Gå til innhold

Kjennar av Koranen

Medlemmer
  • Innlegg

    123
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Kjennar av Koranen

  1. Eg kallar ikkje ei folkegruppe valdeleg eller uærleg. Eg kallar ei bok, ein ideologi, moralkoder, og ein "religion" oppdikta, valdeleg og med vide løyver til uærlegdom i gjerning og ord.
  2. Det er nok mange som trur Bibelen er ord frå Gud/Jahve. Skilnaden er et Koranen og islam påstår at Koranen er ein allvitande gud sine eksakte ord, sende ned av guden og attgjevne ordrett. Dei mange faktiske feila ingen gud ville gjera, provar at påstanden er usann - boka er dikta opp av nokon annan og falsk - - - og meget (religionsbasert) rasistisk, valdelet og grunnlaget for islam sine vide reglar for lovleg uærlegdom i gjerning og ord.
  3. Korreksjon: Eg kallar - og kan utan vidare dokumentera - at Koranen er valdeleg (f.x. listene over 1280 religionsbasert rasistiske punkt og 600 punkt positive eller sterkare til bruk av vald/og eller undertrykking - "Verses of War in the Quran"). Ei anna side ved saka er at ein innhamra og påstått religiøst rett ideologi og moralkode kan verka på dei som trur på "religionen".
  4. Eg har hatt kristendomsundervisning på skulen, og eg har lese Bibelen. Koranen har eg ikkje berre lese men "studert". Spesielt det siste burde De sjå frå kommentarane mine - dersom De hadde lese boka.
  5. Eg har reist i 13 muslimske land - innkludert Syria, Irak, Iran, Afghanistan (men før krigane), Pakistan, Indonesia. Eg veit inderleg godt at muslimar flest er ok (iflg. relevant vitskap er det "berre" ca. 2% som i fredstid er eller kan bli farlege. Men eg har studert Koranen - og Islam - nokså godt. Stoffet er skremande. Og det er då ekstra tankevekkande at Koranen beviseleg er oppdikta - INGEN gud ville levera ei lærebok av slik kvalitet og så full av ofte grove feil.
  6. Presisering: Det er påstanden om at Koranen er frå ein allvitande gud, som beviseleg er lygn
  7. Beklager, men eg har for lengst mist trua på på at gudar eksisterar. (Muligens ikkje 100% sikker på kristendomen - Jesus la stor vekt på å vera ærleg, og fortalde disiplane sanning, kan noko overnaturleg ha vore innvolvert, men eg er ikkje sterk i den trua, heller. Men det er svært langt frå irrelevant å dra fram sterke prov for at ei rasistisk, aggresiv, valdeleg lære med vide fullmakter til uærlegdom, valdtekt av fanga kvinner og jenteborn, etc. er oppdikta og falsk.
  8. Likskapane mellom Bibelen og Koranen er heilt naturlege, i og med Muhammed tok mykje stoff frå jødedomen og kristendomen. Men ideologien og moralkodene er for ein stor del fundamentalt forskjellige.
  9. Korreksjon: Ismael er iflg. islam muslimane sin p å s t å t t e stamfar. Her er det å legga til: Dersom Ismael nokon gong levde, levde han litt etter 2000 år f.Kr. Det finnest inge skrift eller andre spor relevant til Koranen eller islam eldre enn 610 e.Kr. og Muhammed sin start å misjonera. Til samanlikning har ein 13ooo skrift/fragment, 32ooo andre spor og minst 5ooo dekorasjonar/kunstverk relevant til jødedom/kristendom. Og det med utgongspunkt i nokonlunde same området. At Ismael var stamfar til araberane, er ein laus påstand.
  10. Feil. Koranen bygg ikkje på Bibelen. Den har t.d. fullstendig annleis ideologi og moralkoder. Derimot er det heilt rett at den har teke mykje materiell derifrå, omforma det slik at det høvde til Muhammed sin ideologi, etc., og nytta det som muslimsk - og påstår at skilnadane kjem av at Bibelen er forfalska. Og for å gjenta det: Sanning er ikkje avhengig av kva du trur, men av kva som er realitet. Det er ein realitet at Koranen er overfull av feil ingen gud ville gjera (utrulege 2400 er påvist i t.d. "1000+ Mistakes in the Quran". T.d. finnest det ikkje 7 materielle himlar over Jorda, sjølv om muslimar trur det.
  11. Feil. Om ein trur eller ikkje trur at ei tekst stammar frå ein allvitasnde gud, er ikkje avgjerande for om trua er rett og sann eller ikkje. Ligg det føre klare prov for at trua er feil, vert sanninga uendra, sjølv om ein trur aldri så sterkt på ein feil. INGEN gud - og slett ikkje ein allvitande gud - ville gjera så mange og tildels grive feil i si heilage bok, som ein finn i Koranen. Sjå t.d. listene i "1000+ Mistakes in the Quran". Les Koranen sjølv og sjå om feila - og dermed prova - er snøflak. Grunnen til at milliardar trur på Koranen, er for det eine tvangen i islam, og for det andre at feila vert bortforklarde eller oversette - i ei bok som sjølv seier den skal lesast bokstaveleg, for ingen kan forklara betre eller rettare enn Allah/Koranen sine ord. Og så er den altså overfull av faktiske feil. Og alle feila gjev faktisk fasitten: Dei provar at det er lygn at Koranen er ein allvitande gud sine ord. (Ein eit ekstra - og forteljande - faktum er at nokre av feila - t.d. astronomien i Koranen - er i samsvar med kva ein feilaktig trudde var rett på Muhammed si tid.)
  12. Feil. Jødane og dei kristne sin gud, Jahve, kan vera den same. Men Allah (opprinneleg ein polyteistik arabisk månegud) har så totalt annleis ideologi og moralkode, at det ikkje er sant at han er den same som Jahve. Dette sjølv om både Koranen og islam påstår det. Hugs her islam sine vide løyver til lovleg uærlegdom, innkludert når det gjerld å forsvara eller fremja islam.
  13. Koranen er heil klar på at Jesus har kome - og at han var ivrig muslim. I islam er han den 3. mest sentrale profeten etter Muhammed og Abraham. (Muhammed var dessutan ikkje profet - det er heilt klart også i Koranen at han ikkje hadde profetiske evner. Sendebod i beste fall, men ikkje profet. Men "profet" er ein fin tittel å nytta.)
  14. Les De dei to bøkene, vil De sjå at flisa ligg i NT og bjelken i Koranen, for å nytta terminologien.
  15. Feil. Eg avviser ikkje feil i andre religionar. Eg peikar berre på at om andre religionar og har feil, fjernar det ikkje ei einaste svart side eller ein einaste feil i Koranen/islam. Koranen er like oppdikta/falsk, religionsrasistisk, valdeleg og med like vide løyver til lovleg uærlegdom likevel. Eg har reist litt i mitt liv - innom alle dei store religionane (innkludert vel eit dusin muslimske land) - sett og møtt menneske og kulturar, ideologiar og moralkoder. Og eg har frå eg var liten vore lesehest. Både det eg har lese, det eg har fått via andre media eller menneske og det eg har sett, har fortalt meg at menneske stort sett er menneske, men at islam med si omfattande religionsbaserte rasisme, sin valdelege ideologi og moralkode, og sine vide reglar for lovleg uærlegdom stikk seg ut. Når ein då kjem over sterke prov for at det ikkje er sant at Koranen er ord frå ein gud, men er oppdikta og falsk, gjer det inntrykk. Når det gjeld Koranen, har eg studert boka ein 10 års tid. Og kjenner den temmeleg bra.
  16. Nei, men å peika på at det er lygn at ei "heilag" bok er skriven av ein allvitande gud, dersom boka er full av faktiske feil ingen gud ville gjera, er rein logikk.
  17. Sorry, men relevant vitskap er tilnerma unison om at Bibelen er skriven av menneske. NT gjev og opp eit par namn.
  18. Beklager, men De har tydelegvis ikkje lese dei to bøkene.
  19. Dersom De ikkje ser skilnaden på ein påstand om å vera inspirert av ein gud og å vera dei eksakte orda til ein gud, bør De ta eit kurs i logikk. Noko anna eg ikkje skjønar, er iveren frå fleire etter å påpeika at også andre religionar er ille eller at dei og er oppdikta - underforstått: Då er det ikkje grunn til å legga fram svarte sider ved islam. Om andre religionar er aldri så falske og/eller valdelege og/eller uærlege, fjernar det ikkje ein millimeter av religionsrasisma, lovleg uærlegdom, påboden undertrykking og vald i Koranen og islam. Og slett ikkje gjer dei det prova faktumet at Koranen ikkje er ord frå ein gud, mindre rett eller mindre viktig - Koranen er er like oppdikta, falsk, valdeleg og med lovleg uærlegdom i gjerning sjølv om og andre religionar er mindre bra. Men det er ein effektiv og mykje nytta metode til å avspora ein debatt - eller til å spora den over på tema ein likar betre, t.d. kristendomshat.
  20. Beklager, men det er aldri irrelevant å påpeika at ein sterkt (religions)rasistisk, valdeleg og uærleg ideologi beviseleg er falsk og oppdikta. Opplysninga når dei den når - og blir den spreidd nok og vedvarande nok, kan den nå mange.
  21. Kristendomshat er ok. Men seier De dei to bøkene er like, har De ikkje lese Koranen. Ein av skilnadane er at det er klart Bibelen er skriven av menneske (som kan gjera feil), om enn kan henda inspirert av ein gud. Koranen påstår å vera send ned av ein gud, og guden sine ufeilbarlege ord. Feil - mange og tildels grove - i Koranen fortel difor at det ikkje er sant at orda er frå ein allvitande gud. Påstanden er kort og godt lygn.
  22. Så De finn det rart å minna om at når truande personar har klar løyve til frå det dei trur er guden sin - ja, i nokre situasjonar oppmoa til det av religionen - så har det ein annan verknad på tankane og handlingane deira, enn om guden og religionen går sterkt imot uærlegdom? Ei anna side ved saka: Kvifor dra fram Bibelen her? Jau, eg kjenner til måten å forsvara Koranen og islam på, ved å påstå at andre og gjer eller har feil, altså er Koranen og islam ok og bra. Men om det var 1000 svarte punkt i Bibelen, fjerna det ikkje eit einaste svart punkt i Koranen.
  23. Eit døme på problem: Nokre omsetningar av vers 33/59 seier at kvinner skal dekka seg til "når dei er i utlandet". Anndre seier dei skal dekka seg til "når dei er ute" - altså når dei er utanfor heimen. Atter andre seier berre at dei skal dekka seg til, utan å nemna noko om kvar. Dette har stor tyding for muslimske kvinner. Det er t.d. stor skilnad på å måtte gå i "telt" når dei er i utland, og å måtte gjera det straks dei går ut. Dette gjeld enno meir i varme land, for "telt" kan bli meget varme i solsteik, særleg om "telta" er mørke på farge. Men korleis kan ein vera viss på å få rett og ærleg opplysning om kva den arabiske originalteksta eigentleg seier, når ein klenner til islam sine vide løyver - ja, i religiøs samanhang inntil oppmoingar - for "lovleg uærlegdom"?
×
×
  • Opprett ny...