Gå til innhold

Datamaskina heilt idiot.


Anbefalte innlegg

For ei tid tilbake fekk broderen problem med datamaskina si etter å ha bytta ut ei dårlig prosessorvifte. Følgande feilbeskrivelse vart sent på mail til Komplett:

 

____________________________________________

For ca. eit år sidan kjøpte eg diverse datadelar av dere.

Blant anna eit MSI KT4 Ultra hovedkort, og ein AMD Athlon 2700+ prosessor som eg no har problem med.

Problemet begynte for nokre veker sidan når eg skifta ei dårlig prosessorvifte.

For ikkje å risikere å skade prosessoren på noke vis tok eg ikkje av heile kjøleribba, men skrudde forsiktig av berre vifta, og skrudde den nye forsiktig på igjen.

Etter dette starta maskina igjen heilt uten problem, men neste dag når eg skulle starte maskina igjen ville den ikkje starte igjen.

Først låste alt seg rett etter vinduet med detektering av minne og harddisk / CD-ROM.

På baksida av maskina lyste dei fire indikatordiodene med ei kode som ifølge manualen betyr: "Boot attempt - This will set low stack and boot via INT 19h."

Etter fleire forsøk utover dagen og påfølgande dagar kom maskina litt etter litt vidare i oppstartprosessen før det låste seg igjen.

Til slutt stoppa det ved innlogging av Windows, før det kom blåskjerm om at ntoskrnl er skada. Lenger enn det kom det aldri.

Eg ville tru det var hovedkortet det var noke seriøst gale med, men tenkte å prøve å reinstallere Windows først.

Men etter å ha flytta harddisken til ei anna maskin og tatt backup, var det tilbake til det same som når det heile starta, med same feilkode.

Sånn var det fleire gangar, før maskina plutselig begynte å slå seg av av seg sjølv rett etter at eg starta den.

Då lyser alle fire lysdiodene bak raudt eit par sekund, før maskina slår seg av.

Ifølge manualen tyder det på at prosessoren er defekt (eller ikkje installert skikkelig).

Så enten er prosessoren defekt, eller så er det både den og hovedkortet.

Kva skal eg gjere?

_______________________________________

 

 

Han fekk då beskjed om å sende inn både hovedkort og prosessor til testing.

Dei fann ut at prosessoren var defekt, og han fekk ein ny 2800+ i staden. Test viste at det ikkje var noke gale med hovedkortet. Men etter å ha sett saman maskina igjen fortsette det med omtrent akkurat dei same problem som før.

Følgande mail med feilbeksrivelse vart igjen sendt til Komplett:

 

__________________________________________

For ikkje lenge sidan sendte eg inn hovedkort og prosessor til testing, og fekk erstatta ein defekt prosessor.

Eg håpte då alt skulle vere i orden igjen, men den gang ei.

Eg gjorde først alle innstillingar som var nødvendig i BIOS, og alt virka normalt.

Eg hadde tenkt å reinstallere Windows, men prøvde for morro skyld å starte maskina på eksisterande OS frå tidligare (Win2k).

Men det fortsette med same problem som forge gang ved at Windows kræsjar heile tida ein eller annen plass i løpet av

oppstartprosessen (aldri lenger enn loginvinduet), og enda med blåskjerm eller alt låste seg.

Ved eit tilfelle starta Windows skikkelig, men etter at maskina hadde stått eit par minutt slo den seg plutselig av av seg sjølv.

Etter det fekk eg ikkje starte maskina igjen før eg hadde slått straumbrytaren på straumforsyninga av og på igjen.

Så det var berre å starte reinstallering av Windows.

Men det skulle heller ikkje gå bra.

Eg prøvde både med Windows 2000 og XP.

For det første hadde eg store problem med å få starte frå Windows CDen i det heile tatt (både 2k og XP).

Pause med spørsmål om eg vil starte frå cd skal normalt sett vise ei lita stund før maskina fortset vidare (på eksisterande installasjon).

Men denne viste alltid berre eit lite øyeblikk av eit sekund, før maskina fortsatte med oppstart frå den gamle installasjonen med påfølgande kræsj.

Så eg måtte hamre laus på Enter tasten for å vere rask nokk til å få starte frå CD.

Vidare vart det heile tida ein eller annen feil i løpet av oppstartprosessen frå cden.

Win2k stoppa ofte med melding om feil ved "serenum.sys" eller "serial.sys", og alt låste seg.

Win XP stoppa tilsvarande med "\i386\ntkrnlmp.exe"

Både 2k og XP stoppa og undervegs med blåskjerm med melding "IRQL_NOT_LESS_OR_EQUAL", og låst maskin.

Kom maskina gjennom oppstartprosessoren, vart skjermen plutselig svart og alt låste seg, eller det kom blåskjerm med melding "PAGE_FAULT_IN_NONPAGED_AREA" og maskina låste seg.

Så eg kom aldri så langt eg fekk starte installasjon eller formatering.

For morro skyld prøvde eg å starte maskina frå ein Win98se oppstartdiskett.

Det starta alltid opp skikkelig, men innen 30-60 sekund låste maskina seg alltid der og, uansett kva eg holdt på med.

 

Kva kan vere feil med maskina?

Med ny prosessor kan det ikkje vere den som tullar til heile tida.

Er det likeve hovedkortet det er noke seriøst gale med?

Eller kan det vere minne? Eller andre komponentar?

Eg har vore uten maskin i fleire mnd. no, så eg begynner å bli dritt lei heile maskina.

Det er vel berre å sende inn til ny testing?

__________________________________________

 

 

Denne gangen fekk han beskjed om å sende inn både hk, cpu og minne til testing.

Etter mange veker fekk han delane tilbake, men utrulig nokk hadde dei ikkje funne noke som helst feil under testing.

Dette er vel eit par mnd. sidan no, men pga ferie og masse arbeid har han ikkje fått tid å begynne på maskina igjen endå. Men sjølv om Komplett ikkje fann noke feil tvilar eg på det plutselig skal fungere fint igjen no. Så det blir vel akkurat dei same feila som sist denne gangen og.

Sjølv om eg har ein god del datakunnskap forstår eg null og niks av kva som er feil med denne maskina når ikkje Komplett finn noke feil.

Så er det noken som har noken forslag til kva i svarte som feilar denne maskina?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eg kan ikkje heilt forstå at det kan vere drivar eller IRQ problem sidan problemet plutselig dukka opp slik.

Personlig trur eg det er hovedkortet eller (som foreslått) minnet som klikkar heilt, så eg forstår ikkje heilt at Komplett testar det OK.

Og ikkje kan eg forstå heilt at andre komponentar plutselig skal begynne å lage slike problem heller. Men eg har gitt han beskjed om å starte maskina igjen med kun det absolutt nødvendige når han ein gang får tid til å sjå på maskina igjen. Og så kople til / sette inn litt etter litt etterpå om alt går bra.

 

BIOS har han resetta fleire gangar allereide.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...