Gå til innhold

Gullars

Medlemmer
  • Innlegg

    1 053
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Gullars

  1. Hei. Den frivillige organisasjonen eg er med i skal kjøpa utstyr for NOK 14.000,- i Sverige. Beløpet kan fordelast på einingar á ca NOK 500 pr stk.

     

    Korleis bør me gjera dette for å unngå toll og moms på lovleg vis?

     

    Plan: Me er tre stk som reiser over og er der meir enn 24 timar. Me har då, slik eg har forstått det, lov å ta med utstyr for inntil NOK 6000 kvar - tollfritt. Så langt bør det ikkje vera noko problem. Men kva med moms? Frå 2010 er det momsfritak for frivillige organisasjonar i Norge. Ettersom det til sjuande og sist er organisasjonen som skal ha utstyret er dette altså noko me vil få med oss. Utfordringa då er at me må frakta det inn som privatpersonar for å få det under grensa på NOK 6000, men dermed ikkje har krav på momsfritak.

     

    Korleis kan dette enklast ordnast på lovleg vis?

  2. Hei.

     

    Har planar om å gjera litt amatøropptak på pc-en min. Tenkte difor å kjøpa ein liten miksar (eller eksternt lydkort? - usikker på skilnaden) med fleire kanalar. Har eit forholdsvis lite budsjett. Så få tusenlappa som muleg. Må gå på USB. Forslag?

     

    Gitaren min er for øvrig heilakustisk, så eg treng ein mikrofon som kan fungera til gitar. Må ha vokalmikrofon óg, men optimalt er det med ein mikrofon som kan brukast til begge deler, då eg berre vil ta eitt spor om gongen. Forslag til dette óg?

  3. Hei!

     

    Eg har tre kalenderar: Jobb, Privat og Kor.

     

    Eg har jobbkalenderen på Outlook. Denne kan eg ikkje nå via Exchange, så eg må bruka kabel og iTunes. Privat er kalenderen min på Google Calendar. Kor er ein annan kalender eg har på Google Calendar, men kun som abonnent.

     

    Slik det er nå har eg alle tre kalenderane på iPhone, noko som fungerer ok. Eg vil imidlertid óg at Outlook skal abonnera på dei to privatkalenderane mine, slik at eg har oversikt over alle kalenderane i Outlook og iPhone. Optimalt hadde det vore om óg Google Calendar abonnerte på jobbkalenderen min.

     

    Styring av jobbkalender i Outlook/iPhone, privatkalender i Google Calendar/iPhone og kun abonnement på den tredje altså...

     

    Tilsvarande kunne eg tenkt meg å ha alle kontaktane synkroniserte. Slik iPhone behandlar dei nå får eg ei liste for Gmail og ei for Outlook. Eg hadde helst sett at dette var ei felles liste, slik at når eg oppdaterer ein kontakt på Google, Outlook eller iPhone, så blir alle kontaktane oppdatert til siste versjon.

  4. Eg har ein Google kalender. I tillegg abonnerer eg på ein annan. Når eg synkroniserer kalenderen mot mobilen får eg kun til å synkronisera data frå min eigen kalender - ikkje den eg abonnerer på.

     

    Det vil seia at mobilen manglar alle aktivitetane frå kalenderen som eg abonnerer på.

     

    Finst det løysingar på problemet?

  5. Nokon som har høyrt om nokon som har hatt problemer med oppgradering frå 7022 til 7100? Kunne tenkt meg å prøva, men har litt kritiske dagar fram til sommaren, og det siste eg treng er ein maskinkrasj...

     

    Eg må visst komplisera spørsmålet litt. Eg innbilte meg at laptopen ikkje hadde støtte for 64bit. Men der tok eg ifølgje dette programmet feil.

     

    Er det slik å forstå at ein alltid bør installera 64bit dersom PC'en har støtte for det? Er det muleg å oppgradera frå 32bit til 64bit? Kjente komplikasjonar?

  6. Hei!

     

    Eg skal til Oslo ei veke, og skal bu i ein leilighet utan breiband. Kva metodar kan eg nytta for å kopla meg opp mot nett? Eg har sett på mobilt breiband, men med tanke på at eg kun skal nytta det i ei veke blir det fort litt dyrt med alle oppstartskostnadene etc.

     

    Går det an å kopla opp telefonen (3G) som modem? Blir dette fort veldig dyrt? Eg nyttar OneCall...

     

    Håpar på bra input her :)

×
×
  • Opprett ny...