Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

nynorsk eksamen - trenger hjelp med verb


Anbefalte innlegg

Jeg skal ha nynorsk eksamen i morgen og jeg skjønner ikke dette her med a verb og e verb.

Dessuten forstår jeg ikke helt hvordan verbene skal ende.

 

Feks: kan man skrive på nynorsk:

 

han smiler

hun bruker

den leser

 

osv?

 

Takk for svar.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Jeg skal ha nynorsk eksamen i morgen og jeg skjønner ikke dette her med a verb og e verb.

Dessuten forstår jeg ikke helt hvordan verbene skal ende.

 

Feks: kan man skrive på nynorsk:

 

han smiler

hun bruker

den leser

 

osv?

 

Takk for svar.

Dette er ein del av nynorsk som dei fleste slit med; sjølv nynorskbrukarar.

 

Det finst altså tri typar verb på nynorsk. Den beste måten å sjå kva type eit verb fall under, er å sjå på preteritumsendinga.

 

Eksempel på a-verb:

å kaste - kastar - kastA - har kasta

å miste - mistar - mistA - har mista

å gifte - giftar - giftA - har gifta

 

Eksempel på e-verb:

å bruke - bruker - brukTE - har brukt

å høyre - høyrer - høyrTE - har høyrt

å respektere - respekterer - respekterTE - har respektert

 

Eksempel på sterke verb:

å skrive - skriv - skreiv - har skrive/skrivi

å skrike - skrik - skreik - har skrike/skriki

å lese - les - las - har lese/lesi

 

Unntaka, som til dømes "å sjå - ser - såg - har sett", vil i hovudsak bøyast som på bokmål.

 

Som du ser, får a-verb ei a-ending i preteritum, mens e-verb får ei te-ending. Sterke verb får inga ending. Legg merke til at "å lese" er eit sterkt verb!

 

Det er nærmast umogleg for ein som er utrent å høyra skilnaden gjennom berre presensforma, så eg vil råda deg å tenkja gjennom preteritumsforma til kvart verb du skriv. Eg veit ikkje heilt kva for ei dialekt du snakkar, men forhåpentlegvis kan du lett bruka henne til å høyra skilnadene.

 

Håper dette hjelper.

 

 

Forresten - om du bruker stavekontroll, er det alltid best å "gjetta" på at eit verb er e-verb. Dette fordi du ikkje vil få feil av kontrollen for å skriva "lesar" eller "brukar", ettersom desse er substantiv.

 

ein lesar/brukar - lesaren/brukaren - fleire lesarar/brukarar - lesarane/brukarane

 

Ver obs på dette.

Endret av mosleth
Lenke til kommentar
Trenger hjelp til retting av en nynorsk stil jeg har skrevet. Lurte på om noen som er gode i rettskriving gidder å lese igjennom den og markere de vanligste feilene?

 

Setter stor pris på om noen gidder å gjøre det : )

 

Kontakt meg.

Eg kan gjerne sjå litt på stilen du har skrivi for å gi deg litt tilbakemelding på sjølve nynorsken, men orkar nok ikkje lesa gjennom heile.

Endret av mosleth
Lenke til kommentar

Du og du, her var det mykje å ta i.

 

"Novella Blå Amason er skrevet av den norske forfattaren Gro Dahle. Hun er mest kjent for sine sprudlande og kreative fortelingar, enten det er diktsamlingar, kortprosa eller barnebøkar. Novella Blå Amason er skrevet i 1995 og henta frå samlinga Inflammasjon."

 

Korrekt ville vera:

 

"Novella Blå Amason er skrive av den norske forfattarinna Gro Dahle. Ho er mest kjent for dei sprudlande og kreative forteljingane hennar, anten det er diktsamlingar, kortprosa eller barnebøker. Novella Blå Amason er skrive i 1995 og er henta frå samlinga Inflammasjon."

 

Eg skjøner du ikkje er vand med nynorsken, og det eg ville foreslå ville vera at du las nokre artiklar eller utdrag frå bøker i læreboka eller noko. Det finst ein heil haug med småplukk, men eg berre ser litt gjennom oppgåva for å sjå etter nokre typiske feil.

 

Du gjer mykje feil på kva kjønn orda har. Ein grei regel - viss du kan seia ordet med a-ending på slutten, er det eit hokjønnsord. "ei jente - jentA". Du kan ikkje seia "ei mann - mannA" - det høyrer du nok at blir feil. Det er vanskelegare med ord som "grøft" - men du kan seia "grøftA", og difor veit vi at det er eit hokjønnsord. Viss du er i sterk tvil, bør du alltid slå opp i ordboka.

 

Når eit ord er hokjønn, skal du omtala ordet som ei "ho". Når eit hankjønnsord, må du omtala ordet som ein "han". Det er svært vanskeleg å få til denne regelen, men imponerer ganske om du klarer det. Du skriv:

 

"I løpet av innlendingen skjønner vi kor godt han stellar med bilen og kor godt han kjenner den."

 

Korrekt skal vera: "I løpet av innleiinga skjønner vi kor godt han steller med bilen og kor godt hovudkarakteren kjenner han", fordi "bil" er eit hankjønnsord.

 

Det heiter ikkje "baklysene", men "baklysa" (eller "bakljosa"). Eg skriv opp hovudreglane til substantiva for deg:

 

ein annan/liten/eigen gut - guten - fleire gutar - alle gutane

ei anna/lita/eiga jente - jenta - fleire jenter - alle jentene

eit anna/lite/eige bilde - bildet - fleire bilde - alle bilda

 

Inkjekjønnsbøyinga er litt vanskeleg i fleirtal. For utrente øre, er det vanskeleg å høyra at det heiter "fleire menneske" sidan du nok er vand med "flere mennesker" på bokmål. Men etter litt øving, bør denne sitta godt.

 

"Vi kan gå vidare inn på korleis synsvinkel forteljaren brukar"

 

Det nynorsk ordet for "hvilken", er "kva", eller "kva for ein/ei/eit/nokre". Tenk engelske "what". "Vi kan gå vidare inn på kva synsvinkel forteljaren bruker" er rett.

 

Du gjer òg feil når det gjeld a-verb, e-verb og sterke verb, og eg viser til mitt tidligare innlegg.

 

Dette er vel alt eg orkar. Eg veit det ser mykje ut og uoverkommeleg, men mitt beste råd er - slå opp kva kjønn alle orda er mens du skriv på eksamen, og ikkje skriv med mindre du er rimeleg sikker på at kva du skriv er rett.

Lenke til kommentar

Eg har sjølv nynorsk eksamen i morgon, men har nokre spørsmål eg håpar nokon kan svare på.

 

mosleth: Du skriv over: "Novella Blå Amason er skrive av ..."

Norsklæraren min retta ein liknande setning i ein stil eg har skrive, ho sa at det skulle vere "Novella Blå Amason er skriven av ...". Kva er eigentleg riktig? Eg stolar ikkje heilt på læraren min. Ho skreiv noko om samsvarsbøying av verb og partisipp?

Lenke til kommentar
Eg har sjølv nynorsk eksamen i morgon, men har nokre spørsmål eg håpar nokon kan svare på.

 

mosleth: Du skriv over: "Novella Blå Amason er skrive av ..."

Norsklæraren min retta ein liknande setning i ein stil eg har skrive, ho sa at det skulle vere "Novella Blå Amason er skriven av ...". Kva er eigentleg riktig? Eg stolar ikkje heilt på læraren min. Ho skreiv noko om samsvarsbøying av verb og partisipp?

Eg har aldri sett nokon skriva "er skriven", og lærarinna di tar sannsynlegvis feil. Du kan slå opp i offentlege dokument, og du vil nok ikkje finna "skriven" som perfektum. Du kan seia "ein skriven tekst" som adjektiv, men som perfektum er det einaste riktige "skrive" og "skrivi".

 

Det kan nemnast at det er kanskje er lurt å ikkje bruka sideformer eller mindre brukte former på ein eksamen. Eg bruker vanlegvis forma "skrivi", men på ein eksamen er det nok best å skrive "skrive" fordi den forma er brukt i lærebøker osv. Sensor kan gi feilaktig trekk for det.

 

 

... du gjer forresten eit par feil i innlegget ditt - det heiter "nynorskeksamen", "eg håper", "ei liknande setning", og "stoler". Det er òg best å omtala ein kvinneleg lærar som "ei lærarinne". Viss du skriv "ein lærar", må du omtala lærarinna di som ein "han" - eg det gir jo inga meining.

Endret av mosleth
Lenke til kommentar

Eit kjapt spørsmål:

Du retter til "Ho er mest kjent for dei sprudlande..."

Kan man skrive "Ho er mest kjend for dei sprudlande..." eller blir det rekna som ei av sideformene man "feilaktig" kan få trekk for?

Eg er ikkje heilt stabil på sideformer...

Lenke til kommentar
Eit kjapt spørsmål:

Du retter til "Ho er mest kjent for dei sprudlande..."

Kan man skrive "Ho er mest kjend for dei sprudlande..." eller blir det rekna som ei av sideformene man "feilaktig" kan få trekk for?

Eg er ikkje heilt stabil på sideformer...

Du er inne på noko. Eg er ikkje 100% sikker, men trur det her er snakk om "kjent" som eit adjektiv, og kva eg skreiv var litt feil.

 

Her skal det nok vera "Ho er mest kjend". Viss det var snakk om eit "det" og ikkje ei "ho", ville "kjent" vera det riktige. Til dømes: "Det er mest kjent ...", fordi det heiter "ei kjend kvinne", og "eit kjent hus".

 

Men eg kan ikkje sjå for meg at ein så liten feil skal øydeleggja noko særleg.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...