Gå til innhold

Hva er frimureri?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Eg veit ikkje så mykje om frimurerane, men ein del har eg plukka opp.

 

Frimurerene er ein eksklusiv herreklubb for relgiøse menn.

 

Vanligvis krever det invitasjon og anbefaling fra ein eller fleire som er medlem fra før for å kunne bli medlem. Dette gjer at medlemane ofte er akademikere eller personer med nøkkelroller i samfunnet sidan vanlig folk utan penger eller innflytelse vil ha lite å tilby som medlemer.

Vi må nok anta at det er vanlig at medlemane hjelper kvarandre med å tilby sine tjenester til kvarandre (som f.eks ein advokat som gir gratis rådgivning eller en handtverker som tilbyr billig arbeidskraft og bygningsmaterialer). Nøyaktig kor omfattande dette samarbeidet er og om det foregår ulovleg samarbeid er uvist og vanskelig å bevise, men det er nok ikkje utenkelig at ein del moralske gråsoner vil opptre). Har vel vært ein del eksmpler der det har vist seg at både dommer, aktor og forsvarsadvokat har vært medlem i samme klubb, der det etterpå har vært stillt spørsmål om partane har blitt enige seg imellom om skyldspørsmål og straffeutmåling på bakrommet. Men etter som eg forstår så har ikkje dette nokon gong blitt bevist.

 

Når du er blitt medlem får du ein rang og etterkvart som du har vært medlem ei stund, har vist engasjemang, gjort pliktene dine eller tatt på deg verv så stiger du i gradene.

På engelsk så har du gradene "Entered Apprentice", "Fellow Craft", "Master Mason" der EA er for nye medlemer og MM er for fullverdige medlemer. Kva gradene heiter på norsk veit eg ikkje. Utover dette så er det grader frå 3-33 eller noke slikt der ei høg grad betyr at du er høgt oppe i systemet. Kanskje ikkje heilt ulikt frå slik som militæret har grader fra menig, korporal, osv heilt opp til general.

 

Klubbane er delt opp i losjer som har forgreininger til andre land slik at er du medlem ein plass så er du medlem overalt og kan fritt besøke andre losjer når du er ute å reiser.

 

Når det gjelder relgionendelen så følger ikkje frimurerene ein bestemt trusrettning, men det er eit krav at medlemane skal tru på at det finnes noke som er større en mennesket. Så det skal ikkje spele nokon rolle om du er kristen, muslim, jøde, buddist, osv sjølv om hovedsaken av medlemane nok er kristne.

Det er også stor forskjell på kor opptatt av relgion og ritualer dei forskjellige losjane er. Enkelte har veldig lite ritualer og er meir ein strikkeklubb for menn, medan andre losjar er tungt relgiøse med strenge reglar og ritualer.

 

Når det gjeld dette med hemmeligheiter og liknande så er vel dette i stor grad konspirasjonsteorier utan at dette kan bevisast. Frimurere sverger ed på at dei ikkje skal røpe hemmeligheiter. I tillegg så vil nok ikkje frimurerbevegelsen ha noke å tjene på å gå aktivt ut og avvise ryktene om at dei kontrolerer verden og liknande sidan det tross alt bygger opp om frimurerane sin makt og innflytelse.

 

 

 

Innser no at eg har plukka opp litt meir en kva eg trudde, men eg håper likevell dette var til hjelp. Ein faktisk frimurer kan nok kanskje svare betre men det er kanskje tvilsomt at dei vil fortelle så mykje då dette som påpeikt øydelegger litt for mystikken rundt frimurerordenen.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...