Gå til innhold

Fade 2 eller flere bilder sammen(PS CS2)


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Sjå videoen and_mit linka til då, den viser akkurat same framgangsmåte, sett bort frå ein litt raskare måte å leggje til maske på.

 

Redigert: Eller so kan eg forklare nærare.

7524558[/snapback]

vis du kunne lage en VELDIG detaljert guide til meg bruker Adobe Photoshop CS2, trenger altså gjerne bilder eller f.eks at det du skriver slik Layer-layer mask osv...helst skriv på bokmål er heller ikke så god på nynorsk

Endret av Narkan
Lenke til kommentar

Beklager, men eg såg ikkje det om bokmål/nynorsk før etter at hadde skrive alt, og ettersom det er ganske detaljert, og inneheld ein del forklaringar om ulike ting, so vart det so langt at eg ikkje gidd oversetje det til bokmål. Er det noko spesielt som er heilt uforståeleg får du heller spørre. Du har forresten litt flaks, ettersom eg tilfeldigvis akkurat har installert demoen til Photoshop CS3, eg har ikkje Photoshop elles. Det vil ikkje vere noko forskjell frå CS2.

 

Steg 1

Opne begge bileta, ved å gå til File --> Open.

 

Steg 2

Om nødvendig, arranger vindauga slik at du kan sjå iallfall litt av begge bileta. Velg so verktøyet «Move tool» frå verktøyboksen til venstre. Klikk og hald inne museknappen i bilete 1, og dra over til bilete 2. Då vert bilete 1 lagt som eit nytt lag (populært kalla layer, som er det engelske ordet) i bilete 2. Sjå bilete for illustrasjon.

post-21406-1166398366_thumb.png

Les forøvrig denne artikkelen frå Akam.no for litt meir om lag.

 

Steg 3

Legg til ei maske for det øvste laget. I det eg plar kalle layer-paletten, det vetle vindauget nede til høgre i Photoshop der alle laga er lista opp, er det fleire knappar. Nummer tre frå venstre (sjå bilete) legg til ei maske for det aktive laget. Det aktive laget er det som er merka blått, og for å aktivere eit anna lag er det berre å klikke ein gong på det.

post-21406-1166398581_thumb.png

 

I layer-paletten vil du no sjå at det har kome ein kvit firkant ved sida av miniatyrbiletet til laget:

post-21406-1166398878_thumb.png

Denne er eit miniatyrbilete av maska. Maska bruker gråtonar for å seie kva deler av laget som skal vere synleg, og i kva grad det skal vere synleg. Ei heilt kvit maske gjer at heile laget er synleg, ei heilt svart maske gjer at heile laget er usynleg og ei maske i 50% grå gjer at laget er gjennomsiktig, eller halvvegs synleg. Med andre ord, til nærare svart maska er, til mindre synleg er laget. Du kan male på masker med penselen (brush tool) eller blyanten (pencil tool), fylle med gradientar, leggje til effektar, og meir.

 

Steg 4

Velg gradientverktøyet (gradien tool) frå verktøyboksen. Det ligg kanskje skjult under malingbøtta (paint bucket), so då må du klikke og halde inne på den for å få fram ein meny der du kan velge gradientverktøyet.

post-21406-1166399004_thumb.png

 

Det er ulike former gradientar og fargekombinasjonar for gradientar å velge mellom. Standard fargar er frå den som er satt som framgrunnsfarge til den som er bakgrunnsfarge. Desse fargane er dei som er valgt i verktøyboksen:

post-21406-1166399320_thumb.png

 

Du skal ha kvit som framgrunnsfarge og svart som bakgrunnsfarge. Om det ikkje er slik allereie, trykk på den vetle figuren rett nedanfor dei to fargeboksane (men innanfor den raude ruta på biletet) og eventuelt ein gong på pila mellom dei.

 

Standard form er lineær gradient, og det er den du skal bruke her. Du vel mellom dei ulike med dei fem knappane på verktøylinja øvst (sjå biletet), der lineær gradient er nummer ein frå venstre.

post-21406-1166401208_thumb.png

Den litt større ruta rett til venstre for desse viser kva fargekombinasjon som er den gjeldande. Ved å klikke på den vetle pila kan du velge mellom ulike malar, og ved å klikke i ruta går du inn i «gradient editor», der du kan lage eigne fargekombinasjonar for gradientar.

 

For ordens skuld: Ein gradient er i dette tilfellet noko som går gradvis frå ein farge til ein annan, til dømes slik som denne:

post-21406-1166400237_thumb.png

 

Steg 5

Du skal lage ein gradient frå kvitt til svart på maska. Sjekk fyrst at det er maska, og ikkje biletet som er aktivt (den vil vere det om du ikkje har gjort noko). Det kan du sjå i layer-paletten, ettersom det vil vere ei lite ramme rundt den aktive delen, som på biletet:

post-21406-1166399999_thumb.png

 

For å lage gradienten klikker du ein stad i biletet og dreg ein annan stad, medan du held inne museknappen. Det vil kome fram ein strek som dette:

post-21406-1166400428_thumb.png

Dra ut frå sentrum, i den retninga du vil overgangen (faden) skal gå. Hugs at du har ein gradient som går frå kvit til svart, og at kvit maske = heilt synleg, medan svart maske = heilt usynleg. Ved å lage ein gradient som går frå kvit til svart i eit område, vil «synlegheita» til biletet i det området dermed gå frå heilt synleg til heilt usynleg. Resultatet vert noko slikt som dette:

post-21406-1166400460_thumb.jpg

 

For å lage ein overgang som går over ein kortare strekning, dra ein kortare strek med gradientverktøyet.

 

Meir «moro»

Det finst som sagt fleire ulike former gradientar, til dømes ein sirkelgradient, som er nummer to frå venstre blant dei knappane eg nemnte tidlegare. Ved å bruke den kan ein få resultat som dette. Du vil sjå på miniatyrbiletet til maska korleis gradienten ser ut:

post-21406-1166401404_thumb.png

 

Litt dårleg kvalitet, men du forstår vel konseptet.

 

Om du skulle få lyst til å leggje til fleire gradientar på den same maska, so er ikkje det mogeleg trur eg, men det er ein måte å omgå det problemet på: Lag ei laggruppe (layer group) ved å klikke på den vetle knappen som ser ut som ei mappe nederst i layer-paletten. Dra laget med maska inn i denne, og legg so ei maske til laggruppa. Du kan gjenta dette fleire gonger om du vil. Dette lærte eg i videoen du finn her: http://www.photoshopkillertips.com/archives/212

 

I fyrsteposten av Den store Photoshop-tråden vil du finne lenkjer med mange tutorialsider for PS. Dei einaste norske eg kunne sjå Programvareskulen (som videoen and_mit linka til var henta frå) og XG Design. Det er med andre ord lurt å øve seg litt på engelsk.

 

Det tek berre omlag eitt minutt å gjere dette når du fyrst lærer det. Video som visar framgangsmåten (utan noko snakking, rett nok) kan du laste ned her.

Endret av incanus
Lenke til kommentar

Aa, en ting. Det går ann med flere gradienter på samme maskering. Da må du bytte fra "forgrunn-til-bakgrunn"-gradient til "forgrunn-til-transparent"-gradient. Har ikke PS oppe, så får ikke sjekket hva det heter på ordentlig. Det er iallefall der hvor det nå går fra hvitt og over i svart. Men det er litt vanskeligere å holde styr på enn alternativet ditt tror jeg.

Endret av pederk
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...