Gå til innhold

Alecs

Medlemmer
  • Innlegg

    219
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Alecs

  1. Når folk bruker ytterste felt i rundkjøringa, og fortsetter videre i den.

    Hehe, moro at du skulle skrive nett det no, for eg kom inn hit for å skrive følgjande:

     

    Folk som brukar inste felt i rundkøyringa, og køyrer vidare rett fram (når eg ligg ytst og skal rett fram sjølv). Eigenleg tenkte eg meir å syte på lokale køyrevanar. Det er heilt umogeleg for oss som ikkje er vane med å køyre der å veta at "alle" ligg inst når dei skal rett fram. For det å ligge ytst på ein eller annan måte har blitt til "eg skal til høgre" akkurat ved rundkøyringa etter avkøyringa til Universitet(ssjukehus)et ... :wallbash:

  2. Takkar for alle svar! Tok meg eit par dagar å koma innom for å lesa kva de hadde skrivi, så det beklagar eg! Godt å sjå at dei fleste av dykk meiner at ein i teorien då faktisk kan stanse utan å tenkje på fyren bak deg. Om eg skulle tenkt på det i tillegg, tvekar eg på om eg ville hatt tid til å stanse. ​

    Dette scenarioet skjedde for ikke så altfor lenge siden her i distriktet. http://www.h-avis.no/nyheter/brabremset-for-a-unnga-kjore-pa-ekorn-1.8138652

     

    Hva som blir utfallet i denne saken får være opp til forsikringsselskapet å finne utav, men vil tro at det er bilen som kjører i bilen foran som vil få skylden.

    Hehe, måtte le av Twitter-meldinga. Fremste bil bremset hardt for et ekorn som krysset veien på uaktsomt vis og stakk fra stedet

    Når det er sagt så meiner du at det er den fremste bilen som får skulda, stikk i strid med det dei andre her seier? Kvifor meiner du det?

  3. Hei!

     

    I sumar måtte eg bråbremse då ein katt som låg på lur brått sprang ut i vegen rett framføre meg. Heile tida hadde eg hatt ein bil bak meg ganske så nære, men fordi dette var i eit område med mange rundkøyringar, hadde det oppstått ei luke, til alt hell. Kva hadde hendt om han bak hadde foki inn i meg? Eg tenkjer på skuld.

    Det eg tenkjer er at han lett kunne sagt at det eigenleg ikkje var nokon katt der, og gjevi meg all skulda. Måtte eg då ha prova at min påstand var sann? Vil det då seia at ein må vurdere situasjonen ut ifrå om det er økonomisk forsvarleg (!!) å stana for å unngå å køyre på eit dyr?

    Kom gjerne med uike innsyn, opplevingar osb.

     

    Alecs

  4. Hvorfor i svarte granskauen er det så vanskelig å aksellere opp i motorveghastighet når man skal inn på en motorveg. Det er jo genialt å legge seg i 60 når det er 100km/t på vegen.

    Forståeleg. Kjenner meg derfor ganske audmjuk om dagen i og med at eg alltid kjem ut på motorvegen i ca 80... Har eit ekkelt uljod på motoren som gjer seg ganske gjeldande i høgt turtal. Inntil eg får retta opp i det (skal på diagnostisering i morgon) må eg berre handsama motoren pent.

  5. 8 av 10 nordmenn stikker av uten å varsle eier hvis de bulker en bil på en parkeringsplass, inkludert Norges statsminister.

    Egoismen råder i verdens rikeste land

    Så mange? Når kom denne statistikken ut?

     

    Vurdert å skaffe dashcam? Det er ihvertfall kjekke greier når man først har behov for det.

    Bestilte eit bilkamera for ei stund sidan. Ventar berre på at det skal koma :/ Jo før jo betre... Trur eg må få eitt å setja bak òg, men.

     

    Ang. det å stikke av hadde jeg en opplevelse forrige lørdag:

    [...]

    Nifst! Skjønar godt at du blir sitjande skjelven nokre minutt etter ei slik hending.

  6. Kom til Carl Berners plass i Oslo i dag - ei fælsleg rundkøyr-- æ, firkantkøyring for dei av dykk som har hatt gleda av å ikkje køyre der enno. Uansett står eg jo fyrst i køen inn i firkantkøyringa då det ser ut som at eg får køyrt ut. slepper bremsen, men Innser kjapt at det ikkje går og må tråkke han inn att. Så får eg eit dunk bakfrå og medfølgjande skrapeljod. Eg køyrer så til sides, men då køyrer berre han andre av garde! Eg kunne nesten ikkje tru det.

    Eg hadde gløymt bort hengarfestet mitt heilt, og blei utruleg letta då eg så at det var det som var treft. Nettopp teke Plasti Dip på både hengarfestet og plastdelane av støtfangaren bak for å få dei til å sjå nye ut (tilråst!/anbefalest!), så hengarfestekoppen var teken av og fekk ikkje verja noko. Men med berre litt gummi på festet skrapa av, var det lite skade samanlikna med om det var støtfangaren han hadde treft.

    Uansett - å stanse for noko slikt hadde eg likevel trudd var vanleg folkeskikk :blink: Håpar at det er det for brorparten av Noregs folk...

     

    Såg at dette blei litt langt for nokre. Samandrag: ein Passat-førar køyrde på meg i rumpa og køyrde vidare, men hengarfestet berga meg frå store skadar.

    • Liker 3
  7. Møtte ein bil der føraren sat og titta til høgre medan ho køyrde ut i rundkøyringa rett framføre meg. Eg bremsa jo sjølvsagt heilt ned, men ho såg meg ikkje føre ho var ute banen min. Vil òg nemne at det ikkje var noko trafikk anna enn vi to og éin bil til som sto bak ho og venta på å koma inn i rundkøyringa. Veldig oversiktleg stad òg.

    Trur eg må lære meg å bruke hornet. Om så ikkje for anna enn å sjekke at det enno verkar :p

  8. Jeg gjorde det en gang, fordi jeg trodde det kanskje var en nødssituasjon. Da det viste seg at han gjorde det flere ganger, tok jeg bare å ignorerte ham sist gang.

    Du seier noko der. Har jo hendt at slikt har hendt i køsituasjonar ut eller inn i Oslo der venstre fil knapt går noe kjappare, og så brått kjem det ein bakfrå som på daud og liv skal fram. Eg vel å tenkje at det er ein grunn til at dei må gjennom, men merkar jo at folk misbrukar denne tillita ...

     

    Og den MC-/SUV-videoen ovanfor er jo sjuk! Såg den for ei veke sidan eller noko, og ein slik situasjon er jo ekstrem.

  9. Klage på meg sjølv no. Køyrer på ein småsvingete landeveg omkring heimbygda då det kjem ein stereotypisk rånarbil i 120 rundt svingen bak meg og suser forbi. Eg sit der litt paff og prøver og kjenne att bilen, og merker brått at eg gløymde å skru av fjernljosa. Flautt fekk eg dei av, men ikkje kjapt nok. Rånarbilen køyrer til sides og ventar til eg har køyrt forbi før han legg seg bak meg heilt oppi rumpa med sterke ljos heile vegen til innkøyringa vår.

     

    At eg lét meg distrahere er vel det som plagar meg mest, men uroar meg for tilfelle der eg kunne vore ein gamling som vart blenda og dermed køyrde utfor. Er jo grenser for korleis ein skal reagere på slike blemmer.

    • Liker 2
  10. Budde i Japan i fjor, hvor kvite bilar finst overalt. Så kjem eg heim til Noreg, der eg trudde kvite bilar ikkje var populært, men dælan så mange kvite nybilar som finst uti bilparken om dagen.

    Eg merkar at eg likar litt ljosebrune bilar ut av dei nye bilane på marknaden. Er jo ganske nøytral eigenleg, men synest det er ein litt meir unik farge samstundes som at han er lekker. Høver seg jo ikkje på alle bilar, så klart.

  11. Litt off topic, men eg kunne tenkje meg å sjå sluttresultatet om du får det til =)

    Her i Finland er det visstnok ikke så strengt.

    Nettopp derfor skulle eg ønskje at bustad stod til venstre her under biletet, så du kunne sjå kvar brukaren bur utan å måtte gå inn på profilen til folk.

  12. Er så sams, så sams! Berre så utruleg leitt at slike eksemplar fyrst skulle koma rett føre konkursen. Eg må vedgå at eg har byrja å venja meg til tanken på elmotorar no, og eg veit at eg blir veldig mainstream når eg seier det, men det lèt jo til at elbilane byrjar å nå bensin- og dieselbilar med Teslaen på vegen. Med dette pangsalet får i alle fallet Tesla Motors kapital til å utvikle betre bilar i framtida og bana veg for meir kvalitet.

     

    Her er ein gjennomgang av den nye 9-5en om du/de ikkje har sett denne videoen tidlegare. Hadde vore moro å hatt ein slik ståande heime ;)

     

     

  13. Nå er til og med katalysatoren på veg fra England til den og monteringsdeler på veg fra USA. Samt litt andre smådeler. Prøve å fikse mest mulig før vinteren kommer. Er jo noe jeg skal gjøre neste år og det er full utskiftning av bremserør, slanger og slikt :) . Drittjobb, men greit å gjøre slike ting.

    Spennande! Eg vaks aldri opp med eit miljø omkring meg der eg lærte å drive med bil. Sit derfor nokså ulærd med tanke på innvendig vedlikehald av bil - sjølv om eg kan teorien, er praksisen lik null. Heldig for meg er fleire delar på min nettopp skifta, så eg konsentrerer meg litt om utsjånaden om dagen.

     

    Men eg må seia at vinterkulda og vintervêret aldri har vore så nifs og skremande som etter at eg fekk bil...

  14. Fyrstebilen min er ein Saab 98 2,0t som eg er kjempeglad i. Førre eigar fekk panikk etter eit uljod som oppstod i motoren som viste seg å berre vera spjeldhuset - men av den grunn fekk eg bilen superrimeleg ettersom det vart ein "selst som han står"-pris.

     

    Men dei bakgrunnsopplysingane vil eg seia at eg gler meg til Saab-framtida med nye eigarar. Korleis blir dei som elbilar? Går det vegen eller ikkje? Konkurranse er sunt, så eg ser på utvikling med spenning.

  15. Det er da vel mulig å kjøpe månedsbillett på billettautomater? Det har jo jeg gjort flere ganger, og da langt utenfor sentrum.

    Dette var det eg òg tenkte etter å ha lese gjennom alt ovanføre. Men nei, eg tenkte meg litt betre om, og innsåg jo at eg alltid fyller på kortet som eg fekk kjøpt på Oslo S på informasjonen der. For uti automatane får du berre papirbillettar og ikkje kort.

    • Liker 1
×
×
  • Opprett ny...