Gå til innhold

Cair Paravel

Medlemmer
  • Innlegg

    1 543
  • Ble med

Innlegg skrevet av Cair Paravel

  1. Mflj skrev (4 timer siden):

    Det er en oppsummering av det jeg mener er kjernebudskapet i bibelen. For den som kanskje lurer på noe ifht det, og synes det er interessant.

    Kjernebodskapen i Bibelen er det doble kjærleiksbodet, eller som det heiter i songen: "All you need is love". Jesus er ikkje ein person som har levd for 2000 år sidan, men som du skriv eit perfekt eksempel på korleis vise denne kjærleiken i praksis. Kven var det som fekk kjenne Herrens ærlege vreide om ikkje dei religiøse, farisearane og dei skriftlærde, som kunne reglane på rams, men som fordømde samaritanarane, tollarane og dåtidas "syndarar"? Synd er ikkje å ikkje etterleve reglar, men å ikkje ville ha ein relasjon med Gud. Å sanne sine synder er å våge å vise at ein er eit ekte menneske, ikkje å liste opp ei mengd med synder. Frelse er ikkje blind dogmatisk tru, men å verte fri frå religion og sjå morgonroden i augene.

  2. Op 7:12 – «Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.  9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»»

     

    I høve den komande translasjonsfesten, skriv eg nokre ord om Den Store Himmelstriden, om den store løyndomen som har vorte openberra i desse siste tider. Kven er draken? Kva er eit menneske? For å ta det siste fyrst, mennesket er både det løynde og det røynde, det synlege og det usynlege, det maskuline og det feminine, det ytre og det indre. Gud skapte Adam av jord, og Eva av ribbeinet hans. Både Adam og Eva fall i synd der i Edens hage. Adam er slik eg skjønar det mennesket sin maskuline avatar i det synlege, medan Eva er det feminine indre motstykket, det sjelelege eller psykiske. Fordi synd er skuldig til døden, og synd er ein naturleg konsekvens av den frie vilje, hadde Gud i sin nåde frå opphavet klar ein redningsplan. Det måtte ein mellommann til, ein ny Adam, den perfekte Kristus. Og dette er den store striden, ein strid mellom det gode og det vonde. Bibelen seier at i opphavet var Ordet. Ordet som vart forkynt til det indre hjartet, skapte tru på ein Redningsmann. Den Heilage Ande er eit såkorn som gjev evig liv i Kristus. Møya skulle verte med barn, og føde det inkarnerte Jesusbarnet. Dette er det å verte fødd på ny. Kven er så draken? Ikkje utelukkande ei ekstern kraft, ein ytre fiende, men mennesket sin eigen syndige natur. Det var derfor det står skrive at Jesus vart til synd, og at han samanlikna seg med koparormen i øydemarka. For å verte frelst må eit menneske krossfeste sin eigen vonde natur med lystene og lastene. Han må bøye eigenviljen, og krone Jesus som konge i sitt hjarte. Det finst ingen siger utan liding, ingen herlegdom utan fornedring. Og tida kom då møya skulle føde. Jesus, som før var berre eit ideal om eit perfekt menneske, skulle manifesterast i det synlege. Så kjem vendepunktet i historia. Gamle Adam ville ikkje døy. Hovmodet vart for stort. På den vonde dagen, ville han bli god i eiga kraft. Kjærleiken tapte og egoismen vann. Draken vart kasta til jorda som ein orm, og mennesket forstod skilnaden mellom godt og vondt. Djevelen er ikkje alle andre, det er egoet, sjølvlivet. Så har då Antikrist kome til verda, ikkje som ein konge, men som ein svikefull og tarveleg Judas, som den lidande Kristus. Fordi han har dolka Kristus i ryggen, er det inga soning for synd i Lammets blod. Dette er den utilgivelege synd, spott mot den Heilage Ande. Egoet som valde seg sjølv til pave, vart dømd som juksepave, og transformert til ein altargut, den lågaste av alle. Sviket er komplett i dette at dei vonde englane også har vendt seg mot Antikrist. Det løynde og det røynde dansar ein makaber dødsdans, i svikefull kjærleik, forakt og eld. Mennesket vert manipulert og er ein manipulator, bunden til det illusoriske spelet som eksistensen er. Skjøkja vert brent på staken som heks, medan Antikrist vert kasta i eldsjøen.

    Kva gagnar det så eit menneske om det vinn heile verda, men tek skade på si sjel?

    • Liker 1
  3. theNiceOne skrev (På 14.4.2020 den 23.41):

    En mann som er mellom tjue og seksti år, skal ha en verdi på femti sjekel sølv etter helligdommens vekt.  4 Er det en kvinne, skal hun ha en verdi på tretti sjekel.

    Når du skriv tretti sekel, er det nærliggjande å tenkje på dei tretti sylvpengane Jesus vart sviken for (Matt 26:15).

    Jesus valde å ofrast for å løyse fri ei brud med sitt blod.

  4. Klimafanatisme er ei skummel antikristeleg domedagssekt, som er bygd på løgn og svovelpredikering. Dei klimareligiøse påstår at klimaendringar er menneskeskapte og at menneskeslekta gjennom bot og betring kan redde verda.

     

    Sanninga er at menneskeslekta har eit problem, og det er synda - dvs opprør mot Guds vilje. Følgjene av synda er døden. Idag blomstrar synda overalt i samfunnet, til dømes pride-tog, og vi mistar Guds velsigning over landet. At verda er i ferd med å gå under, var profetert for lang tid tilbake. Bibelen seier at denne verda er spart for elden.

     

    I staden for klimaaskese burde vi alle søke Gud og be om ny nåde over landet. Vi kan ikkje redde verda åleine, men Gud kan frelse. Den einaste redninga er Jesus.

  5. Selv en troende er tvunget til å anerkjenne aksiomet eksistens.

     

    Til svar på tråden sitt tema «Er røyndomen verkeleg?» vil eg ta utgangspunkt i nokre bibelvers som står i Kol 2:16-19 (aktuelle ord utheva)–

     

    «Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band.»

     

    Ein skugge kan sjå veldig reell ut, i det den etterliknar ein eller annan levande skapning eller død gjenstand. I dag forklarar vi ein skugge som eit mørklagd område som oppstår fordi eit objekt hindrar ljosstrålar å passere. Skuggen er altså ikkje eit objekt i seg sjølv, men ei etterlikning av eit objekt, og det vil vere ein illusjon å tru noko anna. Det som er, er ikkje alltid det det framstår som å vere.

     

    Den mest kjende skuggeanalogien er utan tvil Platon si holelikning. Fangane i hola baserer heile si metafysiske verdsoppfatning på realistiske, men like fullt irreelle skuggebilete på ein vegg. Når ein av fangane greier å sleppe fri, slik at han får sjå korleis det heile eigentleg heng saman, vert han ikkje trudd når han kjem tilbake. Fangane vil ikkje kunne oppfatte kven han verkeleg er, men berre skuggen av han. For å kjenne sanninga, må dei sjølve verte sett i fridom.

     

    Tilbake til Paulus, seier han altså at både matskikkar og helgedagar berre er skuggebilete av det komande. På same måte som GT var eit førebilete på NT, må vi kunne sjå på alt som kan sansast med dei jordiske sansane, som eit førebilete på det evig fullkomne og himmelske. Vidare skriv apostelen om dei som fokuserer for mykje på syner og tankar, og ikkje held fast på Kristus. Det er ei kjensgjerning at all informasjon vert innhenta subjektivt gjennom sansane, tolka av forstanden og lagra i minnet. Det er imidlertid Kristus som held alt dette saman, slik at vi har eit heilt menneske.

     

    Utan trua på Kristus, er ein overgitt til Descartes sin vonde demon, som manipulerer alle sanseinntrykk, kjensler, tankar, impulsar og minner. Mennesket mistar i så fall heile si ontologiske forankring, og står igjen med det kartesianske grunnaksiom – eg tenkjer, altså er eg. Dette er rasjonalismen sitt utgangspunkt og konklusjon. I tillegg må det mest truleg eksistere ein intelligens utanfor ein sjølv, ettersom det ved ein manipulasjon vil eksistere både ein manipulator og eit offer.

     

    Tilsvarande skuggane, har vi i moderne tid også mange virtuelle verder, som ein kan verte oppslukt av. I eit typisk fleirspelar online rollespel vil ein vanlegvis ha ein avatar, som ein utforskar verda med og interagerer med andre avatarar, som ein går utifrå er styrt av andre spelarar eller botar. På same måten som eit menneske må følgje dei fysiske lovene i dette universet, vil også avataren i spelet måtte følgje dei programmerte lovene i sitt univers. Dersom ein hoppar frå ei stor høgde, vil mest truleg avataren døy. Det betyr ikkje at det virtuelle universet er reelt!

     

    Når vi då ser skuggane og ser rollespela, er det då ikkje innlysande at heile den jordiske røyndomen kan vere eit skuggebilete og eit rollespel, som peikar på noko evig og uforanderleg i åndeverda? Kvifor skal ein feste lit til den lekamlege avataren, som uansett er døyeleg? Eg trur også det eg har skrive her, klart viser kvifor ikkje Gud berre kan skrive sitt namn på himmelen slik som enkelte krev. Mennesket er lekamleg og lekamen er feilbarleg. Like fullt er mennesket ånd, og ånda lengtar etter Gud. Det er berre Den Heilage Ande som kan overtyde eit menneske om synd, rettferd og dom. Anden peikar på lova, som har sitt endemål i Kristus. Det er berre ved å kjenne Jesus, at mennesket kan lære sanninga å kjenne.

    • Liker 1
  6. Men tro er full visshet om det som håpes, overbevisning om ting som ikke sees.

     

    Altså ingen gode bevis for at dette i det hele tatt er sant.

    Eksisterer gode prov som ingen kan tvile på?

     

    Sjølv om Gud kan overbevise gjennom sansing og fornuft, er ingen av desse til å stole på.

     

    Tru er derimot noko som vert skapt utanfrå av Gud. Kristus er trua sin opphavsmann og fullendar. Ingen kan tru utan Guds hjelp.

     

    Betyr det at hvis du stoler på Arbeiderpartiet,. Så etter din definisjon er du teist.

    Teisme handlar om å tru på ein gud/gudar som er utanfor verda, men interagerer i den. Dette er ikkje ekvivalent med ei levande kristentru, som i følgje bibelen er naudsynt for frelse. Arbeiderpartiet er såvidt eg veit ikkje guddommeleg.

  7. Jeg forstår ikke hva som menes når folk skriver at ateister "tror" på forskning slik teister tror på gud.

    Blandes først og fremst gudetro (faith) sammen med det å stole på noe? TROverdighet?

    Med forskning, mens det da den vitenskapelige metode? Sånn siden at forskning i seg selv ikke er verdt mer enn det gitt forskning er bygget på.

    Og stoler ikke teister på den vitenskapelige metode sånn siden ateister nevnes?

    Å tru på Gud er det same som å stole på Gud. Ei levande tru er nettopp eit praktisk tillitsforhold til Gud som får innverknad på livet.

     

    Den vitskaplege metode er nyttig til mykje. Problemet er når ein byggjer kunnskap på usikre aksiom, og dreg bastante slutningar der det ikkje er grunnlag for det.

     

    Eit prakteksempel er klimakrisa, som ein høyrer er menneskeskapt. Ungdom trur blindt på forskarar, og deira idealistiske opprør rystar samfunnet. Er det ikkje eit paradoks at ein bastant krisemaksimerer at vi som menneske kan redde ei verd, som ein med eit skeptisk sinn ikkje ein gong kan vite sikkert at eksisterer?

     

    Vitskap utan tru har store begrensingar, noko det er viktig å erkjenne. Vi kan byggje Babels tårn mot himmelen, men svaret er tvertom Han som kom frå himmelen til jorda.

     

    Å byggje livet på vitskap åleine er som å byggje huset sitt på sandgrunn, medan å tru er som eit hus bygd på sikkert fjell.

  8. Jeg skjønte ikke alt her helt.

     

    Det eg prøver å forklare er at det kan gagne mennesket med kortvarig liding. Ta til dømes Job i Jobs bok, som mista alt han eigde og vart sjuk. Job heldt ut i lidinga, og fekk tilbake alt han hadde tapt. Liding er ikkje berre negativt, men også eit verktøy som Gud kan bruke til å dra sine barn nærare han. Dette gjeld både eiga liding og andre si liding. Når vi ser andre lid, kan vi vise vår kjærleik til Gud gjennom å vere god mot denne lidande nesten. Dette må vi sjå i lys av at livet på jorda er ei slags prøveperiode, ein treningsleir for himmelen.

     

    Vi kan også samanlikne livet på jorda med ein vaksinasjon. I ei vaksine kan det vere levande svekkja mikroorganismar, som triggar vårt eige immunforsvar til å igangsetje ein immunreaksjon. Ved å kome i kontakt med det vonde, lærer Gud sine barn korleis fienden er og korleis han kan nedkjempast. Djevelen er skapt av Gud for å underleggjast mennesket. Det er godt for mennesket å ha ein motstandar. Dette gjer den endelege sigeren så langt større. Andre verdskrigen skapte mykje liding, men då freden og fridomen kom var gleda overmåte stor. Denne gleda er eit vagt bilete på Guds gods plan når jordelivet er slutt.

     

    Du tolkar meg dit at Gud ikkje er nøgd med relasjonen til han gjennom fri vilje. Slik eg ser det er situasjonen derimot meir dikotomisk og svart-kvitt. Anten er ein frelst eller så er ein ufrelst, og det er nettopp for å velje sin frelsesposisjon at ein nyttar den frie vilje. Frelsa byggjer ikkje på gjerningar, men på eit val. Eg vil heller ikkje seie at liding er ukontrollerbar. Gud er personleg og han bryr seg. Han kan bruke naturkatastrofer og terroraksjonar for å åtvare om dom, eller han kan iscenesetje eit dødsfall for å kalle dei etterletne til frelse. Eg veit dette er kontroversielt, men Gud har alltid ein god plan med den liding og vondskap som skjer. Dette såframt nåden ikkje er slutt og det er tid for dom og straff.

     

    Med avskrekkande effekt meiner eg til dømes når vi ser ein narkoman ta ei overdose. Dersom han døyr, lærer vi at det ikkje er føremålstenleg å bruke narkotika fordi det kan medføre døden. Slik sett er Gud den ultimate læremeister. Dess meir ein er i kontakt med liding, dess meir forståing får ein for alvoret i tilveret.

     

    Kjærleik er sterkast når den er valfri. Du kan sikkert argumentere med ein slags tillært kjærleik i tvangsekteskap, men dette er ikkje slik Gud er. Spørsmålet om det er fri vilje i himmelen er ganske meiningslaust fordi ein då vil ha eit perfekt liv der Gud tilfredsstiller eins djupaste sjelelege behov. I himmelen vil det vere fullkomen kjærleik fordi Gud er kjærleik.

     

    Til det siste, vil eg absolutt meine at ein bør tenkje sjølv. På same måte som Peter sokk då han såg på bølgjene, men gjekk på vatnet då han såg på Jesus, er sanninga også i dag å finne når ein vender blikket bort frå omgivnadene og fokuserer på relasjonen mellom seg sjølv og Gud. Det er uklokt å døme Gud for ugjerningar som andre hevdar han har gjort, når det ein kan vite om verda er subjektiv sanseinformasjon.

     

    Du kan argumentere med at Gud er ein sadist, men kristne vil då spør kvifor det skjer helbredingar i dag eller kvifor Jesus helbreda sjuke for 2000 år sidan. Kvifor vart vonde ånder kasta ut eller blinde fekk synet? Du kan naturlegvis hevde at Jesus ikkje har eksistert og at mirakel er berre humbug. Når alt kjem til alt handlar det om tru. Det handlar om personlege erfaringar, om menneske som vitnar om ein god Gud. Difor er det eg også skriv om Guds perspektiv, fordi eg har erfart Gud personleg og fått openberra nye sider ved røyndomen.

  9. Ville vi ikke hatt fri vilje uten beinkreft, byllepest og slike ting heller?

     

    Er det slik de kristne mener det er i himmelen? I himmelen skal det jo bare være godt, og da må jo Gud ha fjernet menneskenes frie vilje.

     

    Men ikke et veldig godt argument. Det bærer mer preg av å prøve å bortforklare hvorfor det er så mye lidelse i verden, samtidig som vi skal ha en allmektig, god gud. Og dette er ikke lett å gjøre uten å lukke øyne for alle motsigelsene.

    1. Lat oss sjå på eit bibelvers i Rom 8.28: "Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla."

    Med alle ting må vi også inkludere sjukdom og liding. Gjennom det vonde kan til dømes gudsmennesket utvikle ein nærare relasjon til Gud, og få ein sterkare karakter. Sjukdom og liding er ein konsekvens av syndefallet, og har slik sett også ein preventiv og avskrekkende effekt. Gjennom samfunnet viser Gud korleis det kan gå dersom ein vender seg bort frå han.

     

    2. Himmelriket kan samanliknast med eit ekteskap. Det er forpliktande, men samstundes er det godt fordi Gud vil ein berre det beste. Kvifor skulle nokon ønskje å forlate himmelen? CS Lewis samanliknar trangen til å forlate himmelen med å ha lyst på ei billig hore når eins kjære ven som har vore borte i lang tid står rett utanfor døra.

     

    3. Det er ingen motsetningar. Det vondes problem er berre eit problem så lenge ein ser seg blind i den menneskelege logikk. Ein må sjå det frå Guds perspektiv. Når enden er god, er all ting godt.

  10. Gud kunne gjort det. Han kunne skapt himmel på jord frå første stund. Problemet med dette er at mennesket i eit slikt scenario ikkje ville hatt ein fri vilje. Ein ville ha vore som robotar. Ein ville ha vore ute av stand til å elske, fordi kjærleik er avhengig av fri vilje. Dette er eit vanleg kristeleg argument. Guds største ønskje er å leve i ein nær relasjon med kvar den som trur. Difor gav Gud mennesket ein sjanse til å verte frelst gjennom Jesus.

  11. Først og fremst må ein sjå dette frå Guds perspektiv. Ein må knuse nokre egg for å lage ein omelett. Bibelen snakkar om gode gjerningar som Gud føreut har lagt framfor ein å vandre i. Bibelen snakkar om å bli Kristus lik. Kristus er det framste eksempel på å tene sine medmenneske i kjærleik gjennom liding.

     

    Lat oss tenkje oss ei såkalla perfekt verd utan liding. Kven skulle Ola Nordmann no be frelsesbøn med, besøke i fengselet, halde i handa på dødsleiet? Så vil nokon innvende at lidinga sine muligheter ikkje rettferdiggjer lidinga sin eksistens. Spørsmålet er kva ein veit om denne eksistensen. Igjen kjem vi tilbake til observasjonen av omverda og erkjenninga av at det eksisterer informasjon vi ikkje har tilgang til. Korleis kan eg anklage den allmektige Gud utelukkande basert på ei menneskeleg antaking av røyndomen?

     

    Ser vi på Guds løfter har den truande ein himmel i vente. Ein stad utan liding, der alle lever i kjærleik og harmoni. Kva viss det korte livet på jorda er ei prøveperiode for å kvalifisere seg til dette paradis og at lidinga er ein naudsynt del av denne prøveperioda?

  12. Eg tenkjer meir i retning av at det tilsynelatande tilfeldige (statistikk) er underlagt Guds vilje. I kristendom snakkar ein om gudfeldigheter, styrelsar, at Gud legg ting til rette. Eg kan ikkje så mykje om kvantefysikk, men slik eg forstår det viser den oss mellom anna viktigheten av å observere. At ein gjenstand kan få spesifikke eigenskapar først ved tidspunktet for observasjon. Dette samsvarar med mitt syn på Gud og røyndomen. Kvar augneblink er ein observasjon av Guds skaparmakt. Noko vert sansa, og med det har det ein eksistens for den som sansar det. Eg trur ikkje det som vert sansa er tilfeldig, ei heller at mennesket har makt til å skape. Auget er sjela sin spegel i den forstand at det ein ser gjenspeglar den ein er. Dette er ei plausibel forklaring på frelsesopplevingar der til dømes graset vert grønare og fuglane syng meir vakkert.

     

    På mange måtar er eg samd i dette at ein har fri vilje innanfor ufrivillige begrensingar. Mi tilføying er at Gud har gitt mennesket mulighet til å velje begrensingane sjølv, og at dette er den sanne frie vilje.

  13. Eg har gjort meg opp nokre tankar rundt determinisme og fri vilje. Slik eg ser det er fri vilje frå eit kristent perspektiv direkte knytta opp mot å velje kven som skal vere herre i livet. Vi må ha som utgangspunkt at Gud vil ein det beste, medan den vonde vil øydeleggje. Å verte ein kristen er å gi Gud styringa i livet. Når eit menneske underkastar seg Guds vilje, slik som det står i fadervår, døyr eigenviljen, og ein vert determinert til perfeksjon. Ergo Guds gode vilje er for mennesket å verte Gud lik. Alternativet er å ikkje gi Gud herredøme i livet. Det gudlause mennesket er determinert av djevelen, og vert driven av verda og lystene. Uansett kor mykje eit slikt menneske ønskjer å verte fri, vil det vere bunde av sin syndige natur.

     

    Slik eg ser det, eksisterer det altså både fri vilje og determinisme. Det kan synest som eit paradoks at Guds determinisme også er å vere fri, men dette kjem av at denne sanne fridomen er å ha mulighet til å gjere gode val. Til dømes kan Gud plante gode tankar i mennesket.

  14. Faktum er at det spelar ingen rolle kor mange kampar vi vinn og kor godt vi spelar, når status under Klopp framleis er null pokalar og gjentatte tap når det dreg seg til. Liverpool har ikkje vunne eit stort trofé sidan 2006, ser vi bort frå ligacupen. Det er rett og slett ikkje godt nok. Kor mykje meir Kloppflopping kan aksepterast før det er på tide med nye moppar? Joda, vi har vist progresjon på alle andre måtar enn å faktisk vinne noko. Når alt kjem til alt er det det som betyr noko. Så må ein ta førehald at det kan skje mirakel både i ligaen og CL, men i lys av kveldens resultat og City sin form og terminliste ser løpet køyrt ut. Kanskje neste år?

    • Liker 1
  15. Så seier Herrens ord:

     

    "I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei." (Op 9:6)

     

    Slik er tilstanden i postapokalypsen, vassmannen sin tidsalder.

    Eit menneske kan ikkje ta sitt liv, berre Gud er herre over liv og død.

    Gud har overgitt verda til det vonde på grunn av synda.

    Alt det verste som kan skje, er i ferd med å skje.

    Men sjølvmord er ein altfor billig utveg.

    Kvifor skulle hovdingane i mørkret gje slepp på sin undersått?

    Som TS skriv, utan meg vil ikkje universet halde fram å eksistere.

    Utan eit univers vil heller ikkje djevelen vere denne verdsens gud.

    Sjølvmord er ein fager draum, men denne tida er mareritta si tid.

    I dette marerittet er det ingen happy ending.

  16. Falsk analogi.

     

    Den som hopper i fallskjerm har sterk empirisk evidens for at fallskjermen skal fungere som den er ment å gjøre. For Jesus har man....i praksis ingenting. Kun påstander fra en internt inkonsistent bok med ukjente forfattere. Og altså null empirisk evidens. Deri ligger forskjellen.

    Når vi snakkar om empirisk evidens meiner du kanskje at det er gjort tidlegare forsøk av andre som også hoppar i fallskjerm. Slik er det i truslivet også. Hebr 12:1 seier vi har ei sky av vitner omkring oss. Desse eldre truande har vitna om Jesus gjennom sitt liv og sin død. Eg har sett Guds leiing og velsigning i andre sine liv. Eg har erfart ein open himmel over ein truande sitt dødsleie. Desse vitnemåla er til hjelp når ein sjølv tek steget å stole på Gud. Dette sagt, ein må sjølv ta steget. Jesus er ein reell person, på same måte som du er ein reell person. Himlen kan opplevast på jorda for den som opnar hjartet for Jesu kjærleik og kraft.

  17. Bevis at du eksisterte før du ble født.

    Bevis at du eksisterer etter du er død.

    Ingen religion kan bevise det.

    Bevis at du eksisterer.

    Cogito ergo sum seier du?

    Bevis at du tenkjer.

    Tankar kjem til uttrykk i ord, javel?

    Bevis at orda ikkje kjem frå ein demon.

    Når eg ikkje ein gong kan bevise din eksistens som medmenneske, kor mykje mindre kan eg bevise det ævelege?

    Men eg kan vite det, i tru. Guds Ord seier det er eit evig liv og ein evig død.

    "For så har Gud elska verda, at han gav son sin den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv" Joh 3:16

    Den som hoppar i fallskjerm kan ikkje bevise 100% sikkert at fallskjermen vil halde. Han eller ho må hoppe i tru. På same måte er Jesus fallskjermen for livet. Å kjenne Kristus er mogleg på jorda, og det overgår alle teoretiske bevis.

  18. Solskjær kan fort gå hen å vinne PL i sin debutsesong. City viser svakhet, Liverpool kan fort gå på eit tap mot Newcastle. Då er det berre 16 poeng opp for United. Isåfall vil vel dette vere tidenes comeback i ligaen? Eit norsk mirakel på høgde med sigeren over Brasil? Framleis langt igjen, men det er uforståeleg kor lett mange Liverpoolfans tek på den raude fare i emning. Kall meg gjerne negativ, men eg er eit barn av 90-talet. Eg har sett litt for mange gonger ein norsk krølltopp finne nettmaskene i Fergietime. Eg har sett alt for mange gonger Liverpool falle og snuble på målstreken. Klopp har snakka om å forvandle doubters til believers, men det er vanskeleg å tru på noko som fell i grus kvar gong det gjeld som mest. Kast realismen på bålet! Held den djevelske festfotballen fram, går Liverpools titteldraum eit nytt snikmord i møte.

  19. Da måtte vi helst vinne. Tapte likemye på uavgjortresultatene mot Wba og CP

     

    Med uavgjort mot Chelsea, hadde vi hatt PL-tittelen i eigne hender før dei to siste kampane mot CP og Newcastle.

    I kampen mot Palace, gav laget eit realt forsøk på å ta igjen Man City sin målskilnad, leia 3-0 og rota det vekk til 3-3.

    Utan tapet mot Chelsea, hadde vi neppe tapt poeng mot Palace heller.

    Uansett, det er fortid. Situasjonen idag er ganske forskjelleg frå den gongen. Vi har 3 matchballar for å sikre CL til neste år.

    Det skal ikkje vere mogleg å rote vekk..

    • Liker 1
  20. Denne kampen kan fort snu. 7-3 er ei farleg stilling..

    Det er eit eller anna med Liverpool og viktige kampar, det har ein tendens til å bli spennande.

    45 nervepirrande minutt igjen..

     

    For øvrig skulle Mané hatt straffespark.

×
×
  • Opprett ny...