Gå til innhold

[LOST]Snik

Medlemmer
  • Innlegg

    311
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av [LOST]Snik

  1. *kremt* *kremt*

    Det gjekk visst ikkje så bra det der.

    Fjerna først kondensatorane og starta opp, men bildet var elendig, med striper og distorsjoner.

    Rekna med at dette kom av at det sat igjen restar, så eg tok ut kortet og prøvde å fjerne det.

    Putt så inn kortet på ny, og der....kom det ikkje noko bilde i det heile. *smil*

     

    Tok ut på ny og sjekka, og der viste det seg at eg hadde komme borti den fjerde komponenten på midtrekka, som ser ut til å vere ein motstand.

    Kan nokon bekrefte dette, og kanskje finne ut kor stor den er, slik at eg kan lodde på ein ny?

    (Det er snakk om R305 på kortet mitt - Creative)

     

    Går ut frå at dette er det store problemet akkurat no.

     

    Men for å sjå det frå den positive sida, så kan det ikkje bli verre. *glis*

     

    Så eg oppfordrar alle som vil prøve dette til å vere forsiktige.

  2. Det er riktig at StarOffice5.2 eller kva den no heiter ikkje er spesielt rask, og det er eog ein del manglar med den.

     

    Men i løpet av våren kjem ferdig utgave av StarOffice6, som har retta opp alt det som var feil i forrige versjon.

     

    Eg har kikka litt på beta-utgaven, og den var vesentleg betre enn 5.2-utgaven. I praksis er vel alt redesigna og omskreve.

    Den betautgaven som eg testa var og stabil nok til det meste.

     

    Dersom du ikkje er hypp på SUN-utgåva så kan du prøve OpenOffice. Dette er den same pakka utan SUN-innpakning(SUN har lagt til ein del ekstra ting og sin eigen profil)

     

    Ein venn av meg snakka med ein fyr frå SUN ein gong om StarOffice5.2. Fyren meinte at tekstbehandlingsprogrammet ikkje stod noko tilbake for Word, men at dei andre komponentane, spesielt reknearket ikkje var heilt på høgde, mest ettersom Excel visstnok er eit *svært* bra produkt.

     

    Men ettersom eg har sett rundt på diskusjonsfora så har dei fiksa det meste i SO6, slik at det er fullt brukbart.

    Også dokumentutveksling med MSOffice gjekk problemfritt.

     

    Dessutan kan du jo få kjeldekoden :smile:

  3. Ved å fjerne berre kondensatorane slik som Anand tek du ikkje vekk heile filteret, men sannsynlegvis nok til at biletkvaliteten blir vesentleg betre.

     

    For å fjerne heile filteret og sleppe gjennom alle frekvensar må ein og kortslutte Lxx-tinga, eller spolane som det heiter på norsk, den dette kan kanskje føre til meir støy enn bra er.

    porotuner har riktignok ikkje merka noko problem.

     

    porotuner seier og noko om dette langt nede på sida, effekten vil bli større av å fjerne berre kondensatorane enn berre spolane.

    ---------------------------------------------------

    Så eit spørsmål: Anand seier at på kort med DVI-utgang er dette filteret plassert ved denne utgangen. Creativekortet mitt har ikkje DVI, men filteret er plassert der den skulle sitte. Det er og hol til DVI-kontakt.

    Er det truleg at det går an å sette på ei DVI-kontakt sjølv, eller kan det vere andre ting som manglar på kortet?

    Får ein forresten kjøpt lause DVI-kontakter og nytt bakstykke?

  4. Hallo!

    Dersom dama har lyst til å bruke meir tid saman med dykk er det vel på tide å rive seg vekk frå skjermen litt!

     

    Tida kjem tidsnok da sexen blir rutinemessig og du får ubegrensa tid med dataen utan at nokon gidd å bry seg.

     

    Tilbring tid med dama medan ho enda er interessert, det er snart for seint.

  5. Vil advare mot den Anir-kontrollen, iallfall om de ikkje har lyst til å kjøre 98/ME resten av livet.

     

    Den funkar forsåvidt bra nok, har ikkje hatt noko problem med den, men den er vel ikkje heilt grei i 2k/XP.

    Har gjentekne gonger prøvd å få kontakt med selskapet, men det er ingen reaksjon, så dei er nok konk.

  6. Eg synes anmeldelsen verkar litt forutinntatt, men greit nok.

     

    Personleg likte eg spelet godt, og har gått gjennom heile. Samtidig er eg ingen erfaren spelar (Litt UT, heile Max Payne, pluss litt bilspel), og har derfor ikkje rukke å bli blasert og lei av "uoriginale" spel.

     

    For ein person som har spelt mye og mange spel kan eg godt forstå at dette blir kjedeleg. Spelet er svært lineært, og kan bli einsformig for den som har vore gjennom liknande ting før, så på bakgrunn av dette har eg ingen problem med å skjønne Jørgensen si krasse haldning.

     

    Så i lys av dette finn eg det litt rart at "alle" gjev spelet så god karakter, verkar som litt flokkmentalitet.

     

    Full støtte til gamer.no for retten til eigne meiningar.

    --------------------------------------------------------

    Apropos tvilsamme anmeldingar, sjekk ut Stavanger Aftenblad si meining om Apokalypse Nå. Artig :smile:

  7. Eg har den og er veldig fornøgd.

    Kjører den for tida på 6V, og det gir tilstrekkeleg kjøling, viftene går da på 2100rpm, men i dB veit eg ikkje.

     

    Men så vidt eg veit finst det eit par betre alternativ no, blant anna den nye Swiftech-blokka - litt dyr.

    Men og Alpha PAL8045.

    Fordelen med desse er at du kan bytte vifter sjølv, samt at dei kan festes i hovudkortet.

    Silveradoen er tung, så om ein behandlar kabinettet hardt kan den knekke festa på sokkelen.

     

    Men for all del, det er ein glimrande kjølar.

    Ver og obs på at den brukar to av viftekontaktene på hk, slik at du ikkje har plass til så mange kabinettvifter.

  8. Har du prøvd å søke etter slike emner her? Det finst mange lange trådar om emnet.

    Til dømes ein lang tråd om støydempematter frå Biltema.

    Eller du kan:

    Skifte vifte på cpu-kjølaren.

    Henge harddiskane opp i sykkelslange.

    Bygge ei stor kasse og sette PC'en inni(sørg for god lufting)

    .

    .

    .

    .

    .

  9. Da eg putta på Zalman-kjølaren min på GF3 så stod det at eg aldri vile vere i stand til å få av ribba igjen om eg brukte det limet som var med.

    Så det eg gjorde var å bruke Arctic Silver nesten over alt og så ein drope lim i kvart hjørne av GPU'en (etter tips i ein guide på overklokking.no)

     

    Kjølaren sit godt nok fast, og eg reknar med at det er mogleg å fjerne den seinare dersom det skulle vere nødvendig.

  10. Du har eit poeng, det grenser til reine skjære galskapen.

    Sjølv har eg eigentleg alt for dyr maskin i forhold til økonomien (student, har brukt ca. 40000 på data dei siste 30 månadene).

     

    Men ein hobby skal ein jo ha ikkje sant?

    Eg har ein teori om at mange av dei som i dag driv med modding og overklokking og diverse for ti år sidan ville brukt tid og pengar på å style og trimme bilen sin.

     

    Det er iallfall det same fenomenet, poenget er å ha noko som er litt betre og finare enn naboen.

     

    Det har ingen direkte nytteverdi å trimme bilen frå 120 til 150 hk, men det blir kanskje litt artigare å kjøre til dagleg.

    På same måte har det ingen nytteverdi å få 150 istaden for 120 fps i Q3, men det gjer kanskje at du får overtaket i ein multiplayer session, og det er jo litt moro.

     

    Men det heile er vel eit produkt av overflodssamfunnet, vi har meir enn nok pengar til å klare oss til dagleg, så vi brukar overskuddet på noko vi finn interessant og givande.

     

    Når det gjeld AMD vs. Intel og oppgradering vil eg tru det har noko med pris å gjere. Det er mykje meir overkommeleg å kjøpe ein AMD til ein tusenlapp ein gong i mellom enn det er å kjøpe ein like kjapp Intel til to tusenlappar. Det er mogleg det ikkje blir noko billegare i lengden å ha AMD, men du har iallfall hatt ein del moro(og frustrasjon) med bygging og tweaking.

     

    Prisforskjellen gjer kanskje og at overklokkarane tek litt større sjanser med AMD enn med Intel, og det det dermed går oftare gale?

     

    Personleg har eg kjøpt "berre" to system på to og eit halvt år, og har tenkt å oppgradere til hausten att, sannsynlegvis med AthlonXP2300+ eller deromkring, samt PC2700 RAM.

×
×
  • Opprett ny...