Gå til innhold

Prosjekt: Trafikklys med straumforsyning


Anbefalte innlegg

Oppgåve:

 

De skal konstruere eit tovegs trafikklys med 4 lys-sett. De skal konstruere både nettdel, digitaldel og lysdel. Det er nok å vise krinsløysning for to av lys-setta(eit i kvar retning). Det skal monterast på eit krinskort for straumforsyninga og eit krinskort for digitaldelen.

 

Generelle spsifikasjonar:

  • Lysdiodar
  • TTL (LS) krinsar
  • Printkort til straumforsyning og digitaldel

Spesifikasjonar for straumforsyning:

  • +-12V, 1A regulatorar skal utførast med diskrete komponentar
  • +- 5V, 0,5A regulatorar kan utførast med IC

Spesifikasjonar for digitaldel:

  • Lysa skal regulerast etter sanningstabellen de har utarbeida i gruppa.

Har fått eit prosjekt på skulen (VG2 data & elektronikk) der me skal laga eit lyskryss med tilhøyrande straumforsyning. Her kjem det å komma litt oppdateringar rundt prosjektet og kanskje nokre bilder. Eg vil å nytta denne tråden til å spørje folk på forumet etter ting eg lurer på.

 

Til å lage 5volts straumforsyningen har eg teinkt å bruke spenningsregulator 7805 og 7905, ein til negativ og ein til positiv. Men før eg får nytte desse treng eg å vite korleis eg skal få negativ spenning ut av ein likerettar. Har sitt litt i bøker å teinkt litt på det utan å ha komme fram til noko fornuftigt. Vist nokon har noko å hjelpe til med der er eg svært takknemleg.

 

Det samme gjeld 12volts straumforsyningen. Treng og hjelp der til å finne ut korleis eg skal få negativ spenning ut av likerettaren. Ellers skal kretsen bestå av 2 transistorar for å regulere spenninga. Satsar på å få ferdig eit kretsskjema eller to for å få lagt ut.

 

Stay tuned, oppdatering kjem.

 

Takkar for alle bidrag i tråden :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
...korleis eg skal få negativ spenning ut av ein likerettar. ...

Det er ikke noe spesiellt med det, akkurat samme likeretteren.

Tenk deg at du har to batterier, hver med en ledning til pluss og minus. Hvis du kobler sammen pluss fra det ene batteriet til minus fra det andre batteriet, og kaller denne sammenkoblingen for 'jord'. Da har du jo både positiv og negativ spenning.

Lenke til kommentar

Her kjem ein oppdatering over dagens arbeid.

 

I dag har me kopla opp straumforsyningen for 12V for å teste om alt fungerte. Den positive sida på straumforsyninga var ok, men det var ikkje den negative. Her fekk eg alt for liten spenning(ned i ca1V på det minste). Etter litt knoting med ulike størrelsar på nokre motstandar enda eg til slutt opp med 12.5 volt. Spenninga sank ned til ca. 12.4 ved 120ohm last. No skal det og seiast at eg hadde ikkje den beste straumforsyiningen i forkant. Kuttar ut likerettinga berre for å teste om reguleringa i kretsen fungerar.

 

Har og jobba litt med styringa av trafikklyset. Prøvde først ein einkel kopling med teljar kretsen og ei nand brikke. Dette var ei svært enkel kopling men det viste seg at det var ein liten feil på denne. Då va det berre å sette seg ned å fundere på korleis dette problemet kunne løysast på best muleg måte. Etter litt samarbeid på tvers av gruppene kom me fram til ein brukbar løysning som det viste seg skulle fungere ok. Eg har og starta med å kople opp denne løysninga for å teste den litt før den blir lodda på kretskort.

 

I morgon må me gjera ferdigt alt av tegningar og anna papirarbeid og få sett i gang med å montere komponentane på kretskort. Eg trur ikkje me rekk å få bjønt på kretskortet før etter haustferien. Men det vil no tiden vise.

 

Her kjem nokre tegningar:

 

12V straumforsyning

post-110197-1222878846_thumb.jpg

Merk deg at nokre av motstandane på den negative sida ikkje har rett verdi.

 

5V straumforsyning

post-110197-1222878914_thumb.jpg

 

Styringskrets

post-110197-1222878952_thumb.jpg

 

 

Her kjem nokre bilder frå dagen:

 

Frå oppkopling av 12V straumforsyning

post-110197-1222879152_thumb.jpg

 

Tegning av krets

post-110197-1222879403_thumb.jpg

 

Arbeidsplassen

post-110197-1222879455_thumb.jpg

 

Testing av styringskretsen

post-110197-1222879530_thumb.jpg

 

 

Oppdatering kjem.

Lenke til kommentar

hehe såg med ein gang på oppgaveteksten at det handlar om Sogndal VGS :tease: typisk første prosjekt av sverre og ole.

Det med at dei skal ha både positiv og negativ straumforsyning er at dei skal vise at dei kan konstruere den og skjønner oppkoblinga.

Eg hadde akkurat samme oppgåva for 2år sia, og har vel fortsatt alt liggande heime på maskina.

Lenke til kommentar

Hehe, Trafikklys er vel en gjenganger!

Det var 2. semesters prosjekt på ingeniørhogskolen.

Elektronikkgutta brukte IC-kretser (teller tror jeg).

Og Automasjonsgutta programmerte det på PLS.

 

Samt LED-trafikklys ble byggt på en treplate så det så litt ekte ut!

 

LYKKE TIL ;)

 

Du slepper vel å skrive en 50 sider rapport?

Lenke til kommentar

Då var me igang etter ein fin haustferie.

Har starta med å lodde fast komponentane. Har kome godt igang men mykje gjennstår.

 

Har berre eit bilde for denne gong og det er frå då me skal finne ein passeleg plassering på komponentane..

 

post-110197-1223969357_thumb.jpg

 

Dette var alt for denne gong.

 

Kjem oppdatering iløpet av kvelden eller morogndagen..

Lenke til kommentar

Har jobba ein del i går og i dag. Er snart ferdig med styringa til lyskrysset. Her manglar det berre nokre motstandar til transistorane og lysdiodane så er den komplett. Testa styringa i dag. Etter fleire funn av små feil kom eg fram til at det var noko gale med teljaren eg brukte. Den har fire utgangar(a,b,c,d) og det var ikkje signal på D utgangen. Kva dette skuldast er uvist men skal prøve å bytte denne i morgon.

 

Her kjem nokre bilder av styringen.

 

Klar til testing

post-110197-1224102734_thumb.jpg

 

Under oppkopling

post-110197-1224102775_thumb.jpg

 

Straumforsyning

post-110197-1224102798_thumb.jpg

 

Dette var straumforsyningen før eg begynte med den i dag. Kan ta eit bilde av den når eg kjem på skulen i måro for å vise ein liten forandring. Stasar på å bli ferdig med den i måro, men det kjem an på kor lang ti eg brukar på å gjere ferdig styringen..

 

Me har og montert lysdiodar på ei sponplate. Dette blir ein liten modell av eit lyskryss. Skal vel skaffe bilde av den og.

 

Håpar nokon har nokre kommentarar eller liknande angåande prosjektet. ;)

Lenke til kommentar

Her kjeme ein liten oppdatering. Ser det er ei stund sidan sist.

 

Prosjektet går sakte men sikkert framover. Fristen for å bli ferdig var eigentleg på måndag, men me fekk ei veke lenger tid på oss. Trur det blir få som er ferdige med heile prosjektet til den tid. Sidan eg ikkje har den beste kunnskapen om temaet går det mykje tid med til fundering på ting som er lett for den som kan det. Er forsatt ikkje ferdig med ein straumforsyning som fungerar optimalt. Fryktar at ein av transistorane eller spenningsregulatorane er kortslutta, eller det kan vere noko feil med likerettinga. Har målt og testa litt i dag utan å ha kome fram til noko brukbart resultat.

 

Når det gjeld styringa til lyskrysset ligg me helle ikkje spessielt bra ann der heller. Har funne ut at eine det grøne lyset eg kopla opp lyser feil annakvar gong når det skal gå over til raudt. Har sete lenge å sitt på sanningstabbelen, det logiske uttrykket og karnaugh diagramet. Alt ser bra ut bortsett får det endelege resultatet. Skal prøve å komme så langt som muleg med straumforsyningen og styringen i morgon. Trur ikkje eg rekk å bli ferdig med alt.

 

Skal og skrive ein rapport og lage til ei framvisning. Her står det og igjenn ein heil del arbeid...

 

Nokre bilder:

 

Straumforsyning over og underside

 

post-110197-1224626430_thumb.jpg

post-110197-1224627522_thumb.jpg

 

Sjølve trafikklyset:

 

post-110197-1224627580_thumb.jpg

post-110197-1224627621_thumb.jpg

 

 

Trur dette var alt for denne gang ..

 

Oppdatering kjem !

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...