Gå til innhold

Hvorfor er offentlig sektor så stor i Norge og kunne den vært langt mindre?


Anbefalte innlegg

Omorganisering i det offentlige er litt som logo-endring i andre bedrifter.
Det brukes mykje pengar nesten berre for å vise at leiinga har handlekraft til å prøve noko nytt. Felles for begge delar er at det blir mykje støy og styr i organisasjonen i ei periode fram til at folk har vendt seg til det nye og då blir det eigentleg ganske likt som før.

Det som ofte er største utfordringa i det offentlege er at det alltid blir jobba med effektivisering og innsparing sidan budsjetta blir redusert eller ikkje auker i takt med kostnadsuken. Samtidig så får man stadig nye oppgåver som skal løysast, av og til med tilhøyrande ferske penger inn.
Så då driv ein å omorganiserer for å få mest mogleg ut av pengane, men med det problemet at det er vanskeleg å gjere noko med dei tilsette, så dei får stort sett fortsette i same eller liknande stilling. Dersom det er ein mellomleder som har blitt fråtatt sine leiaroppgåver så har vedkomamnde rett til å behalde leiarlønna, så lønnskostnadane blir i svært lite grad endra av omorganisering.

Det sagt så er det offentlege blitt langt meir profesjonalisert dei siste åra. Det mellom anna ikkje lenger slik at dersom du får deg jobb i staten eller i banken så har du ein trygg jobb livet ut, også i det offentlege er det i dag mogleg å miste jobben etter ei omorganisering, noko som for relativt få år sidan nesten aldri skjedde.

 

Strengt tatt så er nok største problemet med at den overordna folkevalde styringa ikkje er samstemt i korleis dei ulike etatane og einingane skal driftast og organiserast. Då får vi slike utfall der vi har ei regjering som vil slå saman kommuner og fylker over ein lav sko til stor investeringskostnad og litt varierande suksess, så får vi regjeringsskifte og ein startar å splitte oppigjen kommuner og fylker med dertil høg startkostnad ettersom det må byggast to heilt nye organisasjonar.

Det blir litt ulempen med eit folkestyre, ulike parti har ulike syn på korleis ting bør gjerast. Og før endringa til den gamle regjeringa har fått fungere lenge nok til bære frukter så kjem det inn ei ny regjering som vil prøve noko heilt anna.

Sånn sett er ikkje problemstillinga unik for det offentlige, for det blir fort slik også i andre verksemder om det er mykje utbytting i toppleiinga. Det som er unikt for det offentlege er nok det at hyppig utskifting av toppleiinga er regelen snarare enn unntaket.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...