Gå til innhold

Ett land, flere lender.


Blåbær

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Veit no ikkje heilt om det er svensk eller norsk som ligg nærast urspråket. Norsk har diftongane og tri kjønn, medan svensk har holdt på a-ane i mellom anna infinitiv (vara, göra) og bunden form adjektiv (nya världen). Svensk har òg haldi på mykje av bøyinga: «sida - sidan - sidor - sidorna» («síða - síðan - síður - síðurnar») og «finna - finner - fann - funnit» («finna - finnr - fann - funnit»). Eg vil seia nynorsk og svensk er om lag like langt ifrå norrønt, medan bokmål (eit kunstig språk) er lenger ifrå. Norsken i Jan Prahls Ny Hungrvekja trur eg er det næraste vi kjem norrønt her på fastlandet.

 

Thet aer jv inte vtan en wiss nyfiikenhet en fvnderar oefer hvr det blef saa.

Det aer dock vppenbart at Norska staar naermare urspraaket aen Svenska.

Er du full?

Ser meir ut som mellomsvensk (vtan for utan, thet for det, ae for ä).

 

 

 

Kan hende mitt siste innlegg på bokmål på ei stund er skrivi, det har vori altfor lite nynorsk frå meg den siste tida...

Lenke til kommentar
medan bokmål (eit kunstig språk) er lenger ifrå.

 

Vis meg eit skriftspråk som ikkje er kunstig og eg skal gje deg halve kongeriket og prinsessa med.

Godt sagt, det der skulle ha vori utdjupa meir. Eg meinte at bokmålet er tukla so mykje med at alt ikkje heng heilt på greip. Det er altso kunstig i tydinga «unaturleg». Til dømes skal det heite «bred» med d, men «brei» utan d. Det er lov å skriva kunstige ord som «beinene» og «øydemarken» (språkutviklinga har ikkje gjevi oss desse orda). Derimot har dei fjerna «have», «drage» og «take» osb. (kvifor ikkje godta *bynne?), men att stend «ansøkning» som eit godteki ord i ordboka. Hossen skal ein skjøna kvar k-en i tok og g-en i drog kjem ifrå? Eit språk treng ikkje vera so planlaust.

Lenke til kommentar

Anser du, som talare av det Nynorska tungomålet, att nynorska är bättre än Bokmål? Isåfall varför? Eller är det för traditionens och nationalismens skull, kanske?

Vill ni inte bli påminda om att ni en gång varit en del av Danmark?

 

Personligen finner jag Bokmål vara fagrare än Nynorskan, en del ord åsido.

 

Vet ni om Nynorskan "Eg" kommer ifrån det latiska ordet "Ego"?

Island använder också Eg, har jag sett.

I gammalskånska använder man Ek.

 

Ek sto i skauen opp ti hoet i auogauene fyle o snaublag.

Jag stod i skogen upp till huvudet i döda (avgångna) fåglar och våtsnö

 

Vet någon vad detta betyder?

Egh ma han ok dræpa ællæ fanga

 

Betyder det

Egentligen må han också dräpa alla fångar?

Lenke til kommentar
Anser du, som talare av det Nynorska tungomålet, att nynorska är bättre än Bokmål? Isåfall varför? Eller är det för traditionens och nationalismens skull, kanske?

Vill ni inte bli påminda om att ni en gång varit en del av Danmark?

Eg synest nynorsk er eit betre fellesspråk for heile Norge. Bokmålet har rot i dansk og høver best for dei som talar variantar av «dannet dagligtale». Til og med i og ikring Oslo finn vi nynorsktrekk som kløyvd infinitiv og supinum på -i. Litt lenger ifrå finst -æne og -ane i fleirtall i hannkjønnsorda.

 

Ofte når eg skriv bokmål vert eg mint på at Norge og Danmark var i union, det er klårt, men vi må ikkje gløyma at nordmenn òg skreiv (og difor òg utvikla) dansken. Det var ikkje berre noko dei tvinga på oss.

 

Elles har nynorsken, serleg i si opphavlege form (landsmål), fleire historiske skrivemåtar, som svensk og dansk. Mellom anna er «have»/«hava» godteken form i svensk, dansk og nynorsk, men ikkje i bokmål. «Kva» vart før skrivi med t i landsmålet (kvat), på same måte har svensk og dansk ein d på slutten. Tradisjonell ending -or i mangtal av veike hokjønnsord finst enno i svensk og i nynorsk som sideform, men ikkje i bokmål. Slikt meiner eg personleg at vi må halda på, men så hadde norsk grammatikk vori slik om det var opp til meg, då: «Ek tekr skålin med eplin ok leggr deim uppå bordit ved sidan af perorna. Matinn heyrir heima dar ok skal ikki andra stadir vera.»

 

Vet ni om Nynorskan "Eg" kommer ifrån det latiska ordet "Ego"?

Island använder också Eg, har jag sett.

I gammalskånska använder man Ek.

Jeg, jag, je, æ, eg osb. kjem alle ifrå urnordisk *eka, som gjennom bryting har vorti «jak» (aust) og utan bryting vorti «ek» (vest). *Eka kjem igjen ifrå urgermansk *ekan, seinare òg *ik (nld. «ik», eng. «I», hty «ich»), som har rot i urindoeuropeisk *éǵoH. Latin og gresk «ego» kjem herifrå òg. Norrønt «ek» vart i norsk «eg» på same måte som «ok» (sv. «och») vart «og». På Island er vel «eg» og «ek» gamle former som ikkje vert nytta meir. I staden nyttar dei «ég», uttala «jeg». É var før i tida lang e, men vart «je».

 

Vet någon vad detta betyder?
Egh ma han ok dræpa ællæ fanga

 

Betyder det

Egentligen må han också dräpa alla fångar?

Eg vil gissa på «eg må òg drepa eller fanga honom», men eg kan sers lite om unormalisert gamalsvensk.

Endret av 9E2
Lenke til kommentar
Anser du, som talare av det Nynorska tungomålet, att nynorska är bättre än Bokmål? Isåfall varför? Eller är det för traditionens och nationalismens skull, kanske?

Vill ni inte bli påminda om att ni en gång varit en del av Danmark?

Orsak at eg blandar meg inn, men eg vil gjerne svara på dette spørsmålet.

 

Eg har i alle år tala meir eller mindre bokmål; ettersom det er sett på som "riktig" av skulane her i Oslo-området. Å "tala" nynorsk er meg difor ganske absurd, ettersom målføret mitt ikkje ligg i nærleiken av det. Likevel sit eg her idag og skriv på nynorsk, og i tillegg til å skriva nynorsk, importerer eg ein del av nynorsken inn i munnleg tale og prøver å bruka dei litt gamle dialektorda, som "å børja" istaden for "å begynne". Bokmålet har eit svært fast grep i meg, men det lausnar litt meir for kvar dag.

 

Du spør om eg ser på nynorsken som betre enn bokmål, og svaret mitt er: Ja, faktisk. Dette ikkje av tradisjon eller nasjonalisme, men eg meiner rett og slett at det er eit vakrare og reinare språk enn bokmålet. Eg meiner det same om svensk, færøysk og islandsk. Dei er alle veldig vakre språk, i mi meining. Det har lite med kongeriket å gjera, men bare kva eg meiner eg vakrast.

 

Eg pressar ikkje nynorsken på andre og er imot å halda nynorsken i live på kunstig vis, som gjennom tvungen sidemålsundervisning eller språkkvotar i offentleg sektor. Folk skal få skriva akkurat slik det passar dei, og eg står fast på min eigen rett til det same. Kultur skal vera fritt, altså frivillig. Eit "kulturspråk" som nynorsk bør altså vera skriven frivillig. Bokmålet er meir tilpassingsdyktig, eller meir levedyktig, og difor vinn det den norske målstriden.

Lenke til kommentar

9E2

 

Mycket intressant. Särskillt ursprunget till jeg, jag, eg, ek.

Lingvistik är ett av mina favoritämnen. Men tyvärr saknar jag ganska mycket kunskap inom området.

 

Ek tekr skålin med eplin ok leggr deim uppå bordit ved sidan af perorna. Matinn heyrir heima dar ok skal ikki andra stadir vera

Jag tar skålen med äpplen och lägger den uppå bordet vid sidan av päronen. Maten hör hemma där och skall inte vara på andra ställen.

 

Jag hoppas att det var korrekt. Det låter i alla fall bra.

 

mosleth

 

Jag håller med dig, det finns en viss lingvistisk estetik i Nynorskan som Bokmålet saknar.

Ett exempel på detta är användningen av ordet heim istället för hjem, som i mitt tycke är vackrare. Även om det var för nationalistiska syften, så hade jag likväl förstått det.

Språket enar folket, och folket enas under språket.

Dock kan två språk leda till segregation, och därefter exkludering av de som talar 'oönskade' former av Norskan. Samma sak ser vi redan idag när det gäller för dialekter.

Lenke til kommentar
Ek tekr skålin med eplin ok leggr deim uppå bordit ved sidan af perorna. Matinn heyrir heima dar ok skal ikki andra stadir vera

Jag tar skålen med äpplen och lägger den uppå bordet vid sidan av päronen. Maten hör hemma där och skall inte vara på andra ställen.

 

Jag hoppas att det var korrekt. Det låter i alla fall bra.

Ja, det var heilt korrekt :thumbup: .

 

Eg ser forresten no at eg burde skrivi «vid sidan» (som i svensk og norrønt). Her vart eg påverka av moderne norsk rettskriving. Og so skulle det ha stått «leggr dan» i staden for «leggr deim» - eg skreiv fyrst «ek tekr eplin og leggr deim i skålin ...».

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...