[LOST]Snik
-
Innlegg
311 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Innlegg skrevet av [LOST]Snik
-
-
Du meiner at dioden inne i musa lyser?
I så tilfelle får du ikkje slått den av nei.
-
Trur at mange av innlegga til Nissen ville vorte merka "Flamebait" på /.
Burde kanskje ha ein slik funksjon her på forumet og?
-
Eg lurer på korleis det er for programleiarar å få tildelt ein slik jobb. Det må da være det lågaste av det låge.
Kan ikkje tenke meg at Richard Kongsteien er stolt over programma sine?
-
Imbruglias "White lilies" har Cactus i følge denne artikkelen
http://www.itavisen.no/art/1297710.html
Skal du prøve å komme rundt piggane?
-
Quote: On 2002-01-22 20:27, Xell skrev:Siden du refererer til er fra en amerikansk undervisnings instutisjon, og amerikanerene er kjent for å skulle ha sine egene standarder i den digitale verden. Jeg har holdt på med digital elektronikk i 6 år nå og det er fakrisk første gangen jeg har sett Ki. Jeg har aldri sett det brukt aktivt i faglitteratur eller artikler.
Litt fleire referansar er vel på sin plass.
"In December 1998 the International Electrotechnical Commission (IEC) approved a new IEC International Standard. Instead of using the metric prefixes for multiples in binary code, the new IEC standard invented specific prefixes for binary multiples made up of only the first two letters of the metric prefixes and adding the first two letters of the word "binary". Thus, for instance, instead of Kilobyte (KB) or Gigabyte (GB), the new terms would be kibibyte (KiB) or gibibyte (GiB)."
http://www.romulus2.com/articles/guides/mi...bitsbytes.shtml
http://physics.nist.gov/cuu/Units/binary.html
http://eies.njit.edu/~walsh/powers/newstd.html
Det er riktignok ikkje ein del av SI-systemet, men det er støtta av IEC og IEEE, og dessutan til behandling i ISO.
Du har rett i at det er (veldig)lite brukt, men som vi ser av denne tråden her og ein del tidlegare tråder så er det verkeleg bruk for dette.
Og eg ser ingen grunn til ikkje å kjempe for å få dette til å bli meir brukt :smile:
-
Litt ISDN:
Første utkast frå ITU (den gongen CCITT) i 1984.
Standardisert ca. 1991 i USA
Europeisk standard forskjellig frå USA.
160kbps (2x64+2x16 til signalering).
På den tida var dette det meste ein kunne trykke gjennom eksisterande kopparkabel.
http://www.xircom.com/cda/page/0,1298,0-0-...1_1-333,00.html
http://www.ralphb.net/ISDN/history.html
Eg håpar verkeleg at Telenor har ei god forklaring på den høge overføringshastigheita, for i følge standarden vil det neppe vere mogleg.
For å oppnå slik fart må ein enten bruke høgare frekvensar, noko som vil vere begrensa av filtre og slikt i ISDN-boksen, eller så må ein ta i bruk andre typar koding, som mangenivå-QAM(slik som i ADSL), men boksen har neppe innebygde tabellar for å dekode slike.
-
Sorry borre du tek nok feil.
Offisielt så er:
1kb = 1000 bits
1kB = 1000 bytes
1KiB = 1024 bytes (uttales kibibyte)
k = 10^3
Ki = 2^10
http://www.unc.edu/~rowlett/units/dictK.html
Og uansett så brukar ein aldri 2-talsystemet når ei snakkar om overføringshastigheit.
-
-
Da må du nok stille dei først :smile:
-
Oppstartsdiskett (frå 95/98/ME whatever)
-
Litt om produksjonskostnad og forventninger til minneprisar utover året
http://www.digi.no/dtno.nsf/pub/eb20020122...416_er_91089951
-
Kortet mitt har iallfall 3x3 kondensatorar. Men det er ikkje sikkert eg burde fjerna den siste rekka likevel :smile:
DoMind:
Du kan få kjøpt sett med loddeboltspissar, fem-seks ulike storleikar. Såg at dei hadde det på Clas Ohlson.
Har det sikkert andre plassar og.
-
Creative har *ikkje* bra 2d!
Ser elendig ut, iallfall mitt kort.
-
Jupp, ein til eg kjenner har fucka opp GF3en sin.
Ser eg eit mønster her; at det funkar på GF2, men ikkje på GF3?
-
XP gjer det automatisk dersom du har aktivert firewallen som er med. (den blir aktivert når du setter på Internet Connection Sharing).
Likevel vil eg anbefale å installere ein tredjeparts brannmur, som Tiny eller ZoneAlarm. Begge er gratis.
-
RAMDAC: Random Access Memory Digital to Analog Converter. Hastigheita seier noko om kor mykje signal som kan konverterast frå digital til analog. Ved høgare tal kan du ha høgare oppløysing på skjermen.
Kjernefrekvens: På same måte som du har prosessor og minne i ein pc, så har grafikkortet sin eigen prosessor, som blir kalla kjerne. Frekvensen vil seie kor raskt den arbeider, på same måte som ein Pentium jobbar på 1GHz
Minnefrekvens: minnet på grafikkortet fungerer på same måte som minnet i PC-en, den lagrar data som kjernen skal arbeide med. Frekvensen seier noko om kor fort den kan motta og levere data. Høgare tal er betre.
Minnefrekvensen er ofte høgare enn kjernefrekvensen for å sikre at kjernen ikkje må vente for lang tid på data.
-
DoMind:
Takkar så mykje.
Layouten er ikkje heilt lik, men nesten, men poenget er at eg fekk bekrefta at dei er parvis like.
-
Quote: On 2002-01-20 00:25, tZar skrev:[LOST]Snik:Det er som regel er fargekoding på motstander... hvis det er det, kan du jo finne hvor mange ohm motstanden er på
Ikkje fargekoding på desse, men det står trykt på.
Problemet er berre at eg har ødelagt toppen, slik at det ikkje går an å sjå kva som stod :smile:
Den ved sida av(R307) står det 330 på, kan det vere at den eg har ødelagt(R305) er like stor?
[ Denne Melding var redigert av: [LOST]Snik på 2002-01-20 12:14 ]
-
Jepp, bør nok ha ei slik ja.
-
Definitivt å anbefale ja.
Glimmers :smile:
Men det blir litt varmt inni der, så putt inn kabinettvifter.
-
Eg har iallfall lært mykje etter at eg kom inn på forumet i oktober eller deromkring.
Har og formidla hjelp herifrå til andre, og rekruttert nye lesarar.
Det fine med slike fora er jo at uansett kor mykje du kan så er det alltid eit område der ein annan kan litt meir, slik at alle kan lære.
Takkar så mykje!
-
Vel, sidan ting ikkje kan bli verre skal eg lodde på ein ny motstand, berre eg finn ut kor stor den er. Nokon som veit?
Så får eg prøve å kortslutte spolane og(fjerne heile filteret).
Siste utveg da er å vente på GF4 :smile:
-
-
Eg brukar 1600x1200@85Hz, mest fordi eg har tv-kort og kjører det oppe i høgre hjørne. Samtidig Opera med 110%.
Funkar glimmers det.
[ Denne Melding var redigert av: [LOST]Snik på 2002-01-19 14:26 ]
ATI Radeon 8500 Retail på lager!!!! Førstemann til mølla
i Skjermkort
Skrevet
Er nokon form for linux-støtte i desse Radeon-korta?