Gå til innhold

Kontormaskin - 4:3-skjerm?


enixitan

Anbefalte innlegg

Hei. Eg har ein gamal travar av ei maskin, som syng på siste verset (delar av dekslet ramlar av, skjermen må ha tid på å varme seg opp, 1 minutt batteritid). Denne må eg skifte ut, men eg strevar med å finne noko som passar.

 

Bruk

Spel er heilt utelukka, det same gjeld film. Eg har andre maskiner for slike jobbar. Denne vert i hovudsak brukt til skriving og surfing på reise, kanskje litt bildekikking.

 

Krav

* Lagring er ikkje noko å tenke på. Eg har i dag 30 GB, og klarer meg fint med det.

* Eg ynskjer ein god skjerm, av matt type. 14-16", 4:3-format er det eg helst vil ha, men det ser ikkje ut til å eksistere lenger - eller har eg gått glipp av noko? 16:10 kan gå, 16:9 er for smalt.

* Eg skal skrive mykje på denne, eg ynskjer eit godt tastatur. Numpad er ikkje nødvendig.

* 2 GB RAM, men gjerne meir.

* Linux-kompatibilitet er eit pluss, men kan nedvurderas om maskina elles er godt innanfor krava.

 

Elles ynskjer eg naturlegvis god batteritid, og noko som helst ikkje er alt for tjukt.

 

Prisklasse: Kva må eg betale? Eg håpar å sleppe under 8000, men kom med det du veit om.

 

Eg håpar nokon har eit godt tips eller to. :)

Endret av enixitan
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...