Gå til innhold

xyster

Medlemmer
  • Innlegg

    60
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av xyster

  1. Hei Har ein kamerat som har sagt opp fiber og bestilt mobilt breiband frå Talkmore. Dei var utsolgt for den rimligaste ruteren og han lurte på om eg kunne hjelpe han med å skaffe ein. ZTE MF986D er den Talkmore er tom for men er jo mulig å få kjøpt den andre plasser. Spørsmålet er korleis opplevelsen blir? Kan sjølvsagt være praktisk med ein liten som det er mulig å ta med seg, men samtidig ønsker han OK dekning i leiligheita (2 etasjer). Nokon som har forslag til løysing? Helst ikkje så mykje dyrare enn alternativet over.
  2. Mulig eg burde lage eigen tråd på det, men har nokon her erfaring med oppdatering til WebOS24? Har en LG C3, men har (sjølvsagt) blitt skremt av folk på f.eks. reddit som seier dei har hatt ulike plager etter oppdatering. Syns WebOS23 er litt "seigt" i utgangspunktet, og frykter at det blir enda verre med 24.
  3. Takk for gode tilbakemeldinger. Det er vel Evolve2 85 eg heller mot, men redd for at bøylen ikkje er stor nok og at det derfor vil passe dårlig. Har òg vært inne på tanken om å ha ein ekstern mic av noko slag, i Teams kan ein jo konfigurere oppsettet nokså mykje. Men blir kanskje ikkje den mest fleksible løysinga. Jabra-puck har eg brukt mykje på jobb i møtesamanheng, overraskande gode. Trur derimot at eg har eit par kollegaer rundt meg som ikkje ville satt så stor pris på det. Samtidig er det ikkje alt som blir sagt i samtaler som er for alle
  4. Hei Er på jakt etter eit nytt headset til jobbbruk som fungerer bra i lag med Microsoft Teams. Utfordringa mi er å finne headset/hodetelefonar som er store nok og som er komfortable å ha på over tid. På jobb i dag har eg eit Jabra Evolve 65, som jo er lite og lett, men det pressar på øyrene akkurat over brillestanga. Det blir nokså fort ubehagelig. Derfor må eg kjøpe noko som ligg over øyrene, og ikkje utpå. På heimebane har eg Philips Fidelio x2hr, og desse må eg ha på maks stille for å få dei skikkelig over øyrene, og sjølv då skulle eg gjerne hatt litt meir å gå på. Har òg eit Audio Technica m50x og der er det nok å stille på. På jobb har eg eit HyperX Cloud Flight (uten fungerande mic), det passar godt. Har prøvd HyperX Cloud III, det er ikkje like romslig. Har prøvd Sony MX4 og 5 i butikk og desse blir for knappa. Må ha dei på maks stille og dra dei godt ned for at dei skal sitte skikkelig. Det vil ikkje fungere bra over tid. Eit anna forslag, som eg ikkje har prøvd, er desse Jabra Evolve2 85. Er altså på utkikk etter eit headset som er romslig nok, ligger over øyrene og som fungerer bra til samtaler. Treng i utgangspunkte ikkje støydemping. Nokon med tilsvarande utfordring, men som har funne eit godt alternativ?
  5. Har bestilt LG C3 77". Forslag til veggfeste for denne? Må nesten ha eit som er mulig å "dra" ut frå veggen, slik at ein får tilgang til kontakter og den slag ved behov.
×
×
  • Opprett ny...