Problemet her er jo at om ein skal får vekk faenskapet i russland så MÅ ein invadere russland, og erstatte dagens ledelse med eit nytt styre. Dette er noko som vil ta fleire år etter at krigen er vunnet, og koste mykje pengar.
I 1945 forstod alle kva som var naudsynt i Tyskland, og alle nasjonane unntatt Sovjetunionen bidro til å bygge opp igjen Tyskland til eit demokratisk styrt samfunn. Sovjetunionene lagde berre faenskap den gongen og.
I dag er vi ikkje komne så langt at vi er einige om å gjere det som må gjerast med russland, og dessuten så har russland atomvåpen som putler heilt sikkert vil bruke om NATO står på bygrensa i Moskva. Det einaste vi kan gjere er å hjelpe Ukraina med våpen til å stå i mot. Vi har desverre ikkje gjort så mykje som vi kunne eller burde gjort.
Så må vi håpe på at russarane sjølve ordner opp med faenskapet som i dag leder russland. Eg er ikkje optimist på det punktet.
Det vi MÅ gjere er å sikre att alle nasjonar som grenser til russland har sterkt nok forsvar til at russerfaenskapen ikkje våger å lage meir faenskap. Vi har desverre langt igjen, og med tafatte politiske ledere som Scholz og Støre går det seint.