Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Bruktbilpris for 1997-modell Citroën ZX 1,4i før og etter utbetring av feil


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Hei!

 

Eg prøvar å finne ut kor mykje ein kan forvente å få ved sal av ein brukt Citroën ZX 1,4i (3-dørs) frå 1997. Kilometerstanden er rundt 235.000 km. Han ser OK ut (ein del små bulkar rundt ikring, samt sprekk i plasten under fremre støytfangar) og er i god teknisk stand, med unntak av fylgjande:

 

- Motor til bakre vindaugspussar er gåen

- Viftemotor til friskluftsanlegg er gåen

- Lekkasje i eksosanlegg (eg lyt studere bilen nærare før eg veit kor omfattande dette er)

- Problem med låsing av førardøra (dette er berre døra som har sige litt ned, eg reknar med å klare å fikse dette sjølv utan kostnad)

 

Eg har ikkje fått gått over bilen skikkeleg enno, så det kan vere andre småting som dukkar opp. Eg har kikka på Finn.no, og ser at bilar av denne typen ligg ute for alt mellom kr. 5.500,- til kr. 30.000,-.

 

Litt av spørsmålet er kor mykje det er verdt å bruke på denne bilen for å utbetre dei tinga eg har nemnt viss planen er å selje han. Det er til dømes liten vits i å bruke kr. 10.000,- på delar viss ein berre aukar prisen med kr. 5.000,-. I forhold til dei tinga eg har nemnt over så har eg ingen problem med å gjere arbeidet sjølv, så arbeidskostnad er ikkje ein faktor. Vidare så tenkjer eg å bruke uoriginale/brukte delar så langt det går for å halde kostnadane nede.

 

Slik det ser ut no så reknar eg med at eg kan få tak i motor til vindaugspussar, vifte til friskluftsanlegg og komplett eksosanlegg for i underkant av kr. 5.000,- (i underkant av kr. 8.000,- viss eg må skifte katalysatoren òg). Eg har ingen planar per i dag om å utbetre karosseriskadane.

 

Kva trur de, er det verdt det å bruke såpass på denne bilen? Kva trur de ein kan få for han før og etter utbetring av det eg har nemnt?

Endret av Garegaupa
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Hei, dette er den evige frågan ved bruktbilsalg som du også har sett poenget i: Ikke vits i å satse 10000 kroner og masse dyrebar fritid for å tjene 5000. Tror en ZX er hard å selge uten at den er EU-godkjent og noenlunde komplett.

 

En brukt vifte koster ca 500 kr til VW. (Flere tusen ny!) Husk at den også kan være elektriske motstander som er gåen. Går du til forhandler, prøver de sikkert å selge deg begge deler. Dette bør du fikse. Jeg hater kalde biler. På noen biler trenger du Haynes bok + masse motivasjon og tid før viften er byttet. (+ masse ekstra skruer etter at jobben er gjennomført. )

 

Vinterpusser bak bør også skiftes dersom du får fatt i brukt. =122132100&vcx1=1745&vcx2=1431&pc[0]=124100102"]Sjekk svenske bildeldatabasen for deler. For å spare porto, finn noen som har en komplett bil. Sjekk også etter støtfanger fremme.

 

Døren klarer du sikkert å fikse selv.

 

Alt dette + rengjøring av bil er sikket unnagjort på en lørdag.

 

Eksos er mat for lydpottefirmaer. Eksos er meget tidkrevende og ender som regel opp med mer enn en tur til bildelfirma + masse rusk i øynene og kjings i ryggen.

Skrevet

Hei, og takk for svar!

 

Bilen er EU-godkjend fram til september 2011, og bortsett frå dei tinga eg har nemnt så er han komplett og i grei stand.

 

Eg har Haynes-boka, og eg har sjekka litt rundt på sjølve bilen (det er ikkje min bil, så eg tek det litt innimellom når eigaren er til stades). Både motoren til vindaugspussaren og vifta til friskluftsanlegget ligg veldig greitt til og bør verte enkle å skifte. Men eg lyt feilsøkje litt meir rundt vifta så eg er heilt sikker på kva som er gale. Som du påpeikar hjelper det lite å skifte vifta viss det er ein annan komponent som er gåen.

 

Døra går nok greitt, ja. Eksosen er eg heller ikkje så bekymra for, eg har plundra med den slags før og har god tilgang på verktøy. Men, som du seier, det vert fort litt rusk i augo og snedige arbeidsstillingar... ;) Så får eg sjå om eg kunne fått tak i ein ny støytfangar òg - det hadde sjølvsagt hjelpt på utsjånaden viss ein kunne fått tak i ein utan å bruke for mykje pengar på det. Og som du seier, ei god reingjering må sjølvsagt til, både ut- og innvendig.

 

Elles vert alle kvalifiserte gjettingar om salspris mottekne med takk! Ein bør no vel kunne få kr. 10.000,- for han viss ein får fiksa dei tinga eg har nemnt?

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...