Gå til innhold

Atheist - Technical death metal pioneèrs


MrHaze

Anbefalte innlegg

post-121678-1176157202_thumb.jpg

post-121678-1171753744_thumb.jpg

 

Heilt sidan eg vart anbefalt dette bandet av Glint her på forumet, så har eg vore hekta. Eg lasta ned nokre låtar frå Piece of Time og Unquestionable Presence, og det traff meg rett i hjarterota. Miksen av tekniske finurlegheitar og death metal er så sinnsjukt gjennomført, og bandet har ein så variert diskografi, at det er umogleg å bli lei.

Atheist starta opp som Oblivion i Florida i 1984, men bytta fort navn til R.A.V.A.G.E. (Raging Atheists Vowing A Gory End), og igjen til Atheist. Dei spela inn 3 demoar (Hell Hath No Mercy, Beyond, og ein utan navn) før debuten Piece of Time vart gjett ut. Den originale line-upen var Kelly Shaefer (gitar, vokal), Rand Burkey (gitar), Roger Patterson (bass) og Steve Flynn (trommer), men vart endra både etter debut-albumet, pga. at Patterson omkom i ei bilulukke, og vart bytta ut med Tony Choy, og etter andre album, Unquestionable Presence, pga. at Shaefer fekk senebetennelse, og ikkje greidde å spela inn all gitaren sjølv. Frank Emmi tok på seg eindel av gitararbeidet på tredje og siste album; Elements.

Diskografien strekker seg frå så smått tekniske Piece of Time, til ultra-raske og tekniske Unquestionable Presence, og til jazz-inspirera Elements.

Bandet splitta to gonger, ei gong etter innspelinga av Unquestionable Presence, og ei gong etter Elements. Bandet er no samla igjen, og spelar på diverse festivalar og konsertlokale. Line-upen er delvis endra, Sonny Carson (Gnostic) spelar gitar istadenfor Shaefer, som fortsatt slit med senebetennelse, og Chris Baker spelar gitar for Rand Burkey utanfor USA pga. trøbbel med loven. Shaefer gjer berre vokal. Dei spela blant anna på Hole in the Sky i Bergen i fjor.

 

Diskografi:

  • 1990 - Piece of Time
  • 1991 - Unquestionable Presence
  • 1993 - Elements

Piece of Time (1990)

post-121678-1171753818_thumb.jpg

 

Fyrste album ut frå maskineriet til Atheist var Piece of Time. Ei små-teknisk death metal-skive, der bandet allereie viste potensiale. 9 spor fylt med riff som er feitare enn Moskva-Marit i ei smultgryte på McDonalds, rått bass-spel av Roger Patterson (R.I.P.), og gode tekstar. Ei tvers igjennom jamn plate, men nokon låtar skil seg litt ut, blant anna tittelsporet, On They Slay og No Truth. Herlege låtar som slår deg ned i bakken og held deg der fram til siste riff. I likheit med plata, eigentleg. Atheist nådde ikkje det dei seinare gjorde på Unquestioable Presence og Elements, men med Piece of Time viste dei allereie at dei var på god veg mot noko.

 

Tracklist:

 

 

1. Piece of Time

2. Unholy War

3. Room With A View

4. On They Slay

5. Beyond

6. I Deny

7. Why Bother?

8. Life

9. No Truth

 

 

 

Sjanger: Teknisk death metal

Høydepunkt: Piece of Time, Unholy War, On They Slay, No Truth

Karakter: 8+/10

 

Mp3: I Deny

 

Unquestionable Presence (1991)

post-121678-1171753875_thumb.jpg

 

Utifrå dagsformen så vil eg nok sei at dette er Atheists beste album, fylt av monsterriff, deilige arrangement og god produksjon. Tekstane er herlege, og kler musikken perfekt. Det tekniske går på ingen måte utover det brutale ved albumet, og Rands solo-arbeid er metal-verdens svar på blowjobs, øl og pizza. Eg har aldri høyrd nokon så gjennomførte soloar som han har på dette albumet. Å plukke ein favorittlåt herfrå ville vere som å velge ein favoritt av testiklane sine. Umogleg, alt gjer jobben sin slik den skal verte gjort. Der Piece of Time hadde eit par taktskifte i kvar låt har Unquestioable Presence 4-5. Einaste minuset er at bassen til tider blir bittelitt for låg i miksen, men det er det einaste eg har å utsetje på dette albumet. Perfeksjonisme innan teknisk death.

 

Tracklist:

 

 

1. Mother Man

2. Unquestionable Presence

3. Retribution

4. Enthralled In Essence

5. An Incarnation's Dream

6. The Formative Years

7. Brains

8. And the Psychic Saw

 

 

 

Sjanger: Teknisk death metal

Høydepunkt: Alt.

Karakter: 10/10

 

Elements (1993)

post-121678-1171753930_thumb.jpg

 

På Elements drog Shaefer & co inn meir jazz-påverknad, noko ein godt høyrer. Brutaliteten og noko av farten til Unquestionable Presence er borte, utan at det er ein dårleg ting, for å skrive riff, det kan bandet fortsatt. Produksjonen er fin og klar, og ein høyrer alle instrumenta godt, heldigvis. Om den hadde vore dårleg, så hadde ein sannsynlegvis gått glipp av sinnsjukt mange flotte basslinjer. Tromminga til Flynn er som vanleg upåklageleg, det samme er instrumenteringa til resten av bandet. Dei funky rytmane dei dreg fram vert spela med kirurgisk presisjon, medan tekstane dreg deg gjennom natur-elementas verd. Elements er ei verdig avslutning av diskografien til det som kanskje er verdas beste band innan teknisk death metal.

 

Tracklist:

 

 

1. Green

2. Water

3. Samba Briza

4. Air

5. Displacement

6. Animal

7. Mineral

8. Fire

9. Fractal Point

10. Earth

11. See You Again

12. Elements

 

 

 

Sjanger: Teknisk/jazz-inspirert/progga death metal

Høydepunkt: Water, Air, Animal

Karakter: 10/10

 

Mp3: Air

Mp3: Mineral

 

 

Official Atheist website

Atheist@Myspace

Endret av MrHaze
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Sitter og hører på opptaket fra konserten nå. Steike ta, det er så sykelig tight og lekkert. Kribler i samtlige av mine erogene soner.

 

Utrolig hyggelige karer også, var litt av en overraskelse å plutselig løpe inn i Shaefer og Choy utenfor Garage kvelden før. Og herregud som jeg lo da en dritfull Stian begynte nesten å grine av glede ("Sorry...it's like meeting Mickey Mouse"), for ikke å snakke om da evil_dave løfta Tony Choy! :D

Lenke til kommentar

Holdt på å ta kontakt med Kelly når eg hadde gløymd jakka mi og måtte tilbake for å hente den, men han stod i telefonen akkurat då. Oh noes =(

 

PS: -Nyhus-, det ligg enda ein mp3 under Piece of Time. Eg la mp3'ane under tilhøyrande album. På Myspace (link nederst i fyrste post) ligg det og eit par songar til (Mother Man og Water).

Endret av MrHaze
Lenke til kommentar
For meg har det alltid vært, og vil nok alltid være, Death og Atheist som er de virkelig store innen sjangeren. :)

7968058[/snapback]

 

Delvis enig. Syns og Cynic har eindel å fare med. Synd dei berre ga ut eit album. Men dei tre er utan tvil dei største i "old school" teknisk death. Innan nyare så er jo Necrophagist ein favoritt, men det er ikkje musikk i same gate, på noko måte.

Lenke til kommentar

Jeg blir aldri lei Atheist, bra at skivene deres er mer tilgjengelig nå.

 

Ser også at f.eks Toxik, Realm, Sadus etc. kan fåes for en rimelig penge, at metal er i oppsving har klart sine fordeler.

 

Har Atheist (W:O:A) friskt i minne, en kunne lett se de koste seg på scena, Tony Choy bukket for publikumet (helt annet å spille for en flokk utskudd, enn hva han gjorde i Area 305).

 

Forresten er dollarkusen slik at man faktisk kan bestille de tre Atheist-skivene for under kr 200,.- :thumbup:

Endret av Nisje Olm
Lenke til kommentar
  • 3 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...