Gå til innhold

Informasjonstråd Red Alert 2 & Yuri's Revenge


Anbefalte innlegg

Har opp gjennom åra hatt ein del problemer med Red Alert 2 og Yuri's Revenge, samt funne ein del nyttig der ute så eg tenkte eg skulle lage ein tråd til informasjon, kjekt å ha liggande på forumet om nokon skulle søke etter det ein dag.

Eg sitter på engelsk versjon av XP no og må derfor beklage at ein del ord og utrykk blir på engelsk og eit par muligens feil oversatt, skal prøve å fikse dette seinare.

 

- Red Alert 2: Yuri's Revenge på nettverk (LAN)

Dette er eit meget kjent problem og etter å ha prøvd mykje rart fant eg det beste alternativet på EA sine nettsider:

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor

1: Gå inn på Mine Nettverkssteder

2: Høgreklikk på forbindelsen som blir brukt til nettverket og velg Egenskaper

3: Dersom du allerede har IPX/SPX-protokollen på lista kan du hoppe over punkt 4

4: Velg Installer -> Protokoll. Velg IPX/SPX frå lista og trykk OK.

5: Marker IPX/SPX-protokollen i lista og trykk på Egenskaper

6: I det nye vindauga du får opp skal du skrive inn følgande:

 

Internt nettverksnummer: 00000000

Frame type (rullegardin): Ethernet 802.3

Nettverksnummer: 12345678

 

Om det er heilt nødvendig å endre nettverksnummeret er eg ikkje sikker på, men har hatt problemar med ein bærbar som stadig endra dette nummeret og derav ikkje klarte å kople til nettverket i RA2:YR

 

Etter dette er gjort kan du klikke OK til du er ute av alt.

 

7: Trykk Windows-tasten+R (Kjør) og skriv inn cmd. Her skriv du ipconfig /all

8: Bak Fysisk adresse står det ei adresse, nærmare bestemt Mac-adressa til nettverkskortet ditt som det er greit å kjenne til. Den står i form av XX-XX-XX-XX-XX-XX (for eksempel: 00-14-A4-C6-C4-29). Skriv den ned eller hugs sånn circa korleis adressa er.

9: Nå skal du være klar for å kjøre opp Red Alert 2 eller Yuri's Revenge.

10: Gå inn på Options og Network.

11: Under Network Card velger du den linja der Mac-adressa du fant i Kjør på punkt 8. Det kan stå 12 34 56 78 framfor eller 00 00 00 00 (nettverksadresse), men det er primært Mac-adressa du skal bry deg om.

 

Dette må utførast på alle PCar som skal spele saman på eit lokalnettverk og har til dags dato virka 100% på dei eg har prøvd.

 

- Oppløysinga i Red Alert 2 og Yuri's Revenge

Det er sikkert fleire av oss som har irritert seg over ein høgast mogleg oppløysing på 1024x740, det har faktisk plaga meg heilt til klokka 2 i natt (halvtime sidan) då eg fant ut at du kan kjøre RA2\YR på høgare oppløysing. Korleis? Les vidare:

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor

1: Lokaliser og gå inn i mappa der Red Alert 2/Yuri's Revenge er installert.

2: Åpne ra2.ini (for RA2) og RAMD.ini (for YR). Om det ikkje står ini bak dei gjer det ingenting, det er ikkje andre filer i mappa som har samme navn. Desse vil åpnast i Notepad.

3: Bla deg nedover til du finn overskrifta [Video]. Her byttar du ut ScreenWidth=1024 med den horisontale oppløysinga du vil benytte. Samme gjer du med ScreenHeight=768 som er den vertikale oppløysinga.

Eksempel:

ScreenWidth=1600

ScreenHeight=1200

 

Det står StretchMovies under i begge filene, men i RA2 trur eg ikkje det vil ha noko effekt og i YR går filmane i same oppløysing som du har i menyen.

I RA2 vil menyen, filmane, ja faktisk alt justere seg til same oppløysing som du har valgt i ra2.ini, mens i YR har du den oppløysinga du hadde valgt sjølv i Options i menyar og på filmar, det er berre i eit spel du har høgare oppløysing.

 

Når dette er gjort kan du lagre begge filene, starte opp spela og nyte det. Som sagt fant eg dette ut i dag, etter å ha spelt RA2\YR sidan det kom ut, men betre seint enn aldri ;)

 

- Modifikasjonar til Red Alert 2: Yuri's Revenge

Går ikkje så mykje inn på dette, men vil anbefale følgande modifikasjon på det sterkaste:

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor

Cannisrules: Balance of Power & Beyond Revenge NB: Til Yuri's Revenge, ikkje Red Alert 2. Dette er ein meget forseggjort modifikasjon som gjev mykje nytt liv i spelet ditt. Du har nye enheter og våpen, nye spelemodus og kanskje viktigast: Mykje betre AI (Computer), angrepa har variasjon og er i mykje vansklegare enn i originalen, sjølvsagt ikkje det same som å spele mot andre mennesker, men uansett ein klar forbetring. Les meir på nettsidene om du er interessert, eg gjev den 10/10.

 

- Nyttige filer og lenker til Red Alert 2: Yuri's Revenge

 

- RA2YR Clean Up: Ved å kjøre dette programmet fjerner du alle uoriginale filer i RA2YR-mappa, du går tilbake til det utgangspunktet du hadde ved ein fersk installasjon (så sant du ikkje har endra eller erstatta filer).

- Red Alert 2 Official Map Packs 1-12. Den offisielle pakken med brett til Yuri's Revenge, kvalitetsbrett.

- YR Unofficial 1.002 Mini-Patch. Ein patch som fikser ein bråte med bugs og glitches, kan desverre ikkje benyttast i lag med modifikasjonar.

- Yuri's Revenge Terrain Expansion. Ein modifikasjon som lar deg benytte nye brett med betre grafikk og nye funksjonar i landskapet enn det originalt er.

- Fil (ea_wwlogo.bik) som fjerner Westwood-videoen under kvar oppstart av RA2:YR. Fant den ikkje på nett i farten så eg slenger den ved posten.

ea_wwlogo.zip

- C-Gen. Ei stor RA2:YR-side med linkar, brett, modifikasjonar osv.

- Raden. Mykje det samme som C-Gen, men andre brett.

- PlanetCNC. Ei side i Gamespy-nettverket, er meir informasjon her enn filer og modifikasjonar.

 

Har du ikkje Red Alert 2: Yuri's Revenge? Fortvil ikkje, for i dag kan du kjøpe Command & Conquer First Decade for under 300 kroner! Her har du alle spela frå serien (ekskludert Sole Survivor) frå det opprinnelege Command & Conquer til det foreløpig siste C&C Generals + Zero Hour. Er du gniten får du sikkert tak i RA2:YR til ein billig penge rundt på nettet eller i butikkhyllene.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 5 måneder senere...
  • 1 år senere...
  • 3 måneder senere...
  • 5 måneder senere...
  • 4 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...