Gå til innhold

[LOST]Snik

Medlemmer
  • Innlegg

    311
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av [LOST]Snik

  1. kaofbc:

    Trur nok du har litt rett, på informatikk lærer ein meir om informatikk som sådan.

    På siv.ing er det meir fokus på teknologisk problemløysing. Altså få ting til å funke.

    I tillegg er litt økonomi/ledelse på siv.ing, som ikkje er direkte knytta til fagområdet, men som er kjekt å ha når ein skal ut å jobbe.

    Så eg trur at i utgangspunktet kan ein siv.ing litt om alt, medan ein informatikk-master har gått djupare innafor eitt fagfelt.

     

    Men om den eine er meir ettertrakta enn den andre veit eg ikkje, ein grad på masternivå skal uansett borge for god kvalitet.

    Det som kan vere utslagsgivande er bakgrunnen til dei som skal tilsetje deg. Det er velkjent at folk vil foretrekke dei som har nokonlunde lik bakgrunn, altså vil ein siv.ing lettare akseptere ein annan siv.ing fordi han veit akkurat kva slags kvalifikasjonar som ligg bak.

  2. Det spørs kva du meiner med "høgt", lønn eller stilling?

    Lønn, som ansatt: ~900k, da med 15-20 års erfaring.

    Lønn, som sjølvstendig: ubegrensa

     

    Utdanning: Ingeniør(3år), siv.ing/mastergrad(5år), doktorgrad(8-9år).

    Som doktor kan du få stilling som professor, lønn ~500k.

     

    Men generelt kan ein ingeniør nå like høgt som ein siv.ing(eller noko anna), men det vil vanlegvis ta litt lengre tid, fordi det er nødvendig med meir etterutdanning og slikt.

     

    Sats på ein doktorgrad i datateknikk, pluss ein mastergrad i økonomi/ledelse så er du sikra feit jobb med opp mot millionlønn. Ulempa er at det tek 10-11år.

  3. Quote:


    On 2002-01-29 08:45, the_ruthless skrev:

    Bor i indre Troms, jeg. Litt langt unna...


    (Syns fremdeles ett forslag her om å ha TheGathering på Bardufoss, er genialt!)



    Og det vil du ha inne det sammenraste samfunnshuset?

     

    Åkei da, ein hangar nede på flystasjonen passar kanskje betre, så kan F-16 og Delta-viftene kjempe om å overdøve kvarandre :smile:

  4. Quote:


    On 2002-01-28 18:46, Simen1 skrev:


    Rykter sier at AMD Hammer starter på 3400+ (Hvilken frekvens de skal gå på vet jeg ikke, men jeg kan jo tippe på rundt 2-2,5GHz....


    Ah...exactly my point.

    Dei må gjere noko, enten med frekvens, arkitektur eller navngjeving :smile:

  5. Stort sett eing med deg der.

    However:

    TPI-skalaen er vel ikkje lineær?

    Den kan ikkje forsette å auke med 66,67 MHz for kvar 100+.

     

    Ta utgangspunkt i 2000/1667=1.2

    3000/1.2=2500.

    For å få same ytelsesforhold må altså ein 3000+ gå på 2500MHz, ikkje 2333 eller 2667.

     

    Altså må frekvensen etterkvart auke litt meir enn 66,67MHz for å halde følge. (Og stadig meir etterkvart)

     

    Ein fin måte å sjå dette på er å starte med 66MHz->100+ og rekne seg oppover. Ved ein lineær samanheng, skulle da ein 1400MHz Athlon heitt 2100+, ikkje 1600+ som den faktisk gjer.

     

    Dette har sjølvsagt ingenting å seie for artikkelen, men AMD må tilpasse enten klokkefrekvens eller skalaen litt etterkvart.

×
×
  • Opprett ny...