Gå til innhold

Bybyggingsspel i 2006


Anbefalte innlegg

Skrevet

Jaja...dette skulle vere eit jubelår for oss som liker å bygge gamle romerske byar, med heile tre lovande titlar: Glory of the Roman Empire, CivCity: Rome, og Caesar IV. Med to av tre ute må eg oppriktig seie at eg er skuffa.

 

Glory of the Roman Empire verka svært lovande når eg prøvde demoen. Grafikken var vakker, grensesnittet var intuitivt...og heile innfallsvinkelen, som var litt annleis enn dei gamle spela, verka interessant. Dessverre, når eg endeleg får kloa i heile spelet (måtte bestille det frå Danmark), viser det seg at det eg såg i demoen på mange måtar var heile greia. Det blir aldri særleg meir interessant enn å få X antal bygningar til å utvikle seg opp til nivå Y. Og det blir fort einsformig. Eg har ikkje so mykje meir å seie om GotRE. Det er ikkje eit spel det er lett å seie mykje om. Det er greit gjennomført, men dessverre utruleg lite ambisiøst.

 

CivCity: Rome kjøpte eg i dag. Trass litt blanda omtalar, hadde eg høge forventningar. Sidan Caesar III og Civilization begge er høgt oppe på topp-to-lista mi over dei beste strategispela eg har spelt, MÅTTE dette bli bra. Og sant å seie, det er ikkje so verst...men eg blir ikkje kvitt kjensla om at dei har kasta bort eit enormt potensiale her. Her er nyvinningar og ting som er godt gjennomførte...og so er her ein del grunnleggjande ting som er heilt feil. Til dømes er det ikkje noko som heiter attraktive og mindre attraktive område...om du plasserar ei bolig mellom ei gruve og eit slakteri, bur dei rike like gjerne der som i eit stille strøk med vakre hagar og utsikt mot havet. Resultatet blir rotete byar, sidan der ikkje er nokon vits i å skille mellom ting som normalt burde vere skilte. Av andre ting som er feil: Grafikken er langt under par. Kameraet kan ikkje zoomast langt nok ut, og ein kan ikkje endre vinkelen i høve til bakken. Der ser ut til å mangle vesentleg informasjon i grensesnittet (t.d. informasjon om behov for arbeidskraft). CivCity er likevel spelbart...men det er berre so utruleg irriterande å sjå eit slikt potensiale bli nytta sopass dårleg. :(

 

Det eg ikkje forstår, er at Caesar III, eit åtte år gammalt spel, grisebankar desse nye spela i djupne og spelbarheit sopass grundig. Eg set no all min lit til at Tilted Mill leverar med Caesar IV. Eg trur sjansane er brukbare for at det blir det beste av dei tre romerske bybyggingsspela i år, med tanke på kva bakgrunn utviklarane har. Eg kryssar fingrane.

 

Nokon andre som har meiningar om desse spela?

 

Kay

Videoannonse
Annonse
Skrevet
lever caesar enda?

 

Dette må kjøpes!

6577660[/snapback]

:) Det blir gjenoppliva i år, Tilted Mill vart grunnlagt for nokre år sidan av ein del tidlegare Impressions-folk. I 2004 slapp dei "Children of the Nile", som er eit ganske kompetent bybygginsspel med ein ny måte å gjere ting på. Det har nokre svakheiter, men det var absolutt so bra at det ga håp for framtidige Tilted Mill-spel.

 

Kay

Skrevet

De gamle er best vet du, spill trenger ikke så god grafikk og mange muligheter for å være interessante.

Gamle Pharao og Civ2 er fortsatt meget interessante spill som tilstadighet kommer tilbake til maskinen min

Skrevet
Vi har jo også fått City Life i år: http://gamer.no/omtale/pc/city_life/26888

6578138[/snapback]

Jupp, det ser bra ut det, sjølv om der ser ut til å vere meir Sim City enn Caesar III i det. Hadde det ikkje vore for den Starforce-greia, ville eg ganske sikkert ha kjøpt det.

 

 

@Lomz

Jau, det stemmer nok ofte. Men det hadde jo vore kjekt å få noko nytt som kunne måle seg med klassikarane. Eg hadde store forventningar til alle tre som skulle komme i år.

 

Kay

Skrevet

Kjøpte meg CivCity : Rome i går, og til de høye forventningene jeg hadde ble jeg utrolig skuffa. Spillet var gøy de første 2-3 timene da alt måtte testes og prøves, men etter hvert som byen voskte ble det veldig uoversiktelig og rotete. I tillegg er det nesten umulig å holde innbyggerne fornøyde, selv om jeg hadde nesten 1/4 av alle ansatte til å holde gatene rene, så var det ikke bra nok. Og det ble storbrann i byen vært 5 minutt som gjorde at halve byen var ansett på fire stations.

Patch snart?

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...