Gå til innhold

Black Sabbath post-Ozzy


noodles

Kva for Black Sabbath-vokalist liker du best?  

70 stemmer

  1. 1. Kva for Black Sabbath-vokalist liker du best?

    • Alt. 1: Ozzy (1970-1978)
      48
    • Alt. 2: Dio (1980-1982, 1992)
      15
    • Alt. 3: Ian Gillan (1983)
      1
    • Alt. 4: Glen Hughes (1986)
      0
    • Alt. 5: Tony Martin (1987-1990, 1994-1995)
      6


Anbefalte innlegg

Det vart i oversikten over albumguider etterlyst ein guide til Black Sabbath-platene etter Ozzy. Versågod..

 

Disclaimer: Småting vil bli endra på kontinuerleg. Skrivefeil kan førekomme, gjer meg gjerne merksam på dei anten i tråden eller på PM så skal eg rette det. Konstruktive kommentarar mottas med tak. Innspel om Black Sabbath generelt er velkomne.

 

Liste over plater (med årstal og vokalist)

 

1980 - Heaven and Hell (Ronnie James Dio)

1981 - Mob Rules (Ronnie James Dio)

1983 - Born Again (Ian Gillan)

1986 - Seventh Star (Glen Hughes)

1987 - The Eternal Idol (Tony Martin)

1989 - Headless Cross (Tony Martin)

1990 - Tyr (Tony Martin)

1992 - Dehumanizer (Ronnie James Dio)

1994 - Cross Purposes (Tony Martin)

1995 - Forbidden (Tony Martin)

 

 

 

Live-plater som eg ikkje har med:

 

1982 - Live Evil (Ronnie James Dio)

1995 - Cross Purposes Live (Tony Martin)

1998 - Reunion (Ozzy Osbourne)

2002 - Past Lives (Ozzy Osbourne) (Recorded 1970-1975)

2007 - Live at Hammersmith Odeon (Ronnie James Dio) (Recorded 1981)

 

 

 

Heaven and Hell-lineupen turnerar for tida og speler songar frå Heaven and Hell, Mob Rules og Dehumanzier. Dei har også laga tre nye songar som er med på samleplata The Dio Years. Dio har ei fantastisk stemme, sjølv om han mest sannsynleg er ca 65 år gammal. Eg legg ved eit par eigne bilete av Heaven and Hell:

post-28138-1188642904_thumb.jpgpost-28138-1188642721_thumb.jpgpost-28138-1188642627_thumb.jpg

--------------------------------

 

Heaven and Hell

200px-SabbathHeaven.jpg

 

År: 1980

Line-up:

Ronnie James Dio, vokal *ny*

Tony Iommi, gitar

Geezer Butler, bass

Bill Ward, trommer

Geoff Nichols, keyboard *ny*

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

 

All songs written & arranged by Ronnie James Dio, Tony Iommi, Bill Ward and Geezer Butler. Lyrics by Ronnie James Dio.

1."Neon Knights" – 3:49

2."Children of the Sea" – 5:30

3."Lady Evil" – 4:22

4."Heaven and Hell" – 6:56

5."Wishing Well" – 4:02

6."Die Young" – 4:41

7."Walk Away" – 4:21

8."Lonely Is the Word" – 5:49

 

 

 

Ozzy-æraen er over, og etter dei siste to platene å dømme, er det kanskje på tide. Inn kjem Rainbow-vokalist Dio. Dio er italiensk og tyder 'Gud', og det er ikkje utan grunn, han har ei guddommeleg stemme. På keybord kjem Geoff Nichols, første keyboardisten som er offisielt medlem av bandet. Resten av bandet er det same som det alltid har vore.

 

Sjølv om tre av fire frå Ozzy-æraen fortsette, er det tydeleg at Dio har hatt mykje å seie. Hans fasinasjon for det eventyrlege dominerar og den musikalske stilen er lagt om. Black Sabbath har hatt den utviklinga ei stund, men no er klårt ein gong for alle, dei er ikkje lenger eit doom/stoner band. Musikken passar fint inn i kronologien til Dio, Heaven and Hell passar perfekt inn mellom Rainbow og solo-karrieren hans.

 

Riffa til Iommi er ei lærebok i seg sjølv. Heaven and Hell er som sagt ikkje ei doom-plate, så det finst sjølvsagt lærebøker frå Iommi på dei tidlegare platene ... Flott basspel av Geezer, sjølv om han har bidratt lite med å skrive dei frekke basslinene. Bill Ward og Geoff Nicholls gjer ein solid jobb.

 

Det er så mykje å skrive om denne plata, så mange måter å seie kor fantastisk den er, så eg skal korte alt ned i ein setning eller to som oppsummerar meininga med livet: Dette er ikkje god, gamal Sabbath – det er ny, frisk og annleis Black Sabbath. Likevel er det fantastisk, derfor er det fantastisk. Det er liten vits å leggje ut i det lange og breie om denne plata sidan den (ikkje utan grunn) er den mest kjende post-Ozzy-plata. LØYP OG KØYP!

 

Karakter: 10/10

 

--------------------------------

 

Mob Rules

200px-SabbathMob.jpg

 

År: 1981

Line-up:

Ronnie James Dio, vokal

Tony Iommi, gitar

Geezer Butler, bass

Vinnie Appice, trommer *ny*

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

All songs written by Geezer Butler, Ronnie James Dio and Tony Iommi. All lyrics written by Ronnie James Dio.

1."Turn Up the Night" – 3:42

2."Voodoo" – 4:32

3."The Sign of the Southern Cross" – 7:46

4."E5150" – 2:54

5."The Mob Rules" – 3:14

6."Country Girl" – 4:02

7."Slipping Away" – 3:45

8."Falling Off the Edge of the World" – 5:02

9."Over and Over" – 5:28

 

 

 

Black Sabbath v.2 fortsetjer, einaste utskifting er Bill Ward som forlet bandet pga alkoholproblem og vert erstatta av Vinnie Appice. Mørkare tema og Dio er no sjefen i bandet. Han skriv alle tekstane og får stor innverknad på musikken. Dette fører til slutten for Black Sabbath v.2, men det er ein annan sak.

 

Plata opnar sterkt, uptempo og set standard for plata. Den seier at dette er ikkje noko tull, nye Black Sabbath kan sine saker. Og det er heilt rett. Raske riff, flotte soloar, magiske epos i Rainbow stil, balladar i stilen frå Ozzy-æraen. Denne plata har alt, har endra seg lite frå Heaven and Hell, og det er jo sjølvsagt eit bra trekk.

 

Det er ingen tvil om at Dio er ein teknisk dyktigare vokalist enn Ozzy, noko han syner omatt og omatt, men det er ein heilt annan stil. Ei kraftig stemme som Dio kan gjere kva som helst fantastisk, når han i tillegg får riff etter riff samt kreative bassliner levert som på samleband må det bli bra. Og det blir det. Mob Rules er kanskje den dårlegaste plata etter Ozzy-æraen, men det seier så reint lite. Heavy metal på sitt beste, har du ikkje høyrd denne plata – gå og kjøp.

 

Karakter: 9/10

 

--------------------------------

 

Born Again

200px-SabbathBorn.jpg

 

År: 1983

Line-up:

Ian Gillan, vokal

Tony Iommi, gitar

Geezer Butler, bass

Bill Ward, trommer (erstatta av Bev Bevan på turneen)

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

All songs written by Tony Iommi, Ian Gillan, Geezer Butler and Bill Ward, except where noted.

1."Trashed" – 4:16

2."Stonehenge" – 1:58

3."Disturbing the Priest" – 5:49

4."The Dark" – 0:45

5."Zero the Hero" – 7:35

6."Digital Bitch" – 3:39

7."Born Again" – 6:34

8."Hot Line" (Iommi, Gillan, Butler) – 4:52

9."Keep It Warm" (Iommi, Gillan, Butler) – 5:36

 

 

 

Etter Live Evil forlot Dio bandet for å starte sitt eige band og med seg tok han Vinny Appice. Bill Ward kom attende til bandet for å spele på Born Again, men forlot bandet att før turneen. Vokalist på denne plata er Ian Gillan frå Deep Purple. Han var på ei fyllakule med Tony Iommi og Geezer Butler, dagen etterpå ringte manageren hans og spurde kvifor han inngjekk avtalar om å syngje for andre band utan å konsultere han.

 

Gillan hadde signert kontrakt for ei plate og respekterte det. Han var med på Born Again, ei plate der han skriv alle tekstane og dermed får stor innverknad på plata. Sidan Gillan er ein fantastisk vokalist meistrar han oppgåva bra, han blandar stilen sin frå Deep Purple med dei tunge riffa til Iommi. Det er stort sett ei god kombinasjon, (disclaimer: personlege meiningar forut) men til tider er det ikkje fult så bra. Bill Ward sin trommelyd er tydeleg prega av 80-talet, og den gamle trommelyden er borte. Det er ikkje heilt det same med dette lydbiletet, sjølv om detaljar som dette ikkje er avgjerande. Produksjonen er heller ikkje noko spesielt å snakke om.

 

Iommi gjer ein fantastisk jobb, la det ikkje vere noko tvil om det. Riffa i Zero the Hero er så tunge som mogleg. Han freistar – på vellukka vis – også på nokre melodiøse soloar, power balladar og til tider (forholdsvis) høgt tempo. Det som trekk denne plata opp er nettopp Iommi og Geezer sine bidrag i god, gamal stil. Sjølv om Gillan er ein fantastisk vokalist, vert det utypisk Black Sabbath og framstår mykje som ei gjennomsnittleg rockeplate.

 

Karakter: 6/10

 

--------------------------------

 

Seventh Star

200px-Black-Sabbath-seventh-star.jpg

 

År: 1986

Line-up:

Glen Hughes, vokal *ny* (erstatta av Ray Gillen under turneen)

Tony Iommi, gitar

Dave Spitz, bass *ny*

Eric Singer, trommer *ny*

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

All music credited to Tony Iommi, though additionally lyrics were written by Glenn Hughes, Geoff Nicholls and Jeff Glixman.

1."In for the Kill" – 3:40

2."No Stranger to Love" – 4:28

3."Turn to Stone" – 3:28

4."Sphinx (The Guardian)" – 1:11

5."Seventh Star" – 5:20

6."Danger Zone" – 4:23

7."Heart Like a Wheel" – 6:35

8."Angry Heart" – 3:06

9."In Memory..." – 2:35

 

 

 

Ein ting må vere klart når ein skal snakke om denne plata: Det er ikkje ei Black Sabbath-plate, det er ei soloplate av Tony Iommi som er gjeve ut under namnet Black Sabbath feat. Tony Iommi etter press frå manager Don Arden. Han er også einaste originale medlem att i bandet, og denne gong har han fått med seg Glen Hughes frå Deep Purple, Eric Singer (seinare i KISS og Alice Cooper) og Dave Spitz.

 

At dette er ei soloplate av Tony Iommi og ikkje ei Black Sabbath-plate er ikkje vanskeleg å høyre, for alt som tidlegare har vore kjenneteikn for Black Sabbath er no borte. Dette er ikkje heavy metal, dette er ikkje tidleg doom metal, dette er radiovenleg rock med ein uorginal vokalist. Dette er ikkje anna enn det me høyrer frå Bon Jovi og Aerosmith, band som eigentleg er blasfemisk å nemne i same setning som Black Sabbath. Men diverre er det sant, Black Sabbath er ikkje lenger Black Sabbath, men nærare ein blåkopi av andre radiovenlege rockeband.

 

Keisamt og uorginalt er ord ein kan nytte for å skildre Seventh Star. Korleis kunne (eit av) verdas viktigaste metall-band gå over til å lage heismusikk? Det einaste som hindrar denne plata frå stryk er at musikken er ikkje alltid dårleg, det er berre det at me har høyrd det før frå andre band – og eg likte det ikkje då heller...

 

Karakter: 3/10

 

--------------------------------

 

The Eternal Idol

200px-Eternalidol.jpg

 

År: 1987

Line-up:

Tony Martin, vokal *ny* (erstatta Ray Gillen under innspelinga)

Tony Iommi, gitar

Bob Daisley, bass *ny*

Eric Singer, trommer

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

The album credit states 'All songs written by Tony Iommi' but the lyrics were not his, having been written in the main by Daisley, with some contributions from Nicholls. However, this apparent omission in the credits was known to Daisley, having been part of the agreement.

1."The Shining" – 5:38

2."Ancient Warrior" – 5:34

3."Hard Life to Love" – 5:00

4."Glory Ride" – 4:48

5."Born to Lose" – 3:43

6."Nightmare" – 5:17

7."Scarlet Pimpernel" – 2:07

8."Lost Forever" – 4:00

9."Eternal Idol" – 6:35

 

 

 

Glen Hughes blei erstatta av Ray Gillen på turneen mellom Seventh Star og The Eternal Idol og Ray Gillen var i byrjinga med på innspelinga av The Eternal Idol, men forlot bandet etter innspelinga var starta. Tony Martin erstatta Ray Gillen og dei spelte inn Ray Gillen sitt materiale på nytt. Det er også ein ny bassist på denne plata, Bob Daisley, med erfaring frå Ozzy, Rainbow, Dio og Yngwie Malmsteen.

 

På The Eternal Idol finn ein gode riff, Tony Iommi har gjort ein god jobb der, men tekst og vokal øydelegg mykje og nokre gode riff er ikkje godt nok for å redde dette frå å bli ei generisk 80-tals plate. Stilen er lagt om til 'power metal light' med utruleg cheesy tekstar (this house is gonna haunt you) og når desse dårlege tekstane i tilleg skal syngjast av ein vokalist dei ikkje er meint for – ja, då kan du vere sikker på at det ikkje vert velluka. The Eternal Idol er eit prov på akkurat det.

 

Eit par songar skil seg ut som gode, ikkje gode i den forstand at det er klassikarar, men i den forstand at dei er betre enn resten av plata. Difor er det nok ei plate som er verd å høyre for power metal-fans, men utan ei lita interesse for cheesy power metal skal det litt til å like The Eternal Idol. Men ein ting skal plata ha, den er meir interessant enn Seventh Star, power metal er berre ikkje min type musikk..

 

Karakter: 5/10

 

--------------------------------

 

Headless Cross

Black-Sabbath-Headless-Cross.jpg

 

År: 1989

Line-up:

Tony Martin, vokal

Tony Iommi, gitar

Laurence Cottle, bass *ny*

Cozy Powell, trommer *ny*

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

 

All songs written by Black Sabbath.

1."The Gates of Hell" – 1:04

2."Headless Cross" – 6:15

3."Devil & Daughter" – 4:32

4."When Death Calls" – 6:41

5."Kill in the Spirit World" – 4:59

6."Call of the Wild" – 5:09

7."Black Moon" – 3:56

8."Nightwing" – 6:19

9."Cloak & Dagger" (picture disc only)

 

 

 

Nytt personell på denne plata er Cozy Powell og Laurence Cottle. Cottle var berre eit studiomedlem, sjølv om han er med i ein musikkvideo er han ikkje med på nokre av promobileta. Powell, kjend frå bl.a. Rainbow, har meir å bidra med.

 

Det er framleis same stil som dekker denne æraen av Black Sabbath, power metal light, men Headless Cross har meir å by på enn dei to forgjengarane sine. For det første er tekstane, vokallinene laga for Tony Martin og ikkje ein annan vokalist. For det andre har heile bandet fått ein del å seie, det er ikkje Tony Iommi som gjer alt. Og for det tredje er Tony Martin ein dyktig vokalist, han liknar på Dio, berre tona ned eit par hakk.

 

Sjølv om dette er ein stil eg ikkj er spesielt fan av, må eg innrømme at plata har ein episk feeling. Det er mørkt og stemningsfullt, slik Black Sabbath skal vere. Det er heilt annleis enn Black Sabbath anno Ozzy, men det har likevel ein del likskapar i den okkulte stemninga. Det er ei interessant plate for alle fans av 80-tals power metal, og for ein del andre også. Stabiliteten overtar for det usikre og skiftande som har prega Sabbath dei siste platene.

 

Karakter: 7/10

 

--------------------------------

 

Tyr

200px-SabbathTyr.jpg

 

År: 1990

Line-up:

Tony Martin, vokal

Tony Iommi, gitar

Neil Murray, bass *ny* (kom med på turneen til Headless Cross)

Cozy Powell, trommer

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

 

All songs written by Black Sabbath. All lyrics were written by Tony Martin.

1."Anno Mundi (The Vision)" – 6:12

2."The Law Maker" – 3:47

3."Jerusalem" – 3:53

4."The Sabbath Stones" – 6:35

5."The Battle of Tyr" – 1:08

6."Odin's Court" – 2:21

7."Valhalla" – 4:53

8."Feels Good to Me" – 5:36

9."Heaven in Black" – 3:57

 

 

 

På Headless Cross såg ein tydelege signal om stabilitet i bandet, og dette er berre forsterka på TYR. Einaste nye medlem er Neil Murray, som ikkje eingong er heilt ny for han erstatta Cuttler på førre turne. TYR er ei plate som til tider kan minne om gode, gamle Black Sabbath frå 70-åra med tunge, brutale riff frå riffmester Iommi. The Sabbath Stones er eit døme på noko Iommi likegodt kunne gjort på 70-talet.

 

Plata har eit gjennomgåande tema, norrøn mytologi og kristendom, men bandet sjølv har avvist at det er ei konseptplate. Black Sabbath har gått frå det okkulte til norrøn mytologi. Dei driv med det mystiske, men klarar å endre seg, noko som gjer TYR meir interessant musikalsk og lyrisk. Dette er tidleg viking-metall, så Black Sabbath klarar på nytt å vere inspirasjon for ein sjanger.

 

Iommi sine riff er tunge, Martin si stemme er kraftig, basslinene til Murray er oppfinnsame, Powell sine rytmer er herlege og Nichols sitt arbeid bak tangentane er episk. Diverre er bassen gjort lite synleg i produksjonen, ikkje så mykje at det er farleg, men det trekker litt ned. Trommene er dominerande, noko som ikkje skader nokon (utanom kanskje Murray...) når Powell gjer eit såpass gjennomført arbeid.

 

Dette er ei god plate ingen bør la gå hus forbi, det er ei skjult perle i Sabbath-katalogen. Mørkt epos om norrøn mytologi. Eit av veldig få minus er balladen Feels Good to Me som er på plata berre for å tene det føremål å vere ein radiovenleg ballade. Den passar ikkje inn lyrisk eller musikalsk, men er ein fin song med ein fanstastisk intro-solo.

 

Karakter: 9/10

 

--------------------------------

 

Dehumanizer

200px-Black-sabbath-dehumanizer.jpg

 

År: 1992

Line-up:

Ronnie James Dio, vokal *ny*

Tony Iommi, gitar

Geezer Butler, bass *ny*

Vinnie Appice, trommer *ny*

Geoff Nichols, keyboard

(Gjenforeint mannskap frå The Mob Rules)

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

 

All songs written by Geezer Butler, Ronnie James Dio and Tony Iommi.

1."Computer God" – 6:10

2."After All (the Dead)" – 5:37

3."TV Crimes" – 3:58

4."Letters from Earth" – 4:12

5."Master of Insanity" – 5:54

6."Time Machine" – 4:10

7."Sins of the Father" – 4:43

8."Too Late" – 6:54

9."I" – 5:10

10."Buried Alive" – 4:47

11."Time Machine (Wayne's World Version)" – 4:18 (Not on the UK release)

 

 

 

20 år etter Dio-æraen var over, er same mannskapet frå The Mob Rules attende. Det åleine skulle gje forhåpningar om ei god plate. Dio er tydeleg sjefen, med klåre utviklingstrekk frå Lock Up the Wolves (Dio) gjennom Dehumanizer til Strange Highways (Dio). Stilen er tung, mørk og dyster. Tekstane er alvorlege og utan dei typiske fantasi-tema til Dio. Både Sabbath og Dio trong ein ny start for å gjenopplive karrierane sine, og det gjorde dei med stil.

 

Med dei gode doomy riffa frå Iommi på plass, god rytmeseksjon i Geezer og Appice, gode tekstar og fantastiske vokalprestasjonar frå Dio er alt som det skal vere. Riffa til Iommi har klåre likskapar med riffa frå tidleg Ozzy-æra. Dette klarar dei å kombinere godt med Dio si kraftige stemme. Tekstane er alvorlege, med glimt i auga, riv ned myter og fortel om kristendom, fjernsynsevangelisme, livet, døden og verda.

 

Sjølv om alt er attende til slik det var i gamle dagar, med ein tyngde Black Sabbath ikkje har hatt sidan Volume 4, er produksjonen og lyden moderne. Dei har klart å fornye seg og halde på det gamle utan å vere nostalgiske. Det siste tiåret har vore fylt av eksperimenter, både i musikken og bandmedlemmane, no er det rein ondskap som herjer. Black Sabbath er atter ein gong doom metal – og det med stil!

 

Karakter: 9/10

 

--------------------------------

 

Cross Purposes

200px-SabbathPurposes.jpg

 

År: 1994

Line-up:

Tony Martin, vokal *ny*

Tony Iommi, gitar

Geezer Butler, bass

Bobby Rondinelli, trommer *ny*

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

 

All songs were written by Butler/Iommi/Martin (except "Evil Eye", written by Martin, Iommi, and Butler with Eddie Van Halen, who is uncredited)

1."I Witness" – 4:56

2."Cross of Thorns" – 4:32

3."Psychophobia" – 3:15

4."Virtual Death" – 5:49

5."Immaculate Deception" – 4:15

6."Dying for Love" – 5:53

7."Back to Eden" – 3:57

8."The Hand That Rocks the Cradle" – 4:30

9."Cardinal Sin" – 4:21

10."Evil Eye" – 5:58

11."What's the Use?" (Japanese bonus track) – 3:03

 

 

 

Tony Martin kjem att, etter at Dio forlater bandet pga han vil ikkje varme opp for Ozzy. Resultatet av det er at Rob Halford stepper inn på to konsertar og bootlegs frå begge konsertane er ute på nettet. Uansett, Tony Martin kom att og Bobby Rondinelli er ny. Stilskiftet frå Tyr til Dehumanizer er reversert. Med dets fordeler og ulemper.

 

Alle forsøk på å etterfølgje Dehumanizer skulle vert dømd til å tape den konkurransen. Og Cross Purposes ser ut til å gjere nett det. Plata er rik på kontrastar, t.d. mellom Aerosmith-liknande songar (ikkje meint som eit kompliment, men formulert nøytralt...) til songar så doom metal som dei aldri har vore. Stemmen til Tony Martin passar ikkje så godt inn på doom metal-songane, men fungerar ganske bra på dei meir rett fram metal-melodiane. Dette fungerar ikkje for min del, sjølv om han har ei veldig god stemme.

 

At Geezer er med på denne plata er tydeleg, samanlikna med dei andre Tony Martin-platene, der andre bassistar ikkje har klart å lage så kreative og tunge bassliner. Rondinelli, tidlegare trommis i Rainbow, skal ha skryt for å gjere ein god jobb, sjølv om han ikkje er unik på nokon som helst måte.

 

Ein kan konkludere med at dette er ei god plate, ikkje fantastisk, men grei nok. Den har klåre svakheiter, men også sine styrker. Den skil seg ikkje ut, men er verd å høyre og er ei av dei betre med Tony Martin.

 

Karakter: 6/10

 

--------------------------------

 

Forbidden

200px-Forbidden.jpg

 

År: 1995

Line-up:

Tony Martin, vokal

Tony Iommi, gitar

Neil Murray, bass *ny*

Cozy Powell, trommer *ny*

Geoff Nichols, keyboard

 

Sporliste:

 

 

(frå Wikipedia)

 

All songs written by Black Sabbath

All lyrics by Tony Martin, except "The Illusion of Power" lyrics by Tony Martin and Ice T

1."The Illusion of Power" (featuring Ice T) – 4:51

2."Get a Grip" – 3:58

3."Can't Get Close Enough" – 4:27

4."Shaking Off the Chains" – 4:02

5."I Won't Cry for You" – 4:47

6."Guilty as Hell" – 3:27

7."Sick and Tired" – 3:29

8."Rusty Angels" – 5:00

9."Forbidden" – 3:47

10."Kiss of Death" – 6:06

11."Loser Gets It All" (Japanese pressing Bonus Track) - 2:55

 

 

 

Cozy Powell og Neil Murray, rytmeseksjonen frå Tyr, er attende. Tyr som kanskje er det beste dei har gjort under Tony Martin-æraen, burde gje visse forhåpningar. Det har no vore fleire gode plater på rad i ein ustabil periode, med tanke på utskiftingar av medlemmer.

 

Forbidden vert slakta stort sett over alt. Og det er det ein grunn til. Black Sabbath lager ikkje musikk som er dårleg, men denne plata er heller ikkje god. Nokre gode riff, ganske stilig samarbeid med Ice T (!), men stort sett høyrest det uinspirert og keisamt ut.

 

Dette er den siste plata Black Sabbath gjorde for IRS Records, og det vert spekulert i om Tony Iommi leverte slappe varer med vilje for å fullføre kontrakten og byrje på solo-karrieren sin. Om det er sant, er det den beste avslutningen på ein platekontrakt nokon sinne.

 

Om ein likar Tony Martin-æraen er dette ei plate å satse på, men dersom ikkje bør ein liggje unna. Om du vil høyre korleis Tony Martin-æraen er, er dette ikkje staden å starte. Denne plata tek eg sjeldan ut frå platehylla, og det vert sikkert eit år eller to til neste gong, men det er greit at den er der. Det er den siste Black Sabbath-plata med berre nytt materiale hittil, og dei kunne spart seg for dette...

 

Karakter: 4/10

Endret av noodles
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Veldig fin albumguide, men jeg er ikke noen stor fan av Black Sabbath, men jeg har en samleplate. Jeg liker faktisk det med Ozzy bedre enn uten Ozzy.

9398249[/snapback]

I den generelle tråden for albumguider blei det spesifikt ønska ein guide om post-Ozzy, fordi det er semje om at Ozzy er den beste vokalisten Black Sabbath har hatt.

 

Veldig flott og gjennomført guide, noodles.

Skal nok ikkje sjå bort frå at eg går til innkjøp av Heaven and Hell i nermaste framtid.

Takk. Kjøpar du den plata får du mykje glede, samt meininga med tråden vert oppfylt - eg får spreidd idear om Black Sabbath.

 

ensformig musikk synes jeg.

Eg vonar du gjer Black Sabbath ein sjanse, for målet med denne tråden er å syne dei ulike sidene ved Black Sabbath. Det som ikkje er kjend gjennom Ozzy.

Endret av noodles
Lenke til kommentar

Hadde vært fint om du inkluderte årstallene på hvert album.

 

Jeg elsker Tony Martin-perioden, syns han har en fantastisk varm stemme som passer musikken deres perfekt. Han er en fullkommen vokalist.

Headless Cross har alltid vært en av mine favorittlåter. Jeg tror at folk som gnåler om at "Ozzy var best ingen protest" egentlig ikke har hørt de andre skivene noe særlig. Men det kommer vel folk til å krangle om til evig tid, ingen har mere rett enn andre.

Og med Dio fikk Sabbath et mye trengt trøkk, Neon Knights er perfekt åpningslåt for den "nye æraen".

Endret av Bitex
Lenke til kommentar

*Oppdatert med liste over plater med årstal og vokalist. Har også lagt til eit eit lite avsnitt om Heaven and Hell 2007 og eit par bilete*

 

Bitex: Tony Martin er utan tvil ein dyktig vokalist og han har gjort nokre gode plater med Sabbath, men også nokre som ikkje er fullt så gode. Eg var lenge ein Ozzy-fanboy og hadde ikkje høyrd dei andre platene, men er glad for at eg fekk auga opp for dei andre vokalistane. Eg vonar nokre andre også gjer det, kanskje også pga denne tråden..

 

Ozzy ≠ Dio-diskusjonar kjem aldri nåken vei og er dei tåpelegaste diskusjonane eg veit om. Eg vonar denne tråden ikkje vert slik.

Lenke til kommentar

Veldigt bra album guide :)

 

syns selv det er et stort skille mellom de forskjellige periodene med de 3 vokalistene som har vært lengst. Ozzy, Dioo og Tony Martin.

 

Perioden med ozzy var veldigt revlosjonerendes for sin tid. Du hadde mange store hitter og endel knalharde heavylåter. best of samlingen fra denne perioden er en utroligt sterk samling! + også endel av albumene er veldigt bra, men ser du på alt materiale fra den tiden. Blir det endel vandring over stiler, og ikke alt sitter like godt.

 

Når du kommer inn i Dio perioden føler jeg bande blir mer et rent heavy band. bande spiller jevnt over endel hardere og tøffere. + dio sin stemme og låtskriving også har et veldigt heavy preg over seg. Her føler du alt sitter som det skall, bandet har utviklet seg mer innen den ene stilen og det funker veldigt bra for dem.

 

Med Tony Martin ble bandet tonet ned endel. Du hadde ikke lenger det knallharde heavy imige du hadde med Dio. Alt blir endel tonet ned. På de første platene føles det ikke helt som alt sitter helt som det skal. Du hadde endel heavy riff på noen sanger og endel bra melodier, men fikk ikke den sabbath følelsen over det. Tony Martin virker ikke helt som om han helt passer til den måten bandet er kjent for å spille på. Men på plata Headless cross så reiser bandet seg igjen og lever opp til sitt gammle imige. De leverer en en utroligt sterk utgivelse med sanger som Headless Cross med knalharde heavy riff! + Tony Martins også får vist mer av sine egenskap som vokalist. Viser at han har en tøff stemme som også passer innen heavy sjangeren.

 

Verken Glen Hughes (på vokal) eller Ian Gillan gjorde seg så veldigt bemerket i bandet.

 

For meg blir de 5 sterkeste Black sabbat utgivelsene:

 

1: Paranoid (Ozzy)

 

2. Heaven and Hell (Dio)

 

3. Dehumanizer (Dio)

 

4. Headless Cross (Tony Martin)

 

5. Sabbath Bloody Sabbath (ozzy)

 

Ser du på enkeltsangene. Så har du ganske mange udødelige classikere med Ozzy. N.I.B., Paranoid, War Pigs, Iron Man, Sabbath Bloody Sabbath. Som alle er sanger som alltid vil bli regnet som noen av tidenes beste heavy sanger. Med dio så ble det levert mer jevnt bra på et veldigt høyt nivå, med mange sterke titler, men ikke helt oppo samme nivå som det beste som ble gitt ut med ozzy. tony Martin var mer varierendes. Hadde endel bra sanger som Headless Cross osv.

Endret av Poolish
Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...
  • 5 uker senere...
  • 10 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...