Jump to content

Knut Lavngard

Medlemmer
  • Content Count

    1291
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Knut Lavngard last won the day on January 22 2016

Knut Lavngard had the most liked content!

Community Reputation

1223 :)

About Knut Lavngard

  • Birthday 04/19/1959

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Recent Profile Visitors

3696 profile views
  1. Det interessante med dette er at om «Elvis» hadde vore oppdikta, så hadde det vore ein fin måte for JHA å få fram at dei to samarbeida om ei historie for å villeia politiet. Men JHA hev aldri sagt at personen er oppdikta, ikkje som er kome fram i alle fall. Så då vert sjølvsagt dette heilt irrelevant. At VK kastar mistanke mot ein person, i mellom anna samtale med JHA, og så nemner begge denne personen til politiet. Kva er det prov for? Fint lite anna enn at VK og JHA som alle andre snakka om saki.
  2. Det er gledeleg at du no erkjenner at VK si forklaring om at JHA kom i halv åtte-tida i seg sjølv ikkje er ein mistenkjeleg feil. Kan VK ha forklart dette om han er skuldig? Ja. Kan VK ha forklart dette om han er uskuldig? Ja. Verre var det ikkje. Det same gjeld JHA si forklaring om korvidt VK var med. Kan JHA ha stadfesta politiet sin teori om at ha var eit offer for VK dersom teorien var riktig? Ja. Kan han ha «stadfesta» den, også om den var feil? Ja. Elles var det ikkje noko oppstyr der og då, som kanskje er ein av grunnane til at fleire gløymte og tok feil om det eine og det andre. Men å ta opp att dei same tinga med folk som hev låst seg fast nyttar ikkje.
  3. Det er riktig at brotsmannen tilpassa forklaringa si, ja. Som sjølvsagt rimer dårleg med den såkalla «alibi-avtalen» JHA hevda dei hadde, om å ikkje gje kvarandre alibi rundt 19-tida.
  4. Et trur kvinna som i gjentekne avhøyr hevda ho såg den eldste jenta på rulleskøyter nær heimen i halv åtte-tida kvelden ho vart drepen må ha vore med på det! Kanskje det var ho som hadde mobilen? Kvifor skulle ho elles lyga til politiet gong på gong?
  5. Kvinna som drap begge borna sine, kven skal det vera fare for at ho skal drepa ved ein seinare anledning? Kva er sannsynet for at ho får fleire born, ein ny (eks)mann å hevna seg på? Korleis kan dette samanliknast med nokon som av rein drapslyst drep to tilfeldige born? Det kan det ikkje. Om den andre saka, så er det sjølvsagt fornuftig at folk som begår fleire drap får forvaring. Om kvinna i den fyrste saki drep igjen om mange år, så får ho truleg forvaring. Men det er sjølvsagt ikkje slik at forvaring kun vert gjeve i slike tilfelle. Eg hev elles nevnt Varhaug-drapet. Ein ustraffa ung mann som berre bestemte seg for å drepa eit tilfeldig offer. Og Smøla-drapet, ei kvinne som kvalte ein lite gut, utan noko forståeleg motiv. Her hev du Vinstra-drapet, kor drapsmannen vel var ustraffa frå før, men openbert hadde stor drapslyst, samme JHA truleg hadde, gitt at han handla åleine, og han vart dømt til forvaring: https://www.gd.no/retten-drapshandlingen-fremstar-velkalkulert-og-godt-planlagt/s/5-18-943572 Kva er det som gjer at JHA mest truleg ikkje ville fått forvaring, medan han som stod bak Vinstra-drapet fekk det? Det heng sjølvsagt ikkje saman.
  6. Hev du høyrt om «overdriving»? Det er eit språkleg verkemiddel. Du nyttar det sjølv. Retten ville sjølvsagt ikkje kun komme til at det er ein mikroskopisk fare for liknande i framtida, og mikroskopisk sjanse ville ikkje vore nok, nei. Lova er klar, og om ein les det slik at ein må ha begått fleire lovbrot for å få forvaring, så vert konklusjonen sjølvsagt feil, for det står ingenting om det.
  7. Hev eg skrive noko anna? Fin stråmann. Mantraet her hev vore at einaste grunn til at VK fekk forvaring var overgrepa i ungdomen. Men i lova er det presisert at gjentekne lovbrot kan medføra forvaring sjølv om det ikkje er snakk om dei mest alvorlege former for lovbrot. Baneheia-drapa går under det aller verste som er gjort, og høver fint inn under: «Dom på forvaring forutsetter videre at det er begått eller forsøkt å begå en alvorlig voldsforbrytelse, seksualforbrytelse, frihetsberøvelse, ildspåsettelse eller annen forbrytelse som krenker andres liv, helse eller frihet. Det må også være en nærliggende fare for at han eller hun på ny vil begå en slik alvorlig forbrytelse. » Det ville vore rart om retten ville tenkt «nei, ingen nærliggjande fare for liknande brotsverk i framtida» om JHA hadde vore einaste domfelte i saki. Dei sakkyndige rapportane ville vore annleis, alt ville vore annleis om JHA ikkje hadde fått offerolla og i staden heile skulda på si kappe åleine. Men hei, eg er visst eit troll som kan meina noko som dette.
  8. Eg trur nok ein lyt gje opp å forklara dette særdeles enkle til enkelte. Men kanskje andre som les forstår.
  9. Dette vert hakk i plata, men i så alvorlege, meningslause drapssaker som dette, med tilfeldige ofre, er det fleire døme på at forvaring er gjeve. Du kan kanskje henvisa til noko samanliknbart kor forvaring ikkje er gjeve. Drap i affekt, eller drap kor det neppe hev vore særleg overlegg bak, alternativt kor det er eit sterkt motiv retta konkret mot offeret, er noko heilt anna enn dette. Eg hevdar ikkje han slapp forvaring fordi han angav VK, men fordi han ikkje vart sett på som initiativtakar men ein som «berre blei med».
  10. Om dette hadde vore ein avtale mellom dei to, og personen var oppdikta, kvifor gjorde ikkje JHA, hans forsvarar eller aktor eit poeng ut av dette? Det ville gjort JHA si forklaring om samarbeid meir truverdig. Så merkjeleg. Eg veit ikkje meir om dette, men alt eg finn er at politiet anno 2019 hevdar dette er teikn på avtalt spel mellom dei to, utan at det kjem fram korvidt personen eksisterte eller ei.
  11. Drap på tilfeldige ofre utan noko forståeleg motiv, kun rein drapslyst, kan fint vera god nok grunn til forvaring. Nettopp fordi samfunnet bør vernast mot folk som begår slike uforståelege handlingar, sidan ein aldri kan veta om det skjer igjen.
  12. Igjen: ingen stader i lova står det at ein må ha begått fleire alvorlege kriminelle handlingar for å få forvaring. Denne fyren tilstod, hadde ikkje drepe før eller anna, men fekk forvaring. https://www.nrk.no/rogaland/domt-til-12-ars-forvaring-for-varhaug-drapet-1.14819198 Så kan du forklara kvifor domarane ikkje forholdt seg til lova, slik du tolkar den, i den saki. Eller kvifor det var så mykje meir nærliggjande med gjentakingsfare der kontra korleis retten hadde oppfatta JHA om han både var hovudmann og einaste mann bak dei meiningslause drapa i Baneheia. Kvifor dei som av ulike grunnar framleis held fast ved at dei trur VK var skuldig samstundes skal vera så ivrige forsvararar av JHA på alle moglege måtar er vanskeleg å forstå.
  13. Eg hev ikkje framheva at JHA ikkje ville tilstått pga. faren for forvaring. Forvaring eksisterte ikkje i 2000, det vart innført seinare. Som nemnd mange gonger hadde han andre, sterkare motiv enn strafflengda for å halda fast ved si forklaring. Elles: Du trur altså at om JHA hadde blitt sikta, tiltalt og dømt som einaste brotsmann, og det som då truleg ville vore med inga tilståing eller forklaring på motivet bak planlegging og valdtekt og drap på to små jenter, så ville retten tenkt «det er ingen risiko for gjentaking, så forvaring kan me ikkje gje». Temmeleg spesielt, men folk kan få tru kva dei vil.
  14. Nei, det gjeld ikkje. Negativ historikk er sjølvsagt skjerpende når det gjeld korvidt forvaring skal idømmast, men ikkje eit krav når det gjeld drapssaker. Ja, det er rett at det lyt vera fare for liknande i framtida. Nei, ABB er ikkje noko unntakstilfelle. Det er fleire drapssaker kor forvaring er blitt idømt, utan at gjentakande lovbrot er utført. Det står ingenting i lova om at at ein må ha begått fleire lovbrot for å få forvaring. Du hev fått sitat. Denne saki til dømes, du må fjerne forklara kvifor denne hendinga, begått av ein tidlegare ustraffa, var så mykje verre enn Baneheia-drapa at forvaring var naudsynt, men ikkje ville vore det for JHA. https://www.nrk.no/rogaland/domt-til-12-ars-forvaring-for-varhaug-drapet-1.14819198 Du trur altså at om JHA hadde blitt sikta, tiltalt og dømt som einaste brotsmann, og det som då truleg ville vore med inga tilståing eller forklaring på motivet bak planlegging og valdtekt og drap på to små jenter, så ville retten tenkt «det er ingen risiko for gjentaking, så forvaring kan me ikkje gje». Eg utelukkar ingenting, men sannsynet for dette er særs lite. Me ei slik haldning er det påfallande at du kallar folk som meiner noko anna enn det for «Viggo-fans». Kven er du fan av, tru?
  15. Det står ingenting i lova om at ein må ha begått alvorlege brotsverk tidlegare for å få forvaring, så her er du diverre på villspor. VK hadde for øvrig blitt dømt til forvaring også om det ikkje hadde kome fram at han begjekk overgrep i ungdomen. Merkeleg å tru noko anna.
×
×
  • Create New...