Gå til innhold

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    1 463
  • Ble med

Alt skrevet av Garegaupa

  1. Takk for tipset, @Hanne9867, den skal eg sjå nærare på!
  2. Eg lyt kome i gong att med å trene regelmessig etter eit lengre opphald. Eg er slik at eg treng eit spark bak for å kome i gong, og då kunne det ha vore greitt å hatt ein god app på telefonen (Android) som kunne mase litt på meg og brukast til å fylgje opp resultat av treninga. Eg har null erfaring på dette området, er det nokon som har nokon tips? Krav/ynskje til ein slik app: Må støtte trening utan bruk av apparat/treningsstudio. Eg vil kunne trene heime utan "ekstrautstyr" eller ta meg ein joggetur i skog og mark. Eg ynskjer ein kombinasjon av styrketrening (for heile kroppen), kondisjonstrening og "oppstramming" (mageskinnet heng noko laust etter eit større vekttap for nokon år sidan ). Må fungere, ikkje berre love gull og grøne skogar - eg veit godt at eg ikkje kjem til å sjå ut som Arnold Schwarzenegger i sine glansdagar på seks månadar med ti minutts trening per dag, sjølv om enkelte appar tykkjest love det ). Bør kunne brukast til å fylgje opp resultata av treninga slik at eg kan setje meg mål og sjå korleis det går i forhold til måla over tid. Alle gode forslag vert mottekne med takk! Eg kan godt betale nokon kroner for ein god app, men det hadde vore greitt med i alle fall ein gratis testperiode så eg får sett om den passar for meg.
×
×
  • Opprett ny...