Gå til innhold

Ny gaming-PC, 10-20k, i5, 3050-3070

Anbefalte innlegg

Fyrte i gang Elden Ring i dag, og i5-4690K, GTX 970-komboen viser at dei er 8 år gamle, så det meldte seg eit akutt behov for ny PC. Eg spelar ikkje det heftigaste, men vil jo at ting skal sjå bra ut, helst i minst 60 FPS. 1080p-1440 er stort sett fint, men 4k på LG-TV-en er jo ikkje dumt heller av og til. Kjøper for å ha ei stund, ikkje kun for Elden Ring.

Først: Kva kan eg ta med meg frå den gamle PC-en, om noko? CPU, HK, RAM og GPU utgår, men kva med resten?

  • Crucial SATA 500GB SSD - Klar over at PCIE er raskare, men om det ikkje påverkar yting i spel så klarar eg meg fint med denne. Driv lite med overføring av store filer. Kan ev. oppgradere seinare ved behov.
  • EVGA SuperNova 750 G2 80+ Gold: Kan denne brukast på nytt?
  • Kabinett og Windows 10/11 kan eg bruke om igjen om delane passar i kabinettet.

Ser for meg 10-20 000,- for PC-en, avhengig av kor mykje eg får brukt om igjen av den gamle. Altså rundt 20k om eg må kjøpe alt nytt. Eg har rota litt rundt i diverse trådar og foreløpig tenkt noko sånt:

Prisane er låg-høg av same serie på Komplett.

  • HK: B660 D4: 1500-3000,-
  • CPU: i5 12400F: 2000,-
  • Kjøler: 500-1000,-
  • RAM: Kingston FURY Beast DDR4 3200MHz 16GB: 1000,-
  • GPU alt 1: 3050: 4000-5000,-
  • GPU alt 2: 3060: 6600-8600,-
  • GPU alt 3: 3070: 10800-11900,-

Potensielle tillegg:

  • Kabinett: 800,-
  • SSD: 2000,-
  • PSU: 1000,-
  • Windows 11: 1500,-

Kva kjølar bør eg kjøpe? Cooler Master Hyper 212 EVO V2?

Er minnet kurant? Ev. andre som er anbefalt?

Kva utslag gjer det å legge på ein tusenlapp eller to til CPU?

Det store spørsmålet er kanskje GPU. Korleis står dei ulike modellane opp mot i5 12400F mtp. flaskehals på enten GPU eller CPU? Det er mange ulike modellar av same serie, er det noko modell eller merke som er verdt å velge eller berre ta det ein finn til best pris?

Er det så vanskeleg å finne GPU for tida? Ser f.eks. at Komplett har fleire 3060-modellar på lager.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Etter å ha lese ein heil del, mest om GPU, så slo eg til på følgjande frå Dustin:

  • EVGA GeForce RTX 3070 XC3 Ultra (Lhr) - 8995,-
  • Intel Core i5 12400F 2.5GHz - 1990,-
  • ASUS Rog STRIX B660-a Gaming Wifi D4 DDR4 S-1700 ATX - 2655,-
  • Kingston FURY Beast 16GB 3,200MHz DDR4 SDRAM DIMM 288-pin - 834,-
  • Arctic Cooling Freezer 34 eSports Duo - 469,-

Total: 14 943 kr

Det er 60 dagar ope kjøp, om det skulle dukke opp noko.

GPU-prisen verka grei. 3070 ligg ofte over 10k og det er ofte fleire Ti. Eg valgte ikkje Ti sidan forskjellen i yting er liten, Ti trekk meir straum, blir varmare og støyer meir. På diverse fora verkar folk nøgd med EVGA-kortene.

Hovedkortet har sikkert meir greier enn nødvendig, men det var på lager. Ville uansett ha Wifi.

Planen då blir å behalde SSD, PSU, kabinett og Windows. Om det fungerer så synest eg det er ganske bra å kunne bruke 8 år gamle delar i ein ny PC.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar
Zeph skrev (På 26.2.2022 den 9.52):

Kan anbefale å ikke bruke samme PSU som du hadde fra tidligere. Vil og anbefale deg å beholde SSDen, men kjøpe en ny som du bruker som C-disk. Elden ring er forresten elendig optimalisert til PC for øyeblikket:

Endret av Sebbz
Lenke til kommentar
Sebbz skrev (10 timer siden):

Kan anbefale å ikke bruke samme PSU som du hadde fra tidligere. Vil og anbefale deg å beholde SSDen, men kjøpe en ny som du bruker som C-disk. Elden ring er forresten elendig optimalisert til PC for øyeblikket:

Klar over at ER treng litt patching.

Kvifor anbefalar du ny PSU og C-disk?

Edit: Kan vel tenke meg fram til poenget med PSU mtp. alder og ein liten risiko for at den havarerer og tar med seg anna maskinvare. Forslag til ny i så fall? Takk for innspel!

Edit2: Denne ser ut til å vere positivt omtalt: Corsair RM750x

Ser ut som det er nyaste versjon.

Eller denne til litt finare pris: https://www.netonnet.no/art/datakomponenter/stromforsyning/modular/corsair-rm650x-v3-650w-2021/1018291.11142/

Edit3: Kjøpte RM650x og tok samtidig med ein Samsung 970 EVO Plus 1TB. Då vart det kun kabinettet som blir gjenbrukt. Får håpe alt passar no då. 😛

Dvs. det då ser sånn ut:

  • EVGA GeForce RTX 3070 XC3 Ultra (Lhr) - 8995,-
  • Intel Core i5 12400F 2.5GHz - 1990,-
  • ASUS Rog STRIX B660-a Gaming Wifi D4 DDR4 S-1700 ATX - 2655,-
  • Kingston FURY Beast 16GB 3,200MHz DDR4 SDRAM DIMM 288-pin - 834,-
  • Samsung SSD 970 EVO PLUS 1TB - 1290,- 
  • Corsair RM650x V3 650W - 799,-
  • Arctic Cooling Freezer 34 eSports Duo - 469,-
  • be quiet! SilentWings 3 140mm PWM x3 - 747,-

Totalt: 17 779,- 

Har fått i hus nokre vifter, SSD og PSU. Resten er på vei.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Då var eg i mål. Einaste det viste seg at eg mangla var ei bakplate for LGA1700-sokkelen som Arctic-kjølaren ikkje hadde. Komplett, Netonnet og Digital Impuls hadde ikkje, så eg var førebudd på å bestille, men kom tilfeldigvis innom Prisguiden der Deal.no dukka opp med ein stykk på lager på Furuset, så eg fekk montert alt i dag.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...