Gå til innhold

Fixboot etter å ha flytta på ting


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg testa installasjon av Win2k3 på ein sekunder harddisk. Då fekk eg boot-meny på primary-disken og ting fungerer godt.

 

No vil eg kopla vekk den første disken og berre ha Win2k3-disken igjen.

 

Problemet er at eg då mangler boot.

Har prøvd fixmbr- og fixboot-kommandoar i Recovery Console, utan at dette ser ut til å løysa problemet...

 

Kan det tenkast at partisjonen ikkje er Active?

 

Er det nokon som har tips?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Joda, når eg kjem inn på C:\Windows (etter å ha skrivd inn admin-passord og alt), så skriv eg:

 

fixmbr

 

Vidare må eg stadfesta at eg faktisk vil, og får opp:

 

Writing new master boot record on physical drive

\Device\Harddisk0\Partition0.

 

The new master boot record has been successfully written.

 

Så tar eg Exit for å starta maskina på ny...

 

Resultatet blir likt: Disk boot failure... insert...bla-bla and press any key..

Skrevet

Hvis problemet er at du mangler eller har feil aktiv partisjon, så vil ikke fixmbr hjelpe.

For å sette en partisjon aktive så pleide man å bruke gamle fdisk. Har ikke hatt behov for å gjøre dette på mange år, men antar det lar seg gjøre i Recovery Console med diskpart active. Eller bruke en fdisk fra UBCD: http://www.ultimatebootcd.com/

Skrevet

På UBCD fann eg noko som heita FreeFDISK som fortel at ingen partisjonar er satt aktiv. Vidare står det at ting ikkje kan funka før ein partisjon er satt aktiv. Problemet er at FreeFDISK ikkje kan setta NonDOS-partisjonar aktiv (Win2k3-test-installasjonen min ligg på ein NTFS-partisjon).

 

Eg prøvde også ulike andre verktøy, utan å finna noko "set acitve"-funksjon.

 

Til slutt satte eg disken som slave til ein WinXP-disk og brukte PartitionMagic under Windows XP for å setja Active partition på Win2k3-disken.

Etter omstart (Aktiveringa av NTFS-partisjonen på Win2k3-disken skjer under neste oppstart (boot) av WinXP) slo eg av maskina og kopla vekk WinXP-disken igjen.

 

No fekk eg ei ny melding om at NTLDR is missing.

 

Ny runde med boot frå CD, recovery console, fixmbr og fixboot.

Exit for omstart og endeleg resultat: NTLDR is missing.

 

Hmm... hmm-hmm...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...