å presse knea godt ut og kontrollere ryggen på vei opp. Ganske sikker på at det vart eit sett for mykje med roing. Var litt for fokusert på å løfte kontrollert, spenne opp på nytt i botn osv.

 

Eller veldig imponert over jentene som trente samtidig som meg i dag. Var vel 6-7 frøkner mellom 18-30 som uten unntak trente baseøvelsar, hadde god teknikk og ikkje minst, la på vekt. Gøy å sjå jenter som gjer noko anna enn å jogge og bruke maskiner på det lettaste stillet!

 

Hadde i dag også eit rart problem heilt i botnen av handa, rett før handleddet. Nesten som at det blir eit trykk inni der om eg held stanga på ein viss måte under benkpress.

Endret av archanios
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Mandag 4. mars - Økt 20

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 20x5 40x10 50x5 60x5 70x5 90x5x5

Overhead press: 20x10 30x5 47,5x5x5

Markløft: 40x10 60x5 70x5 90x5 100x5

 

Dips: 6+7+11 + div

 

Kommentar:

Var ørlite grann tung i beina etter nesten tre timar med utfall (telemark), pluss testing av sykkelrulle i går.

 

Bøy er fortsatt lett, som det skal vere. OHP var tungt! Det siste settet var merkelig nok det klart lettaste og eg lurer på om eg endte opp med seks sett. Mista fullstendig tellinga etterkvart så om det siste var nr. 5 eller 6 det må gudane vite. Markløft gjekk heilt fint, men sleit litt med grepet på eit par reps. Vart litt glatt, så må få ordna meg kalk. Brukte også likt grep, så vil kunne kontrollere det bedre ved å alternere. Teknikken med unntak av grep kjentes veldig fin ut. Feilberegna litt mtp når eg fekk i meg mat før trening, var skikkelig svolten mot slutten.

 

Ellers deilig å trene "tidleg" igjen grunna kveldsvakt. Mindre folk og betre tid. Kunne kanskje utsatt treninga ørlite grann sidan det sjølvsagt skulle kome eit par meget oppegåande jenter mot slutten av økta.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Onsdag 6. mars - Økt 21

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 30x10 40x10 50x5 60x5 70x5 92,5x5x5

Benkpress: 20x10 40x10 50x5 62,5x5x5

Framoverbøyd roing: 20x10 40x5 65x5x5

 

Dips: 7+7+10

 

Kommentar: Stort sett fin økt. Framleis greie vekter (temmeleg lette) i alle desse øvelsane. Blei ikkje tid til noko særleg tøying og strekking etter treninga i dag, noko eg kjenner kunne gjort godt.

 

Fekk sykkelrulle opp å gå i helga. Er nok ikkje altfor lenge til det blir såpass vær at eg kan byrje å sykle ute, men enn så lenge så blir det nokre økter på sykkelen dei dagane eg ikkje trenar styrke.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Laurdag 9. mars - Økt 22

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 20x5 40x10 50x5 60x5 80x5 95x5x5

Overhead press: 20x10 30x5 50x5x5

Markløft: 40x10 60x5 80x5 105x5

 

Kommentar:

Tungt hovud og tung kropp, men temmelig lett økt likevel. Siste sett med ohp var skikkelig tungt, og siste reppen var ganske fæl, men den gikk opp. Mark og bøy var enkelt. Måtte trene laurdag, grunna litt upraktisk arbeidstid på fredag.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Mandag 11. mars - Økt 23

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 30x10 40x10 50x5 60x5 80x5 97,5x5x5

Benkpress: 20x10 40x10 65x5x5

Framoverbøyd roing: 40x10 67,5x5x5

 

 

Dips: 7+7+11

 

Kommentar: 100 i bøy på onsdag. For motivasjonen skal det bli bra. Hadde ei temmeleg enkel og grei økt i dag. Siste rep på dei to siste setta med roing var tunge. Ellers gikk det veldig greit og bøyen var nesten overraskande lett i dag.

 

Lurer litt på korleis kroppen min fungerer eller evt kvar eg får inn kcal frå som eg ikkje får med meg. Har holdt på å telle kcal ei stund og i forhold til forbruk så skal snittintaket mitt ligge mellom 200-700kcal under. Er likevel ganske sikker på at eg fortsatt har lagt på meg, musklane veks og det er lite eller ingen endring i fettmengde. Mtp stand eg var i når eg byrja dette opplegget, så rekna eg egentlig med at eg kunne få litt musklar sjølv med vedlikehald/svakt underskudd. Får prøve å vere endå litt nøyare med kosthaldet og sjå om det kombinert med ei lita auke i ski/sykkel framover vil føre til noko slags endringar.

Endret av archanios
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Onsdag 13.mars - Økt 24

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 30x5 40x10 60x5 70x5 80x5 100x5x5

Overhead press: 20x10 30x5 52,5x5x3 +4+4 (Dritt)

Markløft: 60x5 70x5 90x5 110x5

 

Kommentar: 100 i bøy! Wohoo. Fail på siste rep på dei to siste setta med ohp... Fuck.

Bøyen var lett. Dei siste øktene har den berre kjent lettare og lettare ut. Blir litt sliten utover, men har endå ikkje blitt skikkelig tungpusta, som eg kjem til å bli med meir vekt på. Markløft gikk også heilt fint, men grepet mitt er ikkje heilt godt nok. Var nok ørlite grann svett inni hendene og holdt på å gleppe på dei to siste sjølv om at eg tok nytt grep før begge repsa. Må nok til med litt kalk eller noko sånt om det skal gå vidare.

 

OHP var sørgelig. 4. rep på 4. sett var også skikkelig tung, mens på femte var det berre tomt. Fire første på siste sett gjekk overraskande fint, men igjen var det heilt tomt på siste. Kjipt at eg ikkje skulle kome høgare før eg fekk ein stopp, men det blir eit nytt forsøk neste veke.

Lenke til kommentar

Herlig med 100 på bøy da, ser bedre ut med en gang det er 2 store på hver side ;) Synd med OHP'en men sånn er det av og til. Øker vel til 55 neste gang? Jeg skal hvertfall prøve meg på 57,5 på fredag selv om det ikke gikk helt som planlagt på mandag.

 

Ser det er flere som "sliter" litt med grep i mark, nesten så jeg lurer litt på når mitt grep ble såppass "solid" mtp at jeg klarer 5 reps med overhånds uten kalk.

 

Hvilken uke er du på nå forresten?

Lenke til kommentar

I dag var siste dag på veke 8. Litt rart fordi eg starta på ein fredag, så fredag er dag 1, men uansett. Får sjå litt på forma mandag om eg prøvar på 55 eller må stå. Har jo egentlig økt 2,5 for mykje i OHP fordi eg bomma litt på ei økt og tok 2, 5 for mykje. Grep er litt merkeleg. Har ikkje hatt store problemer med 110 når eg har løfta slike vekter tidligare, men merka vel egentleg sist også at det ikkje er heilt optimalt.

 

Ellers var det godt å kome opp på 100 ja og motiverande at det var såpass lett at eg framleis kan øke ein del meir!

Lenke til kommentar

Takk takk. Trur nok eg har respondert ganske bra på programmet ja. Har prøvd litt forskjellig tidligare, men akkurat no passar det meg godt med eit temmeleg kompakt program, både iht tid og øvelsar.

 

Er ikkje heilt sikker på vekta nei, men merkar at beina har vokst litt. Om eg skal tippe så ligger eg vel på rundt 85 på 180cm, så heilt optimalt vil vel vere å gå ned nokre kg i løpet av våren.

Lenke til kommentar

Laurdag 16. mars - Økt 25

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 20x10 40x10 60x5 70x5 80x5 102,5x5x5

Benkpress: 20x10 40x10 50x5 67,5x5x5

Framoverbøyd roing: 20x10 40x10 70x5x5

 

 

Kommentar: Temmelig tung økt i dag, spesielt knebøy, men det var også venta etter to tunge skidagar torsdag og fredag. Var lite ekstra energi i låra, men hadde likevel ingen problem med vektene. Både benkpress og roinga gjekk egentleg veldig greit, men eg merka likevel at mykje aktivitet siste dagane og litt urolig søvn kombinert med litt lavt matinntak i dag tidleg ikkje var heilt heldig.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Kjennes ut som at eg har slått leggen når eg har stått på ski. Har mindre smerter når eg går ned trapper og ved trykk på bestemte punkt. Måtte springe får å nå noko på jobb i dag og kjente det ganske godt då. Har uansett ikkje merka det når det har skjedd og merka ingenting under treninga i dag, så tvilar på at det er alvorleg, men irriterande likevel. Får vurdere situasjonen i løpet av helga/starten på neste veke og sjå korleis ting fungerar.

Lenke til kommentar

Onsdag 20. mars - Økt 26

 

 

Oppvarming - mobilisering (og litt venting)

 

Knebøy: 20x10 40x10 60x5 70x5 80x5 105x5x5

Overhead press: 20x10 30x5 40x5 55x5 (Yes!)

Markløft: 60x5 70x5 90x3 115x5+117,5x3

 

Kommentar: Positiv økt! Var litt skeptisk til om leggen ville skape problemer, men kjennes ut som at ting der er i ferd med å gå over. Kjente ingenting under treninga. Knebøyen var fortsatt rimelig grei. Må passe litt på så ikkje ryggen stikker av når eg skal byrje frå botn, men ellers gikk det veldig fint.

Etter irritasjonen ang ohp sist var eg usikker på kva eg skulle gjere, om eg skulle gjenta vekta eller gunne på som AnewZ foreslo. Valgte det siste og med litt lenger pauser og 20% ekstra vilje så gikk det nokonlunde greit opp. Tungt siste reppet, men det bør det nesten vere også Markløft gjekk også fint, men har kome til eit punkt der eg må ha kalk for det glir ut til fingrane på rep fire og fem, sjølv med nytt grep. Tok tre ekstra reps med 2,5 kg ekstra.

 

Ellers samtalte eg litt med ein som fint kan fungere som inspirasjon for å ta i bruk sl5x5 om ein vil øke i styrke. 75 kg, løftar 3x5x145 i bøy, 5x155 i mark m.a. Veldig fokusert, flink med teknikk. Begynte vel i oktober med å løfte 5x5x60 i knebøy på 67 kg kv. Likar egentleg ikkje å bruke tid på prat under trening, men i dag fungerte det slik at eg tok lange nok pauser mellom setta, så sånn sett var det veldig greit.

 

Hadde nok truleg litt ekstra energi grunna manglande trening mandag. Både mandag og tirsdag kom jobb i vegen for treninga, noko som var temmeleg irriterande, men som kanskje var like greit for å lag leggen få kome seg.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Fredag 22. mars - Økt 27

 

Oppvarming - mobilisering

 

 

Knebøy: 30x10 40x10 60x5 70x5 80x5 107,5x5x5

Benkpress: 20x10 40x10 50x5 70x4x5+10

Framoverbøyd roing: 20x10 40x10 72,5x5x5

 

 

Kommentar: Dau økt. Lite energi og sannsynligvis ein del pauser som vart kutta for tidlig. Bøyen gikk stort sett fint opp, men var ikkje så konsentrert som eg burde vere. Blei vel seks rep på siste settet, uten at det gjorde noko. Har nok ein del kg inne, så sant eg klarar å fokusere godt nok.

 

Roinga var ganske tung i dag. Kjente meg litt tom under både den og benken, men tok av ein eller anna grunn ti reps på siste settet på benkpressen. Har iallefall ein del å gå på der.

 

Vuderte å kutte trening i dag grunna det som truleg blir eit av årets høgdepunkt så langt i morgon. Mulig eg skal legge ut video om eg hugsar å ta med kameraet.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Holy bajeebus. Er fullstendig, latterlig gåen. Burde absolutt ikkje trent bein i går, mtp dagens økt:

 

Randers topp 1414 moh, startpunkt 5 moh (var også ein tur bort til Bladet)

 

usikker på kor lang tid det tok opp, men det var grisetungt, spesielt sidan beina allereie var tunge frå treninga i går. Usikker på kva eg skal karakterisere dagens trening som. Uthald og muskeltortur muligens. Det var nesten smertefullt, men fy fader det var verdt det!

 

Får snekre eit bilete og muligens ein videosnutt, tross at eg har dulta borti kameraet så vinkelen er heilt feil.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...