Gå til innhold

Nominering "Årets spilltråd"


Anbefalte innlegg

2006 går mot slutten, og i den forbindelse tenkte vi at det ville vere på plass med nokre kåringar.

 

Det er ingen tvil om at vi har hatt ein del gode diskusjonar i løpet av året. Enkelte emner er gjengangarar som blir diskutert til døde kvar veke, medan andre emner kjem som ein frisk pust og gir rom for nye og spennande idear. Året sett under eit, kva for ein tråd i spelkategorien har du satt størst pris på? Det vere seg ein god gamaldags "fanboy krig" med medfølgjande stenging og advarslar, eller kanskje ein av informasjontrådane vi har fått så mange av. Valet er ditt.

 

Reglane er som følgjer:

Kvar brukar kan nominere ein tråd.

Gi ein kort begrunning for nommineringa di.

Tråden må vere oppretta i 2006.

 

Nomineringa vil vare fram til 31.12. Deretter vil det bli satt opp ein avstemming.

 

Lykke til med nomineringa. :)

 

Dei nominerte til no er:

Playstation 3 Informasjonstråd!

Angry Nintendo Nerd tester elendige videospill!

Årsaken til økende vold blant barn og ungdom

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Jeg nominerer: Angry Nintendo Nerd tester elendige videospill!

 

Grunnen til det er at tråden er en samling av Angry Nintendo Nerd(han kalles nå angry video game nerd) filmene, og denne har fått meg til å sjekke screwattack.com sin side hver dag. Dette er hysterisk morsomme videoomtaler av elendige gamle spill, og jeg er sikkert ikke den eneste som har fått meg en god latter av filmene hans.

Lenke til kommentar

Min nominasjon er Årsaken til økende vold blant barn og ungdom.

 

Dette er ein tråd som tar for seg eit aktuelt og interessant emne. Eg trur vi kjem til å høyre meir om dette emnet i tida som kjem. Innlegga i tråden er stort sett av høg kvalitet og er gjerne lange og utfyllande. Det visast og til mange kjelder, både på Internett og i faglitteratur, som kan vere av interesse. Dei fleste kan sikkert lære noko av å lese denne tråden.

Lenke til kommentar
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...