Jump to content

knuto

Medlemmer
  • Content Count

    291
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by knuto

  1. Hvilken motor er det i den bilen? Kan du poste når du finner ut hva som er problemet? Jeg har nemlig et veldig tilsvarende problem med en Mitsubishi Carisma GDI 98-mod, og det ser ut til at tidligere eier allerede har prøvd å skifte tennplugger og ledninger til disse, så jeg frykter at problemet er dyrere å løse enn som så.
  2. Det vil vel ikkje ta mange dagar før ein kan lasta ned patchar som fjernar reklamen. Dog ikkje frå Microsoft
  3. Kanskje fontveljaren, ja. Viss du er heldig. Men Microsoft har patent på det nye brukargrensesnittet til Office.
  4. Denne posten burde kanskje vore posta i eit hardware-forum, men eg trur eg finn fleire med Linux-erfaring her. Eg har ein 3 år gammal bærbar datamaskin utan innebygd trådlaust nettverk. Ettersom ikkje alle hardware-produsentane er like spreke på linux-fronten lurer eg på om nokon veit om ein USB-adapter for trådlaust nettverk som fungerer godt med Ubuntulinux? Helst ikkje dyraste sorten.
  5. Dette er vitterlig ikke fenomer som mennesker rår over. 8107350[/snapback] I edens hage var alt berre velstand. Løvene tok ikkje kvarandre osv. Så trossa menneska Gud, og Gud jaga menneska ut frå eden, og ut i ei verd av elende. -- Eit resultat av mennesket sin frie vilje.
  6. Eg er overbevist. Kvifor eg er overbevist er vanskeleg å forklare. Ein god porsjon hjelp av Den Heilage Ande er vel omtrent det korrekte svaret. Bønnesvar og liknande styrkjer jo sjølvsagt trua. Guds nærhet.
  7. Gud er berre god. All tragedie på denne jorda er på grunn av mennesket sin frie vilje.
  8. Dette vart feil. I Kristendommen er det nok å tru at Jesus tok dine synder. Så kjem du til himmelen. Ingen kan gjera betre enn det. Som du seier. Dei som har høyrt evangeliet, men ikkje teke i mot dette, skal, etter kristendommen, koma i evig fortapelse. Det står forsåvidt òg at dei som ikkje har evangeliet, heller ikkje kjem i fortapelsen, men skal forgå. Nå ble jeg litt nyssgjerrig. Hvor i Bibelen står dette? 8106634[/snapback] Les i Romarane kapittel 2.
  9. Guds feil? Han skapte menneska, og levde i saman med dei i edens hage. Då trossa mennesket Gud, og gjorde i mot han. Kan du då seie at noko er Guds feil? Alt er mennesket sin feil. Men når du då trur på Jesus, er ditt menneske (under lova) dødt, og du er blitt født på ny under Jesus Kristus (nåden).
  10. Er vel ikkje så mykje å diskutera. Kan kanskje gjera det ein gong, men tek meg ikkje tid til det akkurat nå i alle fall. Jah, er det ikke enkelt? Hvorfor er akkurat det sant? 8106967[/snapback] Eg trur det er sant. Historiske hendingar, evt. jødisk tradisjon, er ikkje relevant i mi tru. Derfor ser eg ikkje på byrjinga som fakta, men som symbolsk. Mykje er likevel nyttig.
  11. Så vidt jeg vet tok jesus bare støyten for synd -- ikke for lover... Og med det prøver du å seie? Synda hadde ikkje vore til utan lova. Prinsippet med kristendommen:
  12. For å ta dei mest grunnleggjande: - Jesus, messias, skulle bli født av ei jomfru i Davids-ætta. - Jesus skulle bli født i Betlehem. - Jesus skulle døy, og stå opp att. - Jesus skulle ri inn under jubel i Jerusalem på eit esel. (veka før han vart krossfest) Nokon trur at alt er sant, nokon trur at alt er symbolsk. Det har i praksis ikkje noko å seia, så lenge du trur at Jesus tok straffa for syndene då han døydde og stod opp at.
  13. Vi kan legge til: Johannes, Matteus og Lukas har bekreftet at det gamle testamentet ikke er opphevet. Markus går så langt at han sier at til og med loven "de som spotter sine foreldre skal dø" fremdeles gjelder. Jesus selv sier at han ikke er kommet for å oppheve, men for å bekrefte loven... 8106633[/snapback] Gamletestamentet består av veldig mange profetier som Jesus etterpå oppfylte. Jesus fullbrakte, ikkje opphevde, lova. Den som spotter sine foreldre skal dø, men den straffa tok Jesus.
  14. Det nytter ikkje å hetsa kristendommen ved å dra fram skrifter frå gamletestamentet... Dei har levd. 1 dag for Gud kan vera som 1000 dagar som mennesket og omvendt. Ein kan ikkje ta alt i bibelen like bokstaveleg, men symbolsk. Jødisk tradisjon. Irrelevant. Jesus kom og gjorde alt for oss. Alt me treng gjera er å tru på han. Jødisk tradisjon. Irrelevant. Jødisk tradisjon. Irrelevant. Jødisk lov. Fullbrakt av Jesus. Og uansett: Alle som synder skal drepast. Jesus vart drepen for våre synder. Difor skal me få leva. Synd er synd. Alle er me syndarar. Jødisk tradisjon. Irrelevant. Jødisk tradisjon. Irrelevant. (me kan ikkje straffa dei. Me er sjølv syndarar.) Jødisk tradisjon. Irrelevant. Jødisk tradisjon. Irrelevant. Dette forstår eg like lett som at verda eksisterer. Det har eg inga formeining om. Byrjinga er klart symbolsk.
  15. Dette vart feil. I Kristendommen er det nok å tru at Jesus tok dine synder. Så kjem du til himmelen. Ingen kan gjera betre enn det. Som du seier. Dei som har høyrt evangeliet, men ikkje teke i mot dette, skal, etter kristendommen, koma i evig fortapelse. Det står forsåvidt òg at dei som ikkje har evangeliet, heller ikkje kjem i fortapelsen, men skal forgå. Det vart òg sagt at energien alltid har eksistert. Det trur ikkje eg. Gud skapte det mennesket kallar energi. Så lenge me bur på jorda kan me aldri forstå dette.
  16. God morgon! Eg har visst blanda evolusjonsteorien og den store smellen, ja. Men då får eg kalla det den store smellen frå nå av. Eg har høyrt enn del foredrag, minuset er at eg ikkje då har kildane føre meg utan at eg kontaktar folk. Den store smellen har i alle fall byrja med ei urcelle. Om denne cella er det same som ei dagens celle, eller berre eit objekt samansett av proteiner som dei kaller ei celle kan eg ikkje svara for. Poenget er at noko der fanst frå før av. Men korleis? Dette er jo unaturlig Men uansett. Som tidlegare sagt av andre. Eg hadde nok ikkje trudd på gud om eg berre hadde hatt Bibelen. Guds nærhet og ande er det som held meg truande. Dette kan ikkje bevisast av andre enn dei som er i tru. Kanskje me er hjernevaska? Ja, vell. Eg veit at me ikkje er det. Så sikker er eg, og 2 millionar andre i trua. Men for all del. Ikkje vent på at Gud skal finne dykk. Be om at han skal visa seg for dykk! Time will show.
  17. Nei, Jesus hadde Gud (evt. Den Heilage Ande) til far. "Avla av Den Heilage Ande. Fødd av Maria Møy"
  18. Det er mange ateistar her i forumet, men eg vil gjerne ha første ordet, i staden for å blanda meg inn i ein lang tråd med masse forviklingar. Dei som svarar: Kom med gode og haldbare argument. Det finst ikkje eit einaste bevis for at Evolusjonsteorien er fakta. Eg vil i det same få sagt at eg som kristen ikkje har problem med å godta han, ettersom eg i så fall trur at Gud sjølv stod bak den store smellen. Men det at det heile byggjer på ein teori som ikkje kan, og aldri har vorte bevist, berre godteken. Det finst derimot mykje som strider i mot evolusjonsteorien. Ein kan til dømes ikkje tru på evolusjonsteorien samtidig som ein daterer mange objekt til lenge før den store smellen. Uansett korleis ein tenkjer om verdas eksistens, kan ein ikkje forklare det med naturlovene. Korleis oppstod den store smellen? Jo, ved ei urcelle. Korleis oppstod denne, eller det som laga denne. Dette beviser ikkje at det finst ein Gud, men at det finst noko som ikkje mennesket kan forklara. Gud har, gjennom Bibelen, gjeve oss ei så vanvittig god forklaring. Denne er så god at eg kjøper ho lett. Dei fleste ateistane som seier i mot denne, har ikkje lest bibelen, og har ikkje noko grunnlag til å slakta det. Gud kan verken bevisast eller motbevisast. Det som er sikkert, er at det finst noko som er "større" enn naturlovene og den menneskelege vitskapen.
  19. Det mest sentrale er at ekteskapet er dei beste rammene for barn. Dette er ikkje mitt eller dei kristne sitt påfunn, men ein konklusjon etter forskning i FN. Det er ein barnerett frå FN å ha ei mor og ein far.
  20. Du er inne på tema her som mennesket ikkje kan forklara. Personleg tenkjer eg gjerne slik: Når Gud skapte verda, skapte han òg tid og rom. Før verda vart skapt, fanst ikkje tid. Ein eksistens utanom tid, kan ikkje mennesket forklara, og her ligg mykje av cluet. Den store smellen er berre ein teori, og ingen forskar kan på noko vis bevisa at det har skjedd. Teorien har berre blitt godteken av samfunnet. Og som du seier. Sjølv ikkje den store smellen, som skal forklara eksistensen ved å følgja naturlovene, kan ikkje forklarast utan å laga eit stort unntak i naturlovene. Alt tyder på at det finst noko utanom naturlovene.
  21. Du har heilt rett. Den linja var for subjektiv. Men du kan ikkje forklare ditt synspunkt med ein naturlov (som ateistar er så utruleg glade i). Det var eigentleg poenget mitt. Alt tyder på at det finst noko utanom naturlovene. Noko som mennesket aldri i denne verda kan bevisa eller motbevisa.
  22. Bibelen seier at sex før ekteskap er synd, på lik linje som det er synd å baksnakka, lyga, tenkja nedlatande om andre eller å sjå på ei kvinne med begjær. Det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg for mennesket å vera syndfrie, og nettopp difor kom Jesus og tok straffa for kvar den som trur på han. Men dette vil ikkje seie at me skal fortsetja med syndene, fordi Jesus har frelst oss. Jesus elska oss så mykje at han gav sitt liv for oss, og då er det vel det minste me kan gjera å prøva å halda oss til hans vilje? Men for å ta det litt mindre religiøst: - Ekteskapet er dei tryggaste rammene for eit barn. - Sex før ekteskap kan gje ein kunstig kjærleik, og kan deretter føra til skilsmisse. - Sex er ein sanserik oppleving, og er meint å / best å dela med den du er gift med.
  23. Nå har ikkje eg vore god forumbrukar og lest heile tråden frå ende til annan, men eg vil i alle fall seia litt om kvifor eg trur på Jesus. (eg trur ikkje på Jesus for å ha ei meining med livet, men eg fekk ei meining med livet etter eg begynte å tru. Dette er ein vesentleg froskjell) Eg har ikkje teke meg tid til å slå opp i bibelen på alt eg seier, men eg kan gjera det om de slår tvil om noko. Eg vil byrja med å konstatere at Jesus har levd. Dette er rein fakta, og så godt som alle historikarar med historisk-kritisk syn er sikre på det. Det finst mange fleire jordfaste bevis på at Jesus har levd enn at til dømes Julius Cæsar har levd. Det me kristne trur på, er at Jesus stod opp at frå dei døde den tredje dagen. Dette kan ikkje bevisast med naturlovene. Kan Jesus ha levd eit liv, berre for å bløffa, og med det klara å oppfylla alle profetiane i frå gamle testamentet? Og ville han i så fall ha gått så langt at han døydde for det? I så fall har ufatteleg mange menneske levd på ein kjempestor bløff. Det var hovudpersonen sjølv. Vidare hadde han 12 disiplar som følgde han kvar dag i om lag 3 år. Dei må jo ha vorte veldig godt kjende med han, og hadde dei hatt den minste tvil om at hans ord var sanne, eller at hans gjerningar berre var rein bløff, var det rart at 11 av desse skulle lide martyrdød. (den 12., Johannes, døydde naturleg, og fornekta heller aldri Jesus) Eg er ikkje sikker på om det er Paulus, men ein av disiplane skriv om lag: at han og 500 andre menn såg Jesus etter oppstoda, og dei fleste av dei lever endå. 500 vitne kunne han visa til, og alle ville sagt at Jesus stod opp att. Eg kan godt skriva fleire konkrete eksempel, men eg vil gå litt vidare. I Bibelen blir det fleire gonger skrive om ein lengsel i mennesket. Alle menneska har ein lengsel. Denne lengselen prøver mange å fylla med pengar, rus, sex og liknande. Dei får derimot ikkje nok. Det som fantastisk mange kristne kan vitna om, er at nettopp kristendommen er nok til å fylla opp denne lengselen. The Big Bang The Big Bang, eller i mi nynorske lærebok oversett til den store smellen, er ein teori som har blitt slukt rå i dagens samfunn. Det er ikkje på grunn av min religion at eg tek opp dette, ettersom eg godt kan godta at det har skjedd, men då gjennomført av Gud. Problemet med den store smellen er at det kun er ein teori, og det finst ikkje eit einaste fullgodt bevis for han. Eg kan sjekka opp følgjande betre: Ein amerikaner laga ein gong ein konkurranse. Den første som kom med eit bevis for at den store smellen var fakta, skulle få ein viss, stor, pengepremie. Det kom aldri eit einaste bevis. Dette er ein teori utan fotfeste, men som har blitt godteken og slukt rå av samfunnet. Men den store smellen er uansett ikkje eit bevis mot kristendommen. Eg vil heller sei snarare tvert i mot. Den store smellen begynner med ei stamcelle. (ein heilt annan debatt er at denne stamcella er så ufatteleg lite sannsynleg) Men kva er denne stamcella? Kvar var den? I eit univers utanfor universet? Einaste fornuftige (og, ja, ein smule subjektive) forklaringa er at det står ein Gud bak. Verda sin eksistens kan berre forklarast med ein Gud, eller noko anna som ikkje er i samsvar med naturlovene. Og når det først finst unntak ... Kva har ein å tapa? Men kva har ein å tapa om det heile er ein stor bløff? Då har du hatt eit veldig godt liv. (ja, for det er godt å vera kristen. Det er ein grunn til at 2 milliardar menneske er kristne) Konsekvensane er så utruleg mykje større om du ikkje trur, men det faktisk viser seg å vera sant. Men som folk her seier. Det er ikkje berre å seie at: "Ja, eg trur på Jesus." Det å tru er ikkje noko mennesket kan gjera på kommando. Det er i alle fall veldig vanskeleg å tru, utan å vita kva ein trur på. Eg vil anbefale alle å lesa, om ikkje meir, i alle fall heile nye testamentet. Eg er sikker på at alle vil få eit anna syn på saka då. Og kanskje endå viktigare: Be til Jesus, sjølv om du ikkje kjenner han, om at han må visa seg for deg. Dette er berre heilt vanvittig viktig!
×
×
  • Create New...