Gå til innhold

knuto

Medlemmer
  • Innlegg

    291
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av knuto

  1. God ettermiddag!

     

    Å lage regulæruttrykk er ei av mine særs svake sider, og nok ein gong spør eg om hjelp.

     

    Eg kunne trengt eit uttrykk for å validere ei linje. Linja skal bestå av to delar med kva som helst, separert med =. Det skal gå an å bruka = i begge dei to delane, men då skal det vera ein backslash framfor (\=).

     

    Den neste skal skilja dei to delane frå kvarandre (med preg_split).

     

    Eksempeloppgåvar:

    home=heim
    yes=ja
    main-intro-header=Velkommen!
    main-intro=Velkommen til xxx. Logg inn nedanfor. Bruk \=\=\= for å sjekka demoen

     

    Som de forstår er det for å laga ei språkfil.

  2. God dag!

     

    For at ikkje Ubuntu skal hengja i ti minutt i oppstarten må eg på min datamaskin deaktivere LVM og EVMS.

     

    Før kunne eg gjere det i Boot-Up Manager, men nå får eg berre beskjed en:

    Editing in run level S is not allowed!

    Playing with rcS.d symlinks is an administration activity requiring deep knowledge of the runlevel system.

     

    Veit nokon med betre erfaring enn meg, korleis eg kan deaktivara LVM og EVMS?

  3. God dag!

     

    Korleis kan eg få skjermen svart ved å trykka ein bestemt tastekombinasjon, og få han tilbake igjen på tilsvarande vis? Ei anna løysing er å ha eit program som eg startar frå ei fil, men avsluttar med ein tastekombinasjon. (Evt. nokon som vil programmera?)

     

    Hadde vore greit å ha for å blacka skjermen ved bruk av MediaPortal for å blacka skjermen ved musikkavspeling. Elles begynner prosessorvifta å sviva for fullt på grunn av ein EQ-animasjon... :angry:

  4. Det er faktisk ikkje snakk om ein string i det heile tatt.

     

    Eg lagar eit glosepuggingsprogram. Dette programmet laster ein gloseprøve frå i flatfil, parsar ho, og legg orda inn i klassen word_test. word_test består eigentleg for det meste av ein normal såkalla stack. Ein stack som ein legg til på slutten, og fjernar frå slutten. Når brukaren har køyrt gjennom prøven er med andre ord stack'en tom. Det er då eg kunne tenkt meg å ha ein "kopi" av word_test slik at brukaren kunne ta testen ein gong til utan å måtte laste fila på nytt. Men dette vil ikkje fungera:

     

    word_test saved_test = new word_test();

    saved_test = test;

     

    Viss eg seinare gjer dette:

     

    test = saved_test;

     

    Så forblir test av ein eller annan grunn like tom :hmm:

     

    Kanskje heile stack-prinsippet er litt vel C++-aktikt, men som sagt er eg ein C++ programmerar.

     

    Trur eg må lese heile spesifikasjonen til C# før eg spø r om noko neste gong :blush:

  5. Dette er eit heilt basic spørsmål, men eg forstår ikkje denne refereringa til C#

     

    Eg har ein variabel (eksempelvariabel), og vil ha ein til av denne (les: duplisera). Eg kan ikkje berre gjera slik:

     

    string kopi_av_eksempelvariabel = eksempelvariabel;

     

    fordi då vil kopi_av_eksempelvariabel berre referere eksempelvariabel etter som eg forstår. Men korleis i huleste kan eg duplisera ein variabel då? :hmm:

  6. God dag.

     

    Eg er heilt nybegynner innen C#, og har no støtt på eit IQ-problem som ikkje har vore noko problem i til døme C++.

     

    Eg har eit hovudvindauge. Hovudvindauget har ein meny, og er ellers nesten ikkje funksjonell. Men vindauget startar ved oppstart ein control i clientarealet som seier velkommen til brukaren, og forklarar han enkle prinsipp i progammet.

     

    Med menyen kan brukaren opna ein control som i dette dømet er ein control for å endre instillingane til programmet. Brukaren endrar diverse instillingar og trykker på save.

     

    Her kom problemet. Korleis kan eg "fortelja" hovudvindauget at denne controlen no skal lukkast, og evt. kva som skal skje vidare? Kva om brukaren heller trykka på ein knapp med namnet "Drit i instillingane. Sett dei til default, og hopp rett til handlinga". Då hadde oppgåva vore å fått hovudvindauget til å lukka denne controlen og vidare evt. opna ein annan.

     

    Akkurat dette går litt over min forstand. Heilt sikkert fordi eg er så ny i C#. I grunnen ser det ut til at problemet eigentleg er eit OOP-problem. Eg ville helst fått controlen som køyrer i clientarealet til hovudvindauget til å køyra ein funksjon i klassen til hovudvindauget. I C++ kunne problemet blitt løyst med ein pointer.

     

    Har eg rett og slett bygd opp programmet på ein dum måte? Korleis er det vanleg å programmera eit slikt program? :hmm:

     

    (unnskuld rask skriving. *dorleg tid*)

  7. Hmm. Greit nok, ja, men er fleire dette her ikkje er godt nok til. Går det t.d. ann å ha tre like tekstboksar på ei rekke frå den eine sida til den andre sida, og få alle til å udvida seg lika mykje? Einaste eg får til er å få den eine til å utvida seg medan dei to andre har konstant breidd.

     

    Alt skal visst ikkje vera lika lett ...

     

     

    – Og ein kjapp til:

    Går det ann å få Visual C# Express til å produsera tabulatorar i staden for fira whitespaces?

  8. God ettermiddag!

     

    Kanskje dette er eit spørsmål eg burde funne fram til på andre måter, men eg har rett og slett ikkje funne noko. Har dog ikkje lest alle tutorialane til C# ...

     

    Eg har nettopp begynt å bruka C# for å raskare få programmert enkle program som ofte trang mykje koding i C++. Førsteintrykket er bra, og ting er lette å forstå seg på. Det er berre ein ting som har plaga meg litt. Går det ann å få common controls, eller element på godt norsk, i ein control til å fungera med relative størrelsar utan å måtta koda alt? Altså få tekstboksar til å bli større, prosesslinjer til å bli lengre, ol, når brukaren utvidar vindauget?

     

    Ein kan jo koda det ved å fylja med på diverse resize-events, men dette blir fort mykje koding som det etter mi meining bør vera innebygd funksjonalitet for.

×
×
  • Opprett ny...