-
Innlegg
6 760 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
5
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Drunkenvalley
-
I denne konteksten var nasjonalsangen opprettet av SA for eit par grunner, deriblant å irritere kommunistene med å etterape deiras sang. "Reaksjonære" i denne konteksten siktet til regjeringen som prøvde å stampe ut den voksende organisasjonen. På tidspunktet sangen blei lagd var altså sangen ein av dei større verktøyene dei hadde. Når Nazistene adopterte dette som nasjonalsangen så var dei sjølv dei konservative reaksjonære. 🙃
-
Trur nok det statistisk stemmer. Ser ingen grunn til at det er absurd. Det betyr forøvrig ikkje at "fleste konservative kristne er nynazister" - men (ny)nazister er assosiert med kvite, konservative menn. I praksis vil det i stor grad vera konservative kristne ein finn då reint statistisk. Det betyr heller ikkje at kristendom i seg sjølv er kilden for nazismen. Det er ein vanlig felle mange faller i med muslimer for eksempel, kor dei direkte sier at muslimer har allverdens fæle holdninger uten å erkjenne korleis muslimer internt er brutt ned i mange mindre grupper akkurat som kristne er, kun forent over ein meir generalisert ideologi, og ofte adskilt av varierende tolkninger av den samme ideologien.
-
Eg må innrømma at eg har sporet heilt av kva dykk snakker om der, og forstår rett og slett ikkje kva dykk prate om. 😝
-
Snodig å ta den angrepsvinkelen mot arbeiderbevegelsen som om kristendommen ikkje har ein fargerik historikk... To som umiddelbart kjem til minnet: https://en.wikipedia.org/wiki/Crusades https://en.wikipedia.org/wiki/Witch_hunt
-
White-power organisasjoner er vel hovudsakleg opportunistiske i bruken av kristendom, ettersom disse gruppene i stor grad bruker vrangforestilte ideer om tradisjon og kultur - som openbart ofte relaterer til kristendom siden den har dominert landet. Disse ideene brukes for å fremstille seg sjølv og den kvite manns historie som overlegen, osv. Eit alternativ me ser ofte her i Norge er at dei i staden for kristendomen tar i bruk viking-motif, men det er ikkje ein materielt annleis framgangsmåte. Ein ser og kombinasjoner, kor dei tar dei kristlige vikingene som motif i staden. Uansett så er det vel enklere å sei at slike hatgrupper misbruker symboler for eige politikk, og ein skal i utgangspunktet ikkje føla skam for at det eksisterer hatfulle menneske som misbruke dei. Ein må berre vera litt observant kor ein er til tider - mykje viking symboler vil tolkes som tilhørighet til slike hatgrupper hvis du ikkje holder hodet over vann.
-
Eg trur ikkje det er store vitsen å kverulere kva Atib tilegner ordet, men heller dei som prøver å få ordet til å høyres ut som noko fælt.
-
Absolutt. Problemet er her at bruken av ideologi i konteksten her er tilegnet konnotasjoner som impliserer eit kabal, eller ein organisasjon, med skumle ideer og konspirasjoner. Dette er spesielt openbart når det er kombinert med ord som "indoktrinering" osv. I den gata så er indoktringering eit ganske frekt ord å bruke når intet tvang var involvert, ei var nokon forventet å kun lære om den synsvinkelen, ei skulle ein forme eigne meininger om det. Opplæringen rundt kjønnsidentitet, pronomen og legning er berre å utvide kunnskapen ein har tilgang til, og ein er kun bedt om å reflektere på kva den kunnskapen betyr for dei sjølv. Litt forskjellig frå om ein levde i ein sirkel kor ein kun blei eksponert til eit avgrenset, snevert utval av ideer, og at materialet var noko ein forventer at eleven ikkje kan reflektere eller kritisere i tryggleik. Når eg vaks opp var det naturlig å gå på søndagsskule, og i skule var det ikkje eit reelt val om eg ville gå i kyrkjå på skulegudstjenester, og sjølv om eg kunne i teorien konfirmere meg humansk i staden for i kyrkjå var det sterkt implisert at det ville vera økonomiske konsekvenser for meg. I retrospekt så ser eg jo at eg var svak - eg solgte meg sjølv ut for noko som i store biletet var småpenger. I den tida var det mykje penger for meg da, meir enn eg hadde hatt før.
-
Trur det er å strekke det langt at å ynskje andres rettigheter erkjent og forbedret er anna enn nestekjærlighet. Å gjenkjenne kven du er i strid med tar ikkje vekk frå det. Utover det er det fort å tilegne egenskaper til ting her som er ganske arbitrært valgt ut av eigne følelser om dei.
-
Syns det er morsomt korleis muslimer behandles som monolitter. Eg hugse kollega var gift med persisk kone som var muslim. Ho kunne ikkje tenke seg tanken på å ikkje ha bacon til frokost. 😝
-
Joda, for all del er ein del av problemet her at nokre prøver diskvalifisere Pride om det hadde vore ein ideologi. Eg syns berre at å beskrive Pride som ein ideologi er å strekke det. Eit ynskje om frihet til å leve synleg i samfunnet syns eg er ganske tynt det ideologier angår. Det er mykje politikk elles involvert som meir konkret kan forme ein overordnet ideologi, eksempelvis heile debatten om kva som er rett måte å tilnærme seg transkjønnedes rettigheter, om ein har lov å gifte seg i kirka med samme kjønn, osv, men pride i seg sjølv syns eg rett og slett blir litt tynt.
-
Hovudproblemet er at denne bruken av "ideologi" vasker bort litt av poenget med ordet. Eg lik pølse i brød. Er det ein ideologi? Ideologi er ein av ordene som fort er litt tåkete på kor grensa går; mange ord slit med å ha ein håndfast, enkel og klar definisjon i ordboken som omfavner faktisk mening. Eksempelvis hugse eg at ved NTNU tilbydde professor ein tankelek ein gong: Definer "dataspill". Det er overraskende vanskelig å finna ein definisjon som ikkje løp inn i problemet. Når me snakker om LGBTQIA+ er det ofte eit anna spørsmål som er lett å tilby som tankelek, men vanskelig å få ein reell, 100% dekning svar på: "Definer kvinne." Evt samme spørsmål, men menn. Den tankeleken vil eg forøvrig ikkje anbefale å dra ut på, for då sitt me her lenge og krangler når me i prinsipp har ein viss ide, men ikkje kan fange den i ord heilt rett. Flisespikk til ein blør ass. For å returnere til ideologi så vil eg sei det må vera meir enn berre "ein meining" - for då bruk me jo berre ordet "meining" i stedet for. Det har kanskje ikkje heilt sjokkverdien til dei som ynskje selje ein "ideologi," som impliserer ein mykje meir organisert og overordnet kolleksjon av meininger.
-
Det er mange problemer i skulen, men ærlig talt er dei fleste av dei i mi erfaring forårsaka av dårlige lærere som også er dinosaurer. Eg har ei niese med autisme og ADHD. Ho trengte tilpasning, det var ikkje alternativ. Det var ikkje før statsforvalter kom på banen at dei ville ta det på alvor. I tillegg måtte ein lærer tvert ut fjernes fordi han ikkje hadde kontroll på klasserommet, som førte til åpen mobbing i klasserommet uten at han gjorde noko. Dette var mennesker som rett og slett ikkje ynskja forstå seg på kva behovet som enkelt-elever kan ha. Det tok mykje oppfølging av bror og mor mi for at niese skulle få skulegangen ho hadde krav på. Å lære om LGBTQIA+ er ikkje vesentlig annleis frå å lære om andre religioner og kulturer. Heile poenget er å lære om mennesker om er annleis frå deg sjølv, betre forstå dei, og reflektere på kva det betyr for deg. For fleste barn er det lite reell forandring for dem sjølv, men dei har no kunnskap om andre kor dei kan møte dei med meir respekt... om dei vil. Dette er ikkje indoktrinering. Indoktrinering ville vore å snevre inn kunnskapen deiras, og avgrense moglegheitene til elevene til å reflektere sjølv på disse tingene. Kor er indoktrineringen her? Eg har nokre fargerike ord om kor eg trur den er som ikkje skal gjengis her. 😇
-
Steining? Kanskje ikkje. Eg ville derimot sagt at du er ganske openbart mot LGBTQIA+ grupper om du lirer det av deg.
-
Då gjer det litt meir meining. Byrja eit augeblikk tru det var ein obskur bibel-versjon som hadde flydd meg forbi. Med det sag er eg enig med @Griever her av val av sitater er suspekt, i tillegg til at Kirks eigne ord utenfor cherrypicking av bibelversjon inkluderte: Dette er eit val han sjølv tar; du kan absolutt elske naboen din uten å drive med slikt skit ass. Mange har uenigheter med naboen uten at ein byrje rettferdiggjøre å slenge skit mot dei, eller ikkje elska dei.
-
Skal innrømme dette var snodig. Dette var visstnok kva Kirk sa: Fra https://www.factcheck.org/2025/09/viral-claims-about-charlie-kirks-words/ Kva bibel er det dei siterte frå? Det eg finn på løpende bånd samsvare ikkje: Intet om å steine nokon her, men det er kva Kirk sa? Nærmeste er uthevet. Ehh, no blei eg forvirra . 😝 Så hvis Kirk i staden virkelig tok til orde at bibelen sa homofile skulle bli steinet der ville eg ikkje tatt det som urimelig å sei at han har ganske ufine meininger om dei.
-
I ei geopolitisk situasjon som var betre på det heile ville me nok sett fleire barn. Er mange som er akkurat utrygge nok på sin livssituasjon at dei ikkje ynskje ha (fleire) barn.
-
Heilt ærlig trudde eg det var memes, og eg er framleis ikkje heilt overbevist at det ikkje er, for det var så klovnete når eg såg ein påstått samtale mellom dei som er best oppsummert med ein klassiker:
-
Og kor har du det fra da? 😝
-
Nei, han var fæl egentlig. Og han blei drepen av høgre-ekstreme, som ikkje akkurat var kven han likte debatere...
-
Er ikkje å stikke under stolen da at samme stilling gjerne har ganske drastisk forskjellige oppgaver. Dette er meir openbart med f.eks frontend-utviklere. To stykk utviklere kan ha dramatisk forskjellige kompetanse og oppgåver, sjølv om det er samme tittel og beskrivelse egentlig... Men det er digresjon. Eg er for at lønn er så forutsigbar og stabil så mogleg på tvers av ansatte. Det føles ikkje bra når du lære at ein kollega tjene slikk og intet mens du håver inn bøtter og spann.
-
Norge var definisjonsmessig eit kristlig land, men me har samtidig vore eit land med ekstremt sekulær befolkning.
-
Ja, litt av problemet her er jo at TS ikkje veit kva lønna til kollegaer er, og ikkje har innsikt i kva utviklinga er generelt. Eg har forøvrig sympati når ein ikkje får lønnsutvikling som ein føle er rett. Personlig hadde eg ein ganske lik samtale, men slikt eg har sett så har eg framleis fått 1% over kva kollegaene fekk i samme forhandlingene - så ikkje vore heilt meningsløst. Samtidig så hadde eg eit jobbtilbud eg takka nei til av meir esoteriske orsaker, som 10% over kva eg hadde, og hadde andre goder.
- 52 svar
-
- 1
-
-
Er eit større problem kor mange som ikkje får støtten dei treng til å byrje med...
- 33 svar
-
- 5
-
-
For min del var Charlie Kirk ein drittunge på twitter eg høyrde om titt og ofte.
