Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Hvorfor koster Omregistrering mer på nyere biler enn eldre biler?


Anbefalte innlegg

Hei, lurer litt på hvorfor det koster så mye mer å Omregistrering en bil fra f.eks 2008 enn en fra 1996?

 

Min gammle 96 modell kostet rundt 1600 kr å Omregistrering, menst en bil fra 2008 koster mellom 7000-10000 kr. Så hvorfor er det så mye dyrere? Er det mer arbeid å Omregistrering biler desto nyere de er?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det er av ein einaste grunn: Inntekter til statskassa. Tanken er at "har ein råd til nyare bil, har ein og råd til mykje høgare avgift". Hugs at bil pr definisjon er luksus i Noreg, med skattleggjing deretter når eit høve finst.

 

I land som Danmark, Tyskland og Austerrike kostar ei omregistrering av ein bil til ny eigar nokolunde dei reelle kostnadene. Altså kring 200 DKK (210-220 kr) i Danmark, kring 16 EUR (130 kr) i Tyskland (ein del meir om bilen skal ha anna enn "standardskilt, Tyskland har mykje ulikt å velja mellom på den fronten, likeeins meir om du ikkje har med ting som "farzugbrief" og "farzugschein" (som vognkortet del 1 og 2 i Noreg), så omregistrereran må finne data på bilen sjølv) og kring 25 EUR (200 kr) i Austerrike. Utgifter til nye skilt kjem så i tillegg, om ein TRENG det (ofte i Tyskland, av di bilen der får nytt reg nr når kjøpar bur i eit anna område enn seljar). I Danmark kostar skilta kring 350 DKK, i Tyskland og Austerrike til skiltprodusenten sjølv krev - for her tek du med deg papiret på at bilen ER omregistert og går og får laga skilt hjå den godkjende skiltprodusenten du vil. Typisk pris her ligg på 25-30 EUR (200-250 kr) for eit sett skilt.

 

Edit: Retta feilskrift i ei setning: "Austerrike" i staden for "Polen".

Endret av Atlanterhavet
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Gjest member-101642

I Norge er det ren luksus å ha bil. Dette er forbeholdt de aller mest privilegerte; de med lommebøker tykke som leksikon. Derfor blir denne goden hardt beskattet.

 

I Sverige koster omregistreringen femti (50) kroner. Svenskene har forstått det.

Lenke til kommentar

Hmm uten at jeg har forsket noe på dette så synest jeg at det blir litt feil å si at det er en ren luksus å ha bil i norge.

 

Men er ikke det vi skal diskutere her :) Men stusset litt over de store Omregistrering summene. Det er vel tross alt et par min kontor arbeid å Omregistrere en bil. Ville no tro at staten ønsket at vi velger nyere og sikrere biler som forrurenser mindre.

 

 

Lenke til kommentar

Hmm uten at jeg har forsket noe på dette så synest jeg at det blir litt feil å si at det er en ren luksus å ha bil i norge.

Politikarane meiner det. Det er ikkje mange åra sidan "årsavgift bil" heitte "lukussskatt køyrety". Luksusskatt som var den same anten ein no køyrte Lada eller Mercedes.

 

Det er vel tross alt et par min kontor arbeid å Omregistrere en bil.

Det er det, men det krev likevel LITT meir. Køyretyregisteret skal driftast som datasystem og.

 

Ville no tro at staten ønsket at vi velger nyere og sikrere biler som forrurenser mindre.

Det er difor luksusskatten er nett den same for miljøsvin og tilnærma forureiningsfri bil, meiner du, i motsetnad til Tyskland, kor bilane har årsavgift i fem klassar, etter forureiningsnivå? Nei, frå spøk til alvor (og hugs Piet Hein sitt "gruk" som spøk og alvor): Staten ynskjer at du skal velja mindre forureinande bil, og difor er ein del av eingongsavgifta når du kjøper ein ny bil utrekna etter CO2-utslepp. Derimot ynskjer ikkje staten ein skal velja tryggare bilar. Tryggleiksutstyr = høgare vekt = høgare avgift. Tryggleiksutstyr = høgare pris = høgare avgift.

 

Ved omregistering ynskjer staten det motsette kva gjeld forureining og tryggleik: Jo eldre bil, jo større fare for mindre trygg og meir forureinande bil - og jo lågare omregistreringsavgift.

 

Kan vel trygt seia at staten absolutt talar med to tunger om desse spørsmåla, ja.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...