-
Innlegg
1 601 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Profile Information
-
Kjønn
Mann
Nylige profilbesøk
Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.
Gazer75 sine prestasjoner
1,4k
Nettsamfunnsomdømme
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Problemet med utbytte er at det blir ein skatt sidan det reduserer trongen til andre avgifter og skattar i kommunen. Men straumprisen bryr seg ikkje om kor mykje folk tener så det blir ein veldig skeiv skatt. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Slik er det jo med straumnettet også. Men VA er drifta utan profitt, så kvifor kan ikkje straumnettet og så vere det? -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det kjem an på prisinga. Her vart det mykje dyrare for oss 4 i eit lite hus med målar enn stipulert forbruk. Var nok sikkert det dei fleste også såg når dei rekna på det. Eg har ingen målar her i leilegheita mi. Ikkje sett målar nokon stad i garasjen under der vatnet kjem inn i blokka heller. Det var ei greie her av og til fram til dei fornya vassforsyninga på 90-talet. No må elva og vatnet tørke ut om vi skal gå tom. Det vi brukar ute renn også tilbake i vatnet til slutt. Anna bruk inne går også tilbake der etter ein tur gjennom renseanlegget. Kan forstå at kommunar som har dårleg vassforsyning vil pålegge folk målar. Ein kan jo lure på kvifor vatn og avløp er drifta etter sjølvkost medan straumnettet det må det vere profitt på. Ingen vil jo drifte straumnettet om dei ikkje tener pengar på det. Men vatn og avløp det går fint? Kva er skilnaden på desse? Begge er like nødvendig i dagens samfunn. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Merkeleg at det er kommunalt eigde selskap som driv slike ting her då. Slik har det vore i alle år. Avfallskøyring er det eit interkommunalt selskap som tek seg av her. Vatn har ein fast pris. Var vel snakk om at kommunen ville innføre vassmålar for alle, men då vart det opprør. Bygging og drift er to ulike ting. Blir jo litt som når kraftselskapa leiger inn entreprenørar til å bygge ein kraftstasjon. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ja, det har du rett i. Tenkte ikkje på samvirke. Men desse er jo eigde av brukarane og ikkje laga for profitt. Slik eg forstår det blir ikkje overskotet utbetalt, men brukt til drift og redusert nettleige. Usikker på korleis dette fungerer for Alta kraftlag SA. Dei har jo fleire AS under seg som f.eks. nettselskapet Alut AS. Fungerer vel sikkert likt som dei andre sidan samvirket ikkje har eigarar som tek ut overskotet. Altså at Alut ikkje betalar utbytte til samvirket. Kanskje det er slik alle nettselskapa brude vore organisert. Eigd av brukarane i området. Men det har vel lite å seie sidan ein då må betale meir for andre ting i kommunen. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ser du på konsernet no eller? Nettselskapet er kun ein liten del av dette. Kor mykje morselskapet får ut frå nettselskapet blir bestemt ut frå gitte reglar. Driv dei effektivt med lite feil og låge kostnader så er det meir til overs. Om straumen blir borte pga feil så tapar selskapet pengar og dermed kan dei ta ut mindre pengar i utbytte. Dei får ei bot på ein måte. Dette er det ein kallar KILE kostnader. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Men det er jo ingen private som eig nett utanom produksjonslinjer frå privat eigde kraftverk, og nokre industrinett. Alle nettselskap som distribuerer til private er eigde av kommunane gjennom morselskapa. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Treng ikkje vere profet når ein såg resultatet av nedbør i oktober (under halvparten av normal). Eg venta til slutten av november før eg bestilte for å sjå utviklinga. Men at det skulle bli så ille som det vart i januar og februar, som er ein av dei mest nedbørrike månadane her i vest, hadde eg jo ikkje forventa. -
Har ein 12-bay NAS der 6TB WD Red diskar har start å feile på den eine poolen. Og den andre som fortsatt er ok har eldre 3TB diskar. Blir dyrt å erstatte med dagens prisnivå.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Når det gjeld Elvia og auka nettleige så mistenker eg at dei tok for mykje eit år tidlegare som gjorde at dei måtte redusere den for å kome i balanse? Når dei har det så set dei den opp att for å få inn det dei forventar å få lov til å ta. Mitt nettselskap har auka nettleiga jamnt og trutt siste åra. Men det er snakk om nokre øre/kWh + kanskje 10% på effektledd. Må hugse på at jo høgare spotprisen er jo meir vil nettleiga koste oss. Nettselskapa må kjøpe inn det som går tapt i nettet på spotmarknaden. Kabeltunnelen Hamang-Smestad gjennom Bærum burde nok heilt klart vore delvis finansiert av kommunen. Slik det er no så er heile landet med på å betale for at folk skal sleppe kraftlinje gjennom bustadområder. Men ein tunnel er også smart med tanke på framtida. Ein overføre meir gjennom kablar som ikkje er gravd ned og det er også lettare å fikse eventuelle feil. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Og blir det ikkje noko sal så går det i svart eller ting stoppar opp fordi varen ikkje blir produsert. Men det er jo ikkje slik det fungerer. Produsenten kan jo fint berre seie at eg skal ha X per eining av vara eller så produserer vi ikkje. Dei har ingen plikt til å produsere. Det ville vel kanskje kome noko slikt når samfunnet stoppar opp pga mangel på f.eks. drivstoff. Men det vil jo drive prisen opp. For straum så er det diverse kontraktar og pålegg om produksjon for at ting ikkje skal gå i svart. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Nei, greia er jo at prisen er jo sett ut frå bod som seljarane kom med. Og med marginalprising så er det jo høgste bod som set prisen. Hjelper lite om seljar X kan selje sin bensin til 10kr/liter om seljar Y verdset sin bensin til 20kr/liter. Bensinstasjon A får ikkje kjøpe bensinen frå seljar X til 10kr uansett. Dei må betale 20kr til alle fordi prisen er sett på ein børs. Blir som ein grossist kjøper inn frå ulike produsentar og så sel vidare til dyraste pris uansett. Bensinstasjonane kan ikkje kjøpe direkte frå produsenten. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Er det ikkje slik at det ikkje er knappheit? Vi er jo på grøn status. Kva om ei bensinstasjon kjede seier dei vil kjøpe bensin for 20kr/liter. Det er høgste bod. Då skal alle andre stasjonar også kjøpe for 20kr/liter den dagen, timen eller kva det no måtte vere. Så då vil alle bensinstasjonar selje baser på høgste bod for bensinen. Eit flyselskap verdset ein billett Oslo-Bergen til 1500kr. Då må dei andre også prise billetten til det same. Greia er jo at det er ingen ting som hindrar produsentane i å sette opp prisen eit øre her og eit øre der. Til slutt så betalar kundane blodpris. Og dette er kun fordi høgaste pris er minimum. Einaste dei må produsere på er minste vassføring, elvekraft osv. Er det ille nok så kan dei jo berre sende vatnet forbi turbinen også. Så då får vi enorme svingingar i pris frå vind og sol til stille og overskya. Og så har ein jo systemet med at produsentar betalar andre for å ikkje produsere. Det skjer visst heile tida for Tyskland og Danmark der danske vindkraftverk får betalt for å la turbinane stå. Prisinga burde vere eit snitt eller liknande. Det vil også redusere tida med negativ pris som også er heilt meiningslaus. Det vil nok også gi betre vilkår for sol og vind. Einaste som held slike oppe i dag er langsiktige kontraktar. Det er jo litt som Norgespris det. Hadde vind og sol fått betalt for det dei faktisk produserer når dei produserer så hadde det aldri vore liv laga. Eg kunne godt tenkt meg å kjøpt 5-10k kWh/år på langtidskontrakt for 30 øre/kWh eller kva det no er bedrifter må betale. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kanskje vi skal marginalprise alle varer og tenester? Sikkert fint for alle land som kan produsere billig og tene rått på at prisen blir sett ut frå dyraste produksjon. Problemet er jo berre at folka der ikkje vil ha råd til å kjøpe mat osv. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Neppe... kostnaden med KILE er ganske stor og ville nok kosta nettselskapet meir. Difor er det berre i distrikta med få kundar at folk er tilkopla ein radial. Då blir mengda kraft som ikkje er levert låg og "bota" mindre for selskapet. Eit eksempel, som eg meiner å ha nemd i tråden før, er Steigen og Hamarøy. Dei var forsynt med ei 66kV line frå Kjøpsvik som har 3 fjordspenn. Desse er sårbare(lang reparasjonstid). I tillegg er det kun eit av kraftverka der som kan halde frekvensen i øydrift. Så Statnett bygde ny stasjon ved Kobbvatnet slik at området fekk ei tosidig forsyning på 66kV. https://openinframap.org/#9.08/67.875/15.9218
