Gå til innhold

Oppdrag skrivemaskintekst (i Premiere)


Anbefalte innlegg

Ja, så trenger jeg nok en gang hjelp med noe i Adobe Premiere.

Denne gangen skal jeg lage sånn skrift som ofte bruker i filmer der det gjelder oppdrag o.l. Fks. så tror jeg det er brukt i både Mission Impossible, Matrix, Austin Powers osv. Det er sånn at skriften som viser sted, dato etc. skrives inn som på en skrivemaskin, og så hører man sånn skrivemaskinlyd eller sånn bip-lyd (ja dårlig forklart, jeg vet :p)

 

(Kunne sikkert funnet en tutorial på dette selv om jeg hadde brukt litt tid på å lete rundt omkring, men siden det er så mange flinke folk her inne, regner jeg med at det er raskere å bare spørre her. :wee:)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det finst plugins som kan gjere det, trur eg, men sikkert ikkje nokon gratis...

 

Ein metode, som eg har brukt sjølv ein gong er slik:

 

Begrensinga med denne, er at ein berre kan ta ei linje om gongen...:

 

1. Skriv teksten, og legg tittelen på tidslinja.

2. Finn filteret Crop, og dra det ned på teksten.

 

Du skal justere berre ein eigenskap, Right. Altso kor mykje av høgre sida som vert kutta bort.

 

3. Legg til ei keyframe heilt på byrjinga av tittelen, og juster Right Crop slik at den fyrste bokstaven akkurat forsvinn.

4. Gå ei frame fram, og juster Right Crop slik at berre den fyrste bokstaven er synleg.

5. Gå nokre få frames til fram, og legg til ei ny keyframe.

6. Juster Right Crop slik at berre den fyrste og andre bokstaven er synleg.

7. Fortset slik, og synleggjer ein bokstav om gongen, til heile linja er synleg.

8. Om du har ein ferdiginnspelt lyd, må du tilpasse keyframesene etter den.

 

Dette er sjølvsagt mykje arbeid, so om det ikkje er so farleg om kvar bokstav "sprett" fram, treng du berre to keyframes : Ei heilt på byrjinga der alle bokstavane er klipte bort, og ei på slutten der alle er synlege.

 

 

Det kan og vere det finst andre metodar, men det var denne eg kom på no...

Lenke til kommentar

Nei, eg meinte Crop...

 

Kva er det folk vil med Clip? Var ein annan på NAF som sa det same. Den einaste forskjellen, er at ein med Clip får ein bakgrunnsfarge. Om ein legg tekst oppå eit bilete, og fjerner noko av teksten med Clip, vil bakgrunnsvideoen verte dekt med valgt Fill Color, som ein då må keye bort. Kva er poenget med det, når ein kan bruke Crop... So lenge "Zoom" ikkje er haka av i Crop (no ser eg på PPro 1.5), er det det beste alternativet. Prøv og sjå.

Lenke til kommentar

Forskjellen mellom dei to (riktignok i PPro 1.5, men dei har truleg ikkje vorte endra på...):

 

Crop fjerner ein del av biletet. I tillegg til å kunne stille på høgre, venstre, opp og nede, kan ein og krysse av for Zoom. Om ein gjer det, vil biletet strekkje seg, for å fylle ramma til ei kvar tid. Det vil seie at om ein cropper 50%, vil biletet verte strekt for å fylle tomrommet, noko som fører til dårlegare kvalitet.

 

Men det er berre om Zoom er haka av.

 

Clip fjerner ein del av biletet, og erstatter det med ein farge, som du kan spesifisere sjølv - det er Fill Colour. Om ein har tekst på svart bakgrunn, og vel svart som Fill Colour, vil ein ikkje få problem. Men om ein legg tekst oppå video (eller noko anna), og ein t.d. set Right Clip til 50, vil halvparten av biletet verte dekt av eit svart felt. For å få videoen til å synes, må ein då fjerne den svarte fargen, ved keying. (I Premiere 6.x kjend som Transparency).

 

Denne tutorialen forklarer kanskje forskjellen betre. Veit ikkje akkurat kor, men det er inni der ein eller annan stad...

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...