Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 272
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Men det er alvorleg når Russland med vitande og vilje øydelegg infrastruktur i/mellom vestlege land. Dette er krigshandlingar, og før eller sidan blir begeret fullt.
  2. I tillegg nærmar det seg artikkel 5.
  3. Det har du rett i, men eg slit med å få noko ut av dette skjermbiletet som har svært dårleg oppløysing. Er det forumet som komprimerer biletet på ein slik måte at det ikkje blir lesbart?
  4. Finst det noko parti som har dei "rette" svara?
  5. Ville ikkje denne transporten ha stansa uansett, sidan Ukraina nektar å forlenge avtalen om transitt av russisk gass?
  6. I følgje Denys Davydov var det faktisk skodde i Groznyj. Dessutan er det mykje fjell i området. I byen som eg i farten ikkje hugsar namnet på i Kazhakhstan var det mykje betre flyvêr, og området var flatt, utan bebyggelse og dermed betre eigna for naudlanding. Sidan hydraulikken var slått ut og flyet berre kunne manøvrerast ved å auke eller redusere motorkraft var det ei svært vanskeleg oppgåve å greie å lande på flyplassen. Pilotane kan ha valt Kazhakhstan rett og slett fordi dette var det beste alternativet dersom ein skulle ha ein sjanse til å berge så mange som mogeleg. Pilotane og kabinsjefen får skryt for jobben dei gjorde under svært vanskelege omstende. Eg er elles heilt einig i at Russland må ta ansvaret for at ikkje luftrommet over Groznyj vart stengd for sivil flytrafikk under droneangrepet.
  7. Akkurat dette har han vel rett i?
  8. https://www.nrk.no/urix/se-bildene-inne-fra-flyet-til-aserbajdsjan-airlines-1.17184464
  9. Er det forumet det er noko gale med, eller er det Twitter som sensurerer vekk pro-ukrainske innlegg?
  10. Det kjem vel an på kjemien. Det er dessutan mange vakre kvinner (og menn) som er langt oppe i åra.
  11. Olje og fisk er Norges viktigaste eksportnæringar. Men eg er einig i at ein må passe seg for å bli avhengig av marknader i autoritære land som Kina. Løysinga er å få fram andre næringar, slik at ein har fleire bein å stå på, samt at ein eksporterer til mange ulike land. Høgre må i regjering, slik at ein ikkje held fram med å motarbeide folk med evner som prøver å skape noko, eller å jage norsk eigarskap og kapital ut av landet.
  12. ... og ikkje for mykje sminke.
  13. https://www.nrk.no/urix/kabelbrot-i-finskebukta_-_-noko-rart-pa-gang-1.17183512
  14. Nrk: https://www.nrk.no/urix/mener-hull-pa-vinger-viser-at-passasjerfly-som-styrtet-i-kasakhstan-ble-skutt-ned-av-russland-1.17183648 Norske medier som Nrk og Dagbladet attgjev gjerne russisk propaganda og desinformasjon utan å blunke, men brukar dagar og må vere heilt sikre før dei kan komme med informasjon om kva som verkeleg skjedde.
  15. Han bør nok vere forsiktig med å komme for nær opne vindauge o.l. framover.
  16. https://www.nrk.no/urix/ukraina-vil-produsere-3000-missiler-i-2025_-_-veldig-ambisiost_-sier-missil-ekspert-1.17182783
  17. Det skal bli interessant å følgje med på kva implikasjonar dette vil få for forholdet mellom Russland og Azerbaijdsjan og evt. Russland og Kazhakhstan. Det var visstnok også kazhakhstanske passasjerar ombord.
  18. Rart spørsmål. Alle kablar er vel der av ein grunn. Di fleire kablar, di mindre blir risikoen for å bli isolert. Dette gjeld også vårt eige land dersom det er tørrår. Prisane vil variere mindre, og risikoen for rasjonering blir lågare. Kor kritisk akkurat denne kabelen er får andre svare på.
  19. Det skal bli interessant å sjå kva flygaren Davydov kjem til å seie om dette. Redigert: Ein av videoane viser tydeleg at landingshjula var ute, så ein snakkar altså om naudlanding. Ein annan viser at deler av flyet er knust til pinneved og spreidd over eit område. https://t.me/s/pilotblog
  20. Kvar vart det av framparten til flyet?
  21. Legg merke til at det er russarane som hevdar dette. Forklaringa til @JK22er interessant, og langt meir truverdig enn noko som kjem frå Russland.
  22. https://www.vg.no/nyheter/i/yEKB2R/flystyrt-i-kasakhstan
  23. Men nyleg var det brann i maskinrommet på ei ferje på Sognefjorden på grunn av lekkasje av diesel. Så ja, dette blir spekulasjonar. Det einaste som er sikkert er at ein ikkje kan stole på det som russarane seier. https://www.nrk.no/urix/russisk-lasteskip-sank-i-middelhavet-1.17182391
×
×
  • Opprett ny...