Gå til innhold

Alecs

Medlemmer
  • Innlegg

    219
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Alecs

  1. Den siste der får meg berre til å tenkje på syklisten som eg køyrde på... han skulle betalt for skadane dei taggete pedalane hans gjorde :closedeyes:

     

    I dag møtte eg ein munter kar på vegen. Køyrde i 100 i nittisona på motorvegen forbi ein lastebil, noko som kanskje tok meg 10-20 sekund eller noko. På den tida greidde ein liten raud bil å hente meg inn (kom i 120), leggje seg bak meg og tok til og blinka febrilsk med lysa. Eg merka at eg fekk lyst til å bremse... Men eg ville i alle fall ikkje gasse på, for i same fart kom eg meg forbi lastebilen etter 6 sekund til. Då eg la meg inn framføre lastebilen var han bak meg ikkje sein om å leggje seg inntil meg og vise finger og tunge og akselere opp til hundreogørten.

    Eg tenkte berre at det køyrevitet kjem til å kosta han dyrt ein dag...

  2. Morfar har ein heilt maken, og er fornøgd. Inge store problem, går dit han skal, sjølv om det er nokre rustflekkar han helst skulle vore utan.

    Han du har lagt ut peikar til har stått ei god stund ubrukt og har gått nokså langt, men som ein fyrstebil kan han jo funke. Eg fekk min fyrstebil frå året etter til same pris med mange fleire positive sider (skinn, cruise, automat, AC... osb.). Med det i bakhovudet, ville eg heilt klart sett meg litt meir om. Men eg veit lite om Passatar, så eg lèt gjerne andre litt meir kunnige folk koma til.

  3. Hvis "hovedveien" heter Eksempelveien, så er det gjerne skilt med pil hvor det står "Eksempelveien 26 - 84". Altså ikke noe eget skilt kun for gatenavn. Det har jeg tolket som at det ikke er snakk om en egen vei, men kun en innkjørsel, og at jeg dermed ikke har vikeplikt.

    Du har ikkje vikeplikt. Ei gate med skiltet "Eksempelveien 26 - 84" vil reknast vegen for ein del av Eksempelveien å vera, så det blir som vanleg utkøyring frå bustad.

    • Liker 1
  4. På små steder er det ofte lokal praksis som gjelder uansett. I hjembygda mi er det en veistrekning som alle behandler som forkjørsvei, fordi alle instinkter tilsier at den skulle være det.

    Og der har du problemet når folk med ny lapp kjem på bana og køyrer på retta si.

     

    Skjøner synspunktet ditt med tanke på kostnadene ved å setja opp vikeplikts- og forkøyrsvegskilt alle stader, men så tenkjer eg at USA har greidd å setja opp anten lyskryss eller fire stoppskilt i kvart einaste kryss i heile landet :p

    • Liker 1
  5. Eg likar det ikkje og tykkjer det skulle vore mykje lettare å designere forkøyrsvegar. Vi hadde éin hovedveg gjennom heile heimbygda mi med høgreregel etter høgreregel. Nye førarar bremsa ned føre kvar høgreveg og eldre førarar rekna gjerne med at alle frå mindre vegar stoppa sidan den vegen vi køyrde på "sjølvsagt var mykje større".

    Men vi har jo ein flott satistikk i verda og folk er vane med det systemet vi har. Men eg tykkjer det er ekkelt innimellom å køyre på nye stader for du veit ikkje kvar folk gjerne køyrer rett ut, og kvar dei bremsar og passar på at dei er synlege føre dei faktisk køyrer ut.

     

    Tykkjer det er særleg latterleg at ikkje tydelege framkomstvegar med vegoppmerking på begge sider og i midten er forkøyrsvegar. Og så har du sidegater då som berre rommar éin bil kanskje, som du må vike for.

  6. Her har du jo ein som ser ut til å vera ganske interessant til reparasjonsobjekt å vera? Er jo ein artig bil, men eg veit ikkje så mykje om modellen personleg. Men særeigenskap, litt styrke samt eim av ungdomsbil vil eg seia at han har,

    http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=45449744

    Annars så er jo BMWar typiske ungdomsbilar, då.

    http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=45075512

  7. Eg blinkar òg alltid i svingetilfelle, men i slike tilfelle der du har to felt of begge går same veg (køyrer fleire slike kryss kvar dag til jobb), så tenkjer eg alltid at det er litt merkeleg fordi det akn verke som at eg prøver å koma over i det andre feltet - om eg ligg ytst. For det er har hendt fleire gonger at den ytste fila er sperra like etter krysset, og at eg har måtta blinke meg inn - denne blinkinga kan jo lett misoppfattast.

    Så eg tvekar litt på om eg verkeleg burde blinke i slike tilfelle. Men eg gjer det likevel.

    • Liker 1
  8. - Startkabler og -batteri

    - Mobil (nesten å rekne som ekstrautstyr sidan eg aldri brukar telefonen)

    - Varseltrekant

    - Reservehjul m. utstyr

    - Refleksvest

    - Ofte ei dyne (éi dyne, to heimstader.. trur eg burde investere i dyne nr 2 snart :wee: ).

    No køyrer eg aldri lang av garde med denne bilen, så ser ikkje på mykje anna som naudsynt.

  9. Altså, no vil eg ikkje oppmo til rettsleg dårleg oppførsel men eg hugsar at morbror min lånte bilen til far min ein gong og vart teken i fotoboksen. Då brevet kom sa berre han far at han ikkje køyrde og at han ikkje kune hugse kven som hadde lånt bilen (sidan han lånte den bort mye av ulike grunnar) og då høyrde han aldri noko meir.

  10. Altså, eg er ikkje heilt objektiv her, men kva med denne?

    http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=45091008

     

    Eg kan jo gå igjennom lista di:

    1. Saabar er jo veldig kjende for tryggleiken sin, og eg veit blant anna at bilen min hamna øvst på tryggleikstestane til NCAP det året han kom ut.

    2. Den uheldige konkursen til Saab har ført til veldig bugning av Saab-delar i mange land, som trykkjer prisen ned.

    3. Du må ikkje langt tilbake i tid føre bensinforbruket vart ganske hlgt sjølv hos nye bilar. Eg har sett YouTube-videoar der 98-Saaben deira har brukt 0,7 per mil (dette visest i displayet). Min brukar 0,9. Om det er høgt eller lågt får du avgjera ;)

     

    4. Fem sete.

     

    5. Veldig god bagasjeplass om du spør meg! Eg får inn kjempemykje i bagasjerommet på min (du ser jo kor lett alle hjula får plass på det eine biletet), og seinast førre helg tok eg ein stor koffert, to digre baggar, to liggjeunderlag og soveposar og fire fulle matposer baki med mer plass til overs. Bakseta kan òg leggjast ned for å få plass til endå meir - eg gler meg til den dagen bagasjerommet i seg sjølv ikkje er stort nok, men :p Eg får jo alt inn så mykje...

     

    Eg køyrer mykje heller Saaben min eller Merca til han far. Min er mykje mjukare og flyt betre. Saaben har òg fått topp skår i rusttestene til ein eller annan bilsamskipnad i Sverige, som eg ikkje akkurat no hugsar namnet på, men du får ta meg på ordet :p Min, som no er 15 år gamal hadde berre litt rust heilt nedst til høgre på hjørnet av bagasjelokket. Ellers var det rustprikkar i steinsprutmerka berre. Elles er jo svenskebilar laga for nordiske forhold, då. Så å koma seg fram på hålka og slikt er jo ikkje noko dei slit med i alle fall.

     

    Om sedan likevel er ikkje er noko for deg, så har du jo stasjonsvogna. Utsjånaden er jo sjølvsagt annleis, men køyrekomfort og slikt skal jo vera det same. Valde berre ut nokre tilfeldige treff, for det finst ein god del på Finn. Desse bilane går òg langt. Fleire av dei som har gått over 300 000 seljest for 40 000 og meir.

    - Her med låg kilometerstand, men med tikkelyd og røyk (bytte av turbo?):
    http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=45159758

    - Med Webasto (flott for hedmarkskøyring!!) og skiboks; diesel:
    http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=45285734

    • Liker 1
  11. Å svare feil på sikkerheitsspørsmålet er alvorlig, men på ingen måte alvorlig nok til at det i seg sjølv er nok til å stryke.

    Sant. Eg svara gali fordi eg ikkje kjende skulebilen godt nok, men stod likevel.

     

    Det kjenst nok heilt grusamt å stryke på oppkøyringa, det skjøner eg, men det gjev deg berre meir trening føre du sit der åleine. Eg kom utfor ei ulukke nesten med ein gong etter at eg fekk lappen fordi eg ikkje var van til alt i trafikken endå. Det var ikkje mi skuld sjølv om det kjendest slik der og då, men eg kunne lett ha unngått ulukka om eg hadde vori meir merksam på ting omkring meg. Hadde eg vori meir kunnskapsrik ville eg ikkje latt den andre parten køyre vidare - eit mistak som kosta meg 7000 kr!

     

    Vêret har mykje å seia, men på eitt vis så testar jo det deg berre meir. Eg er frå ein stad utan trafikklys, så då eg dreiv og øvingskøyrde gløymde både eg og far min om venstresving i lyskryss. Og på oppkøyringa greidde eg å ta til venstre då sensoren sa høgre, grunna stress, og for å få oss på rett kurs att, ville han at eg skulle ta til venstre i neste lyskryss... det var då eg innsåg at eg ikkje visste korleis eg skulle gjera det. Eg tenkte at eg måtte vera varsam, så da var eg kanskje litt for varsam ettersom han meinte at eg ikkje køyrde langt nok inn i krysset mens eg venta på fri bane i motkomande fil, men det er ikkje uforsvarleg. Like etterpå måtte eg ta ein u-sving, som eg heller aldri hadde gjort før. Vel, jo, eg tok ein u-sving under øvingskøyringa halvanna år tidlegare, som enda med bilen til ho mor i uti fonna. Men når oppkøyringa var komen, så hadde eg lært meg til å vurdere ting mykje betre.

  12.  

    Fikk demonstrert en del slike funksjoner i fjor sommer, blant annet autobrems og automatisk unnamanøver dersom det er for sent å bremse - gitt at motsatt felt er ledig. Er smått ubehagelig å være med i slike tester, faktisk. Man er helt forberedt på at det smeller, selv om man "vet" at det ikke gjør det. Selve nedbremsingen kan være ganske hard i seg selv. [...]

     

    Har samme på foreldrene mines XC60 som fikk prøvd seg i fjor sommer når jeg var på vei fra Trondheim til Vega. [..]

    Godt å høyre. Eg sat faktisk og tenkte på kor ubehageleg det måtte vera for dei som sat på og nettopp tenkje slik: "vi kjem til å krasje... men eg veit ikke kjem til å gjera det på same tid". Morosamt at du skulle nemne det!

     

    Må vedkjenne at det er moro at systemet ser ut til å fungere enn så lenge.

  13. Saab 9-5 stasjonsvogn?

    Tilråst for så vidt av meg òg. Min fyrstebil er ein Saab 9-5, men mitt einaste, do nokså grunnlause krav var at min fyrste bil skulle vera ein sedan. Ser heilt fin ut, topp skår i tryggleik det året han kom ut, og eg sit så fælsleg godt i setet. Automatgir og cruise kom han med au, alt til snaue 17 000 kr. Køyrer til og frå Oslo eit par gonger i veka, og komforten kan ikkje samanliknast med den som var i Land Cruiseren eg lånte tidlegare.

  14. Tenkjer kanskje at han ville du skulle avgjort tidlegare og sakka ned tydeleg? At han kjende seg utrygg på å gje deg lappen fordi hendingslaupet gjorde at du framstod som at du ikkje hadde sett ungen. Men lite veit eg - eg såg jo ikkje korleis ting var.

    På mi oppkøyring minst eg at det noko liknande hende, som gjorde at eg trudde at eg kanskje kom til å stryke. Eg nærma meg ein overgang då eg litt seint såg han som byrja å gå over vegen frå venstresida. Eg heldt berre fram fordi eg ikkje syntest situasjonen var dramatisk nok, om det gjev meining å seia. Etterpå spurde eg sensoren kva han tenkte då, og han sa at alt berre var fint sidan eg skapa flyt i trafikken ved å nytte meg av moglegheitene istedenfor å vera eit irritasjonsmoment i trafikken (som i mange tilfelle kan vera like eller meir farleg).

    • Liker 1
×
×
  • Opprett ny...