Gå til innhold

knuto

Medlemmer
  • Innlegg

    291
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av knuto

  1. Jeg personlig bruker system(), jeg vet at jeg ikke burde bruke den.

    Men det blir lettest for meg, slik.

     

    Hvorfor kaller mange kode for script?

    5312492[/snapback]

    Funksjonen system ligg så vidt eg veit i stdlib. Viss du skal bruke den må du inkludere cstdlib, men av ein eller annan grunn må du visst ikkje det i din kompilator... :p

     

    Eg er av dei som ofte klarer å skrive script med uhell. Er for vand med å scripte PHP... :p

  2. Sant nok. Ein annan ting er jo at det ikkje vil fungere som make der filer som ikkje er endra ikkje blir kompilerte.

     

    Men eg syns endå det er ein smule merkeleg at det ikkje f.eks. finst ein ting som dette: #include_once "fil.cpp"; med eit system som i tillegg sjekka at fila ikkje allereie var kompilert.

     

    I mitt hovud (som PHP-programmerar) ville det vore mykje enklare, og ein hadde sluppe headerfiler.

     

    Ein heilt annan diskusjon som eg òg syns er tåpeleg så lenge eg ikkje har ei god forklaring: Kvifor må plent kompilatoren stoppe fordi det mangler ei tom linje i fila / ei fil? Kvifor kan han ikkje vere så klok at han lager denne linja sjøl? Tåpeleg spør du meg... :p

  3. Ja, det er dritt å skrive i Notepad.

    Der hopper den ikke fram etter klammeparanteser osv.

    5298626[/snapback]

    Det aller meste er håplaust med Notepad, men eg er ikkje enig med deg i det du sa som eit eksempel. Eg takler nesten ikkje ein editor som set inn ein ekstra tabulator i starten av klammeparantes, derimot skal han ha like mange tabs som på forrige linje. Men alle slike meiningar er svært individuelle...

  4. Dreit meg visst litt ut der ja :) Hadde berre ikkje forstått installasjonen heilt. Ser forresten at cygwin bruker deler av WinGW, men er nok ein kompilator i seg sjølv ... Uansett. No er det gang i installasjonen. Trur det blir bra nå. :)

     

    PS: Cygwin er ikkje berre ein kompilator. Du kan òg mange andre ting som telnet ol.

     

    <offtopic>

    Ein ting eg syns er merkeleg er at veldig mange OpenSource-prosjekt er lite brukarvennlege. Greit nok er det at dei ikkje skal dive kundeservice, men at dei kan vere så late å ikkje forklare kva ein skal laste ned for å installere programvaren på ein forståeleg måte er jo tåpeleg...

    </offtopic>

  5. Ja, akkurat. Etter å ha lest artikkelen eg linka til har eg heller lyst å satse på cygwin, men eg kan ikkje fatte og begripe kvifor ikkje g++-kompilatoren blei installert i lag med det andre ... Er kun ei einaste fil som går ann å laste ned frå www.cygwin.org, og eg gjorde jo som artikkelen sa, så fatter ikkje kvifor ikkje kompilatoren var med... Er jo kompilatoren som er vitsen med heile prosjektet... :mad:

  6. Det var då voldsomt!

     

    Fant denne utmerkande artikkelen om kompilering i Windows med makefiles ol: http://www.codeguru.com/cpp/misc/misc/cons...e.php/c8107__1/ Der blir det gjennomgått bruken av cygwin som var akkurat det eg leitte etter, men etter å ha installert det snudde humøret mitt totalt. Det viser seg jo at ingen kompilator er installert med cygwin. I alle fall er det slik at om eg skriv c++ får eg til svar: "bash: g++: command not found"

     

    Nokon som har ein ide?

  7. Hvorfor ikke gå over til Linux? :p

    Der vet jeg at det er mye dokumentasjon rundt dette området.

    Bruk bare MinGW kompilatoren

    Fant jo dokumentasjon om å kompilere med MinGW, hvis du ikke har sett den før da.

    http://www.mingw.org/docs.shtml#compilingandbuilding

    Har ikke sett så nøye på den.

    5297723[/snapback]

    Nytter ikkje å kompilere før kompilatoren er installert ...

     

    Linux hadde vore kupp det, men ingen som eg kjenner brukar linux. "Lite vits" å programmere program som berre fungerar på min PC. (kjem jo svært ann på om det er eit nytteprogram eller ikkje) Eg er for platformuavhennigheit :)

  8. Dev-C++ er et bra IDE, den bruker MinGW, samme som g++, men for Windows, tror jeg.

    5297494[/snapback]

    Eg er fult klar over det, og har brukt Dev-C++ ein heil del, men eg liker ikkje IDE-et til Dev. Det er ufatteleg vanskeleg å berre bruke dev til kompilering, og bruke Programmers Notepad til programmeringa, sjølv om PN er tusen gongar betre (etter mi meining).

     

    Dessutan vil eg helst lære meg skikkeleg å kompilere ol. via ledetekst, og ikkje minst føle at eg meistrar dette med ekstra bibliotek ol.

  9. Min karriere som datainterresert er dominert av PHP-programmering. Tre–fire gongar har eg sett på C++, og eg har lest ei bok osv.

     

    Problemet mitt har alltid vore det at eg aldri har fått til å læra meg dette med kompilering. Alle bøker guidar osv. er som regel til Linux.

     

    Om det ikkje finst, så hadde eg vorte ufatteleg takknemleg om nokon med litt meir greie på dette, skreiv ein god utfyllande FAQ (på norsk). Ellers hadde eg vore hjarteleg glad om nokon kunne besvart meg med passeleg utfyllande svar på desse spørsmåla:

     

    x Windowskompilator. Eg er interresert i å ha ein god kompilator for _standard_ C++. Før brukte eg WinGW, og var fornøgd, men nå er det heile berre eit vas. Nettsidene deira er ufatteleg innvikla. Korleis kan eg installere MSYS med WinGW og få det til å fungera saman? Har lest på nettsidene, men det blir aldri forklart skikkeleg. Det er ørten forskjellege netlastingar ein kan ta ... Før var alt dette berre ein grei installasjon. (men sjølvsagt: Kompilatoren må forstå seg på normal Windowsprogrammering – ikkje berre standard C++)

     

    x Kompilering & make. Veit nokon om ein skikkeleg tutorial til kompilering, og ein om korleis bruke makefiles? Gjerne ein artikkel om korleis lage "store" prosjekt utan ein GUI-basert kompilator.

     

    x Nye bibliotek. Eg har mange gongar hatt lyst å satse på GTK for ein "enkel" måte å implementere grafisk brukargrensesnitt i mine prosjekt. Alle forsøka har gått rett i vasken fordi eg aldri har forstått korleis eg skal få GTK til å fungere i kompilatoren, sjølv om eg er sikker på at det er ein filleting. GTK har derimot ein freistande god dokumentasjon. Korleis kan eg leggje til slike bibliotek til kompilatoren?

  10. Hallo!

     

    Eg var i grunnen litt i tvil om dette spørsmålet skulle vore her eller i C++-kategorien, så eg får håpe at nokon her har litt peiling.

     

    Eg driv ei webside, og har i den anledning tenkt å lage eit program på min eigen datamaskin som nettsida kan kommunisere med. Altså på socketbasis. PHP (scriptspråket på serveren) skal då kunne kontakte programmet mitt på min IP-adresse og ein viss port, og få informasjon frå dette programmet.

     

    Men korleis går det ann å gjere dette sikkert? For at eg skal kunne gjennomføre det må eg vel opne ein port i brannmuren i routeren? Og då kan ein lur hacker trenge seg inn? Og det er vel det same kvaforein port dette går gjennom, berre det ikkje f.eks. er port 80 som er HTTP sin port?

  11. Hallo!

     

    Eg har eit spørsmål her som no på morgonskvisten overgår min IQ...

     

    I statistikken for referentar på heimesida mi har brukar eg denne spørjinga:

    SELECT ip, referer, COUNT(*) as count
    FROM {$KnutoStat['mysql']['table']}
    WHERE
    referer NOT LIKE '%knuto.frac.dk%'
    AND
    referer NOT LIKE '%localhost%'
    AND
    referer != ''
    GROUP BY referer
    ORDER BY count DESC

    Problemet er berre att nokre pøbler har utnytta dette til reklame for heimesida deira (resultatet er offentleggjort med nummer på kor mange referentar som har kome frå dei forskjellege adressane. Pøblane har toppa dei eiga nettside)

     

    Difor kunne eg tenkt meg å fått inni denne suppa at counten berre skal telje for kvar unike IP-adresse. Slik at det ikkje har noko innverkning om ein person kjem frå sida to gongar med same IP-adresse. Eg kunne sjølvsagt gjort det i PHP, men alt blir mykje meir praktisk viss eg får gjort det gjennom spørringa....

  12. Har akkurat fått sett inn min nye Pentium 4 3,0GHz, og når eg ser på ytelsen til prosessoren, er den delt opp i to HTT-units. Kva er dette, for å seie det enkelt? Kva er fordelen med det? Er det noko nytt? Fant ingen ting om temaet på internett ...

  13. Hallo!

     

    Eg har ein datamaskin der hovudkortet har to ATA kontaktar som begge er ATA-100, men no som eg skal oppgradere, ser det ut som det er vanskeleg å få tak i hovudkort med _to_ ATA-100, men derimot kanskje ein ATA-100 og ein ATA-133 ol. Vil ein harddisk / CD-brennar (som eg i alle fall veit att fungerar på ATA-100) fungere på ein ATA-133? Kva er eigentleg forskjellen?

  14. Hallo!

     

    Eg har alltid trudd at når ein skal bruke litt assembly i C++-koden er det berre å gjere slik:

    asm {
    // asm-kode her
    }

    Men tydeleg vis fungerte ikkje det i Dev-C++. Heller ikkje dette:

    __asm {
    //asm-kode her
    }

     

    Feilmeldinga blir berre:

     

    12 | expected `(' before '{' token

    12 | expected asm body before '{' token

     

    Har aldri hatt bruk for assembly før...

×
×
  • Opprett ny...