Gå til innhold

Jurister med D-snitt


Gjest 949cc...4a2

Anbefalte innlegg

Gjest 949cc...4a2

Jeg vurderer å slutte på studiet, ev. ta opp fag, ev. skyte meg i hodet. Er det noen jurister som vil innrømme at de har dårlig snitt med god jobb? I så fall: Hvor jobber dere/hva jobber dere med? Utfordringer med å få jobb like etter studiet? Omtrentlig snitt? Omtrentlig lønn?

Anonymous poster hash: 949cc...4a2

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det finnes heilt sikkert juristar med E i snitt også.

Kor lett det er å få seg jobb og kva du får i lønn vil være veldig avhengig av kva slags jobbar du søker på. Som jurist kan du jobbe med veldig mykje forskjellig, alt frå advokatfullmektig med mål om å bli advokat til saksbehandling på eit offentleg kontor.

Gode karakterar er ein fordel når du skal ha fyrste jobben, men det er ikkje det einaste som betyr noko. Det at du har bestått og har vitnemål på at du er juristutdanna vil opne mange jobbmuligheiter. Som ferdigutdanna jurist vil du i dei fleste tilfeller utkonkurrere søkarar med juridisk årsstudium sjølv om dei har gode karakterar.

Om du drøymer om å bli advokat så er det litt verre med dårlege karakterar ettersom konkurransen om dei beste jobbane er stor, men du har mange andre jobbmuligheiter også. Så om einaste grunnen til at du utdannar deg til jurist er at du ikkje ser for deg noko anna enn å prosedere i retten så bør du kanskje vurdere å ta ei anna utdanning, men om du også kan trivest med andre juridiske arbeidsoppgåver som saksbehandling, personalrådgiving, og andre kontorjobbar som krever systematikk så er eg heilt sikker på at du finn deg ein ganske bra jobb.

 

Og for å være litt ekstra motiverande på slutten. For å få ein god jobb så må/bør du gjere det bra på fleire felt enn berre karakterane. Du kan ha A i snitt og likevel slite med å få deg jobb om du ikkje har dei sosiale antenne, samarbeidsviljen, motivasjonen og ikkje minst emnen til å oversette teoretisk kunnskap til praksis. 
Du kjem til å få jobbtilbod på bakgrunn av den totale pakken du kan levere, ikkje berre karakterane.

Fyrste jobben kan alltid være litt ekstra utfordrande å få ettersom du då ofte ikkje har så mykje relevant erfaring å vise til utanom karakterane, men så fort du har fått deg litt yrkeserfaring så kan du lettare få deg gode jobbar til tross for dårlege karakterar. Når du kjem ut i yrkeslivet så vil du være vel så attraktiv om du kan vise til høg arbeidskapasitet, god kvalitet på arbeidet ditt, at bidreg positivt til arbeidsmiljøet (slik at dei andre fagleg dyktige kollegaene dine fortsetter å jobbe i firmaet), og ikkje minst at du er ein arbeidstakar som skapar større verdiar enn du kostar bedrifta.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...