Gå til innhold

Gullars

Medlemmer
  • Innlegg

    1 053
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Gullars

  1. Hei!

     

    Har eit snodig problem... Etter at eg sletta den gamle XP-partisjonen min vil eg allokera den ledige plassen til dei to resterande partisjonane på disken min. C: er partisjonen der Win7 er installert. D: er ein partisjon med kun filer.

     

    Allokeringa til C: gjekk heilt fint, men det går rett og slett ikkje an å allokera til D: Valet "extend volume" i menyen vil ikkje aktiverast (sjå bilde). Tips? Finst det andre partisjoneringsverktøy som fungerer i Win7?

    post-7901-1236772205_thumb.jpg

  2. Eg køyrte WinXP og Win7, men var såpass nøgd med Win7 at eg valde å sletta XP. I det eg gjorde dette mista eg dualboot-programmet, som tydelegvis blei køyrt frå XP-partisjonen. Det gjer at eg nå heller ikkje får køyrt Win7.

     

    Har installert eit nytt OS (anna utgåve av Win7) på XP-disken, slik at eg kjem meg på nett og kan få gjort det eg treng for å få starta den Win7-installasjonen som eg ønskjer å starta.

     

    Korleis må eg gå fram?

  3. Har "problemer" med webkameraet mitt (Acer CrystalEye). Det blir installert, men har ikkje programvare til å køyra det. Dette blei installert automatisk i XP/Vista. Har Win7 nokre smarte løysingar for webcam?

     

    Du har jo softwaren som du får lastet ned fra Acer sine sider. Ellers kan du bruke www.cameroid.com

     

    Fann ingen software på Acer sine sider. Cameroid er jo kun websoftware. Nokon som har ein installasjon å anbefala?

  4. Har installert Win7 på den eine partisjonen, men har eit mystisk problem. Det verkar som om Win7 øydeleggjer partisjonen det køyrer på. Etter å ha brukt Win7 ei stund får eg melding om at han ikkje kan lagra midlertidige filer. Når eg startar på nytt finn han feil på partisjonen som han ikkje klarar å fiksa.

     

    Når eg derimot går inn i XP kan eg fiksa partisjonen med Acronis. Etter ei stund i Win7 igjen skjer det same på nytt...

     

    Forslag til løysing på problemet?

  5. Har eit mystisk problem. Det verkar som om Win7 øydeleggjer partisjonen det køyrer på. Etter å ha brukt Win7 ei stund får eg melding om at han ikkje kan lagra midlertidige filer. Når eg startar på nytt finn han feil på partisjonen som han ikkje klarar å fiksa.

     

    Når eg derimot går inn i XP kan eg fiksa partisjonen med Acronis. Etter ei stund i Win7 igjen skjer det same på nytt...

×
×
  • Opprett ny...