Gå til innhold

Gaza - Kan trestatsløysing vere aktuelt?


Anbefalte innlegg

Oslo-prosessen har vore død i mange år, og etter at Hamas har styrt Gaza låg ein i utgangspunktet kanskje nærmare ei trestatsløysing på konflikten enn ei tostatsløysing. Israel trekte seg ut frå Gaza i 2005, men har vore under israelsk (og egyptisk) blokade sidan då. Blokaden, dårlege levekår, angrep med påfølgjande hevnangrep frå Israel med jamne mellomrom og oppsamla hat frå tiår med konflikt mellom Israel og palestinarane (inkludert busetjingspolitikken på Vestbreidda) gjer at terrororganisasjonar som Hamas har støtte, og om Hamas skulle bli knust er det sannsynleg at andre liknande grupper vil komme i staden. Israel har på si side ingen interesser i Gaza i dag anna enn å beskytte Israel og å halde terrororganisasjonar som Hamas nede.

Etter udåden frå Hamas må ein tenkje nytt. Ei tostatsløysing har vore død lenge, og vil truleg bli det i lang tid framover så lenge høgrevridde israelske regjeringar har styringa og busetjingspolitikken på Vestbreidda får halde fram. Ein palestinsk stat som består av Vestbreidda og Gaza vil aldri kunne henge saman. Fram til 1967 var Gaza okkupert av Egypt. Israel tok også Sinai-området etter krigen i 1967, men området vart gitt tilbake til Egypt i samband med fredsavtale i 1979. Israel har i dag eit godt forhold til Egypt.

Kan løysinga vere at området blir overført til Egypt så snart Israel er ferdige med å rydde opp etter Hamas, og vil Israel og/eller Egypt kunne godta dette? Egypt vil då stå ansvarleg for evt. angrep mot Israel, og vil samstundes vere ein garanti mot at Israel ikkje kan angripe Gaza utan å komme i konflikt med Egypt. Blokaden må avsluttast, Hamas og andre terrororganisasjonar må haldast nede og folket må få betre levekår og trua tilbake på ei framtid som fullverdige egyptiske statsborgarar. Området må haldast under fast kontroll, men befolkninga vil ha større tiltru til arabarar enn til israelarar med bakgrunn i fleire tiår med konflikt.

Kunne dette i så fall også gjere det mindre komplisert å få ei løysing på Vestbreidda (einstatsløysing, tostatsløysing, evt. overføring til Jordan), og dermed ei varig løysing på den palestinsk-israelske konflikten?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...